Hopp til innhold
Bybanen langs bryggen
Illustrasjon: Michael Kloos planning and heritage consultancy

Bybanen i Bergen

Oppsummert

Det er flertall i Bregen bystyre for å legge bybanen til Åsane over Bryggen. Avtalen innebærer at det ikke skal være kjøreledninger over Bryggen, der banen skal ha batteridrift.

  • Byrådet utset tunnelutgreiinga

    Forprosjektet for tunnelutgreiinga for Bybanen til Åsane blir ikkje klar før sommaren som planlagt.

    – Vi har jobba på spreng, men vil trenge litt meir tid til over sommaren, seier byutviklingsbyråd i Bergen, Christine Kahrs (H), til BA.

    Ho seier det blir jobba med «eit veldig konstruktivt spor, med fleire farbare løysingar» for å gi ei god utgreiing med høg tillit i befolkninga.

    – Byrådet har ikkje levert eitt fornuftig ord om korleis denne bybanetunnelen skal bli utgreidd. Dei skal ha éin ting: Dei er gode på trenering, meiner Thor Haakon Bakke (MDG).

    Byråd for byutvikling i Bergen, Christine Kahrs fra Høyre.
    Foto: Oddgeir Øystese / NRK
  • Bybanen: Plandirektøren får ikkje lage tunnelutgreiinga

    Byrådet i Bergen har avgjort at leiar Terje Wanvik i plan- og bygningsetaten ikkje får ansvar for å lage den nye utgreiinga om å bygge Bybanen i tunnel i staden for foran Bryggen.

    Det skriv BT.

    Byrådet har dermed gjort som gruppeleiar Trond Tystad i Bergenslisten tidlegare har kravd.

    Tystad grunngav det med at Wanvik har hatt eit veldig tydeleg syn på at Bybanen bør byggast foran Bryggen.

    Byutviklingsbyråd Christine Kahrs (H) stadfestar at ho «har høyrd på Tystad», men avviser at avgjerda er ein kritikk mot etatleiinga.

    Byrådet skal i staden leia tunnelutgreiinga sjølv, og skriv i sakspapira at dei derfor må rekruttere, leige eller hente inn kompetanse og kapasitet som dei manglar på fleire område.

    Forprosjekt skal fastsette éin tunneltrasé, og i løpet av hausten blir det laga kostnadsanslag for denne traséen. Heile utgreiinga skal vere ferdig for politisk behandling hausten 2025.

    Tarje Wanvik
    Foto: Leif Rune Løland / NRK
  • Havarikommisjonen varslet etter bybaneulykke

    Havarikommisjonen er varslet etter ulykken der en person omkom etter å ha blitt påkjørt av en bybanevogn i Bergen sentrum. Det melder politiet.

    Personen kjørte elsparkesykkel da vedkommende ble påkjørt av en bybanevogn.

    Havarikommisjonen vil ikke rykke ut til ulykkesstedet, ifølge politiet. Dette fordi ulykken er godt dokumentert på video, og at det var mange vitner til ulykken.

  • Person omkom etter å ha blitt påkjørt av Bybanen i Bergen

    En person på elsparkesykkel ble påkjørt av Bybanen og ble en stund liggende under fremre del av banen, melder Vest politidistrikt. Ulykken har skjedd i Bergen sentrum. Personen er kommet løs og blir behandlet av lege og ambulansepersonell.

    Personen omkom som følge av skadene vedkommende ble påført i ulykken, melder politiet klokken 07.52.

    Det er driftsstans på hele linje 1 som følge av ulykken, og denne vil vare utover, melder Skyss.

    Bybanen kjørte på syklist i Bergen

    Mann i 30-åra omkom etter å ha blitt påkøyrd av Bybanen

    Måndag morgon døydde ein mann i 30-åra etter å ha blitt påkøyrd av Bybanen i Bergen sentrum. Både føraren av Bybanen og avdøde har status som mistenkt.

  • Byrådet ber om innspel til bybane-utgreiing

    Fleirtalet i bystyret i Bergen ønsker ei ny tunnelutgreiing for bybanen i sentrum. No inviterer utviklingsbyråd Christine Kahrs til innspelsmøte om utgreiinga 16. april, der ho vil orientere om arbeidet og prosessen vidare.

    Målet er å vere ferdig med utgreiinga i 2025.

    På møtet kan folk «kome med sine innspel til kva tilleggsutgreiinga skal innehalde, og ulike perspektiv på kva som bør bli greia ut», skriv kommunen på si nettside.

    Nyleg uttala samferdselsministeren at det lokalt er skapt uvisse om bybanen i det siste. Det er knytt spenning til om bybanen vil få pengar i nasjonal transportplan som blir lagd fram fredag.