Hopp til innhold

Utset festival etter å ha droppa kunstnar frå Israel

Bergen Fringe Festival vart skulda for diskriminering då dei droppa kunstnaren Ori Lenkinski. Årsak: ho bur i Israel.

Ori Lenkinski

Festivalen har fått mykje kritikk for å avlyse framsyninga frå den israelske kunstnaren Ori Lenkinski.

Foto: Privat

Kunstnaren Ori Lenkinski og teaterstykket hennar skulle eigentleg bli framført under den internasjonale festivalen for scenekunst i Bergen i juni.

Men så trekte styret for Bergen Fringe Festival invitasjonen. Årsaka var at dei hadde funne ut at ho bur i Israel.

Etter at NRK onsdag tok kontakt med arrangøren, er det klart at styret utset årets festival på ubestemt tid.

«Vi beklagar at ei slik prinsipiell avgjerd går ut over enkeltkunstnarar og kompani. Vi beklagar sterkt at kommunikasjonen rundt dette har vore uheldig, og har kunna misforståast. På bakgrunn av sakas karakter og omfang tar vi konsekvensane av dette, og utset årets festival på ubestemt tid»

Det skriv eit samla styre i ein e-post til NRK.

– Eg er ikkje glad over å se denne utviklinga, at festivalen har blitt utsett. Mange individ har jobba i månadsvis for å forbereda festivalen. Artistar har blant anna planlagt reisa og takka nei til anna arbeid, seier Ori Lenkinski til NRK.

– Eg gleder meg ikkje over å sjå alt det gå i vasken. Eg følar meg takksam over at det kjem merksemd rundt situasjonen og håpar at det vil føre til noko positivt, legg ho til.

Kan klage på diskriminering

Likestillings- og diskrimineringsombodet seier til NRK at saka reiser spørsmål om diskriminering på grunn av etnisitet.

– Å markere eit politisk syn, til dømes på konflikten på Gaza, er sjølvsagt lov, seier fagdirektør i ombodet, Margrethe Søbstad.

Men understrekar:

– Dette gir ikkje unntak frå forbodet mot diskriminering og trakassering av enkeltpersonar på grunn av deira nasjonale opphav eller tilknyting til bestemte land.

Ombodet seier kunstnaren kan klage inn avslaget for Diskrimineringsnemnda om ho ønsker det.

Beklagar kanselleringa

Festivalen blei arrangert for første gong i 2017.

I e-posten til NRK beklagar festivalleiinga at medarbeidarar, kunstnarar og kompani blir påverka av avgjerda.

Styret skriv også at dei tek «sterk avstand frå all rasisme, antisemittisme, jødehat, og diskriminering av alle slag».

Men:

– På grunn av Israels pågåande krigshandlingar, ønsker vi ikkje å
programmere kunstnarar støtta av den israelske stat til vår festival, skriv dei vidare.

Før festivalen blei utsett var det Dagen som omtala usemja mellom Ori Lenkinski og Bergen Fringe Festival.

Lapper med bokstaver på en grønn bygning som lyder Bergen Fringe Festival.

Festivalen har vore arrangert sidan 2017, her frå Cornerteateret i Bergen i 2020.

Foto: Cornerteateret

Viste til pengestøtte ho ikkje får

Lenkinski skulle ha komme til den internasjonale festivalen for scenekunst for å vise fram teaterstykket «Birth Preparation Course» i juni.

Men 8. april fekk kunstnaren ein e-post frå arrangøren om at dei «føler det nødvendig å bryte alle band til Israel og det pågåande åtaket på folket i Palestina».

«Først etter å ha sendt intensjonsavtalen, oppfatta eg kor du bur», skriv festivalsjef