Hopp til innhold

Her er dei «snillaste» straumprisane i landet

Straumbruken i Lærdal har stabilisert seg etter rapportar om sløsing. Fleire meiner fastprisavtalen i bygda bør stå modell for ein nasjonal makspris.

Lærdal

LÆRDAL, SOGN: Her kostar straumen 32 øre per kilowattime. Alltid.

Foto: Sognefjord Adventure

Etter det Sogn Avis karakteriserer som «heite diskusjonar i kommunestyret» har Lærdal vedtatt ei ny straumstøtteordning som gir innbyggarane ein fastpris på 32 øre per kilowattime (pluss moms).

Lærdal har tilgang på store mengder konsesjonskraft, og har i «god, sosialdemokratisk ånd» (som Ap-ordføraren seier) vedtatt at denne skal komme eigne innbyggarar til gode.

Resultatet er landets «snillaste» straumprisar. Men også debatt om prisnivået oppmuntrar til «sløsing», slik kommunestyret fekk signal om i fjor.

Eitt år seinare viser totaloversikta for 2023 at lærdølane fekk kontroll på straumbruken.

Vi såg ein auke i forbruket tidleg på året, men dette normaliserte seg etter kvart, seier Knut Skår i Okken kraft, som har ansvar for fastprisavtalen i kommunen.

Jølstra kraftverk

Statsminister Jonas Gahr Støre (Ap) har uttalt at han «forstår at makspris kan verke forlokkande», men at det kan ha «utilsikta konsekvensar». Andre har gjort eit poeng av at maksprisar svekker insentiva for straumsparing.

Foto: Alf Vidar Snæland

Makspris fører til auka forbruk

«Viss regjeringa innfører makspris på straum, vil det føre til auka forbruk», skriv Naturvernforbundet.

Lærdølane har tilnærma same forbruk som før fastprisavtalen blei innført, kontrar Lærdal-ordførar Audun Mo (Ap).

Kommunestyrerepresentant i Lærdal, Sæmund Stokstad (SV), meiner Lærdal-eksempelet svekker argumentasjonen mot fastprisavtalar.

Det ikkje er noko som tilseier at lærdølane brukar meir straum enn andre. Eg opplever at lærdølane, som alle andre, tek ansvar for å redusera straumforbruket, seier han.

Sæmund Stokstad

Sæmund Stokstad etterlyser ei ordning der alle nordmenn får tilgang til faste og langsiktige straumprisar. – Til dømes gjennom eit statleg straumselskap som kjøpte opp straumen og selde det til forbrukarane. På denne måten kunne vi sikra føreseielegheita for alle i Noreg.

Foto: Morten Ellingsen

Kommunestyrekollega Viktor Yttri (Sp) seier straum er «ein basisvare, og ikkje noko som bør vere på børs».

Folk er klar over at straum er ein knapp faktor, og brukar ikkje meir enn naudsynt, uansett pris, seier han.

På Stortinget seier KrF og Raudt at Lærdal-avtalen bør stå modell for ei større, nasjonal ordning.

Kjell Ingolf Ropstad, KrF
Cicilie Sigrid Andersen / NRK

Kjell Ingolf Ropstad, KrF

– Erfaringa frå Lærdal viser tydeleg at folk ikkje sløser med straumen sjølv om prisen er låg. Eg synest ikkje det er overraskande. Folk treng ei viss mengde straum til lys og varme uavhengig av prisen. Og forbrukarane får jo trass alt høgare straumrekning viss forbruket er høgt. Kven vil ha høgare straumrekningar enn nødvendig? Så nå er det på høg tid at regjeringa snarast innfører ei straumstøtte med 100 prosent kompensasjon for prisar over 50 øre. Det er framleis over den historiske straumprisen, men det vil gi einslege minstepensjonistar og barnefamiliar med dårleg råd ei mykje lågare straumrekning enn i dag.

Sofie Marhaug, Raudt
Terje Pedersen / NTB

Sofie Marhaug, Raudt

– Straum er nødvendig, ikkje først og fremst eit luksusforbruk. Derfor er det grensar for kor mykje folk med vanleg og dårleg råd kan spare viss dei skal ha lys i lampa. Det beste vi kan gjere viss vi er redde for sløseri, er å investere meir i Enøk til folk flest. Så vil Raudt også ha ein høgare pris for veldig høgt forbruk, eit toprissystem. I praksis har jo også straumstøtta det; det er ei øvre grense. Eg heiar på Lærdal. Raudt vil jobbe for at fleire kommunar tar kontroll over krafta, og tar ho av børs for å tilby gode avtalar til innbyggarane som i større grad speglar dei faktiske kostnadene på den norske straumen.

Jonny Liland (Ap), ordførar i Sirdal kommune
Svein Sundsdal / NRK

Jonny Liland (Ap), ordførar i Sirdal kommune

– Vi sel ikkje konsesjonskraft til innbyggarane. Tidlegare har Sirdal hatt ei slik ordning, da viste tala at det ikkje førte til høgare straumforbruk i hushalda. Vi tilbyr nå næringsdrivande fastprisavtalar på straum til 25 øre, nyleg sat ned frå 50 øre KW/h. Det er vanskeleg å slå fast kva påverknad dette har på intensivane til næringslivet for straumsparing, men alminneleg forbruk ser ikkje ut til å vere unaturleg samanlikna med tilsvarande kommunar.

Jarand Felland (Sp), ordførar i Tokke kommune
Siw Borgen

Jarand Felland (Sp), ordførar i Tokke kommune

– Vi har ein straumpris til alle som er abonnentar i kommunen på 39 øre per kWh. I tillegg kjem moms og avgifter. Om dette reduserer insentiv til straumsparing, er vanskeleg å svare på. Men i kommunen er vi veldig oppteken av effektiv straumbruk for våre bygg. Vidare har eg snakka med ein røyrleggar i kommunen som har montert ganske mange varmepumper i fjor.

FJaD0c7KZmg
NTB

Hans Blattmann (Ap), ordførar i Bykle kommune

– Vi har ikkje noka ordning med sal av konsesjonskraft til eigne innbyggarar eller bedrifter på nåverande tidspunkt. Kommunestyret har bede om ei sak knytt til ei slik løysing, men før denne saka fremjast så ventar vi på stortingsmeldinga om det nye inntektssystemet. Inntektene frå sal av konsesjonskraft finansierer gode kommunale tenester, og eit bortfall av inntekter til kommunen kan da svekke desse tenestene. Ei eventuell ordning med moglegheit for kjøp av konsesjonskraft trur eg kanskje ikkje svekker insentiv for straumsparing.

Linda Neset
Oddgeir Øystese / NRK

Linda Neset (Solrenningslista), ordførar i Modalen kommune

– Vi har ei nettleige på 58 øre/kwh og ein straumpris på 21 øre/kwh, pluss moms. Nettleiga er høg på grunn av få abonnentar. Tilbakemeldinga frå kraftleverandøren i Modalen når det gjeld forbruk over år, er at det finst ingen indikasjonar på sløsing.

Sæmund Stokstad
Morten Ellingsen / NMBU

Sæmund Stokstad, Lærdal SV

– Eg opplever at lærdølane, som befolkninga elles, tek ansvar for å redusera straumforbruket og er medvitne dei klimautfordringane me står i. Slik ordninga er no, er insentiva for lærdølar med fastpris gode. Dei som brukar mindre straum får ei lågare straumrekning. Slik bør det vera. Samstundes meiner eg at straumprisane det siste året syner at ei marknadsstyrt straum-ordning ikkje er berekraftig for innbyggjarane i Noreg.

– Straumkundane responderer på prisane

Kor «elastisk» forbruksmønsteret er – altså i kva grad prisane er eigna til å påverke bruken – har vore gjenstand for ulike rapportar sidan den såkalla straumpriskrisa toppa seg i 2022.

«Prissjokket har ikkje ført til mindre straumforbruk», skrev Klassekampen då prisane byrja å stige i august 2022.

Sidan konkluderte Statnett og Statistisk sentralbyrå med at «nedgangen i forbruket tyder på at straumkundane responderer på prisane».

I fjor betalte innbyggarane i Lærdal 50 øre per kilowattime, men fekk framleis straumstøtte som om dei betalte vanleg spotpris.

Under gitte omstende kunne lærdølane derfor tene pengar på å sette på varmekablane i oppkøyrselen.

Den nye ordninga fjernar denne moglegheita ved at straumstøtta eventuelt blir trekt frå.

Dette er viktig. Fordi det gjer at ingen kan tena pengar på å bruka straum, seier Stokstad (SV).

Les også Høgare rop om makspris på straum

Zakariasdammen er en demning som demmer opp Zakariasvatnet i Tafjord Møre og Romsdal. Overløp juli 2022

Andre «kraftkommunar» som sponsar eigne innbyggarar med rimelege fastprisavtalar er Tokke (39 øre per kWh) og Modalen.

I tillegg finst ulike typar lokale straumstøtteordningar i Aurland, Luster, Suldal, Sirdal, Bykle, Valle, Åseral, Vinje og Kvinesdal.

Vik-ordførar Roy Egil Stadheim (Ap) meiner det er prinsipielt gale å operere med kommunale fastprisavtalar, og at dette i så fall må vere eit statleg ansvar.

Deira kommune, som ligg på sørsida av Sognefjorden, sel konsesjonskrafta og bruker inntektene på helse- og omsorgstenester.

– Eg er overtydd om at løysinga vår står seg betre over tid, seier han.

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 03 0,7 kr
Dyrest kl. 08 1,48 kr

Den norske marknaden for straum fungerer stort sett bra

Straumprisutvalet konkluderte i oktober med at den norske marknaden for straum i all hovudsak fungerer bra, men at Statnett kan vere med å styrke likviditeten i den finansielle kraftmarknaden.

Ifølge Straumprisutvalet vil dette gjere det enklare for straumleverandørar å tilby fastpriskontraktar til hushald og små og mellomstore bedrifter.

Måndag denne veka fekk Statnett marsjordre frå regjeringa om å starte nettopp ei slik pilotordning.

– Vi vil ha betre sikringsordningar for hushald og næringsliv i straummarknaden, sa energiminister Terje Aasland.

Dette grepet skal bidra til det.

Les også Regjeringa med marsjordre til Statkraft

Rånåsfoss kraftverk, eid av Akershus Energi.

Les også Straumprisutvalet: – Skjønnar godt at mange vart forbanna

B_OJCF-91wM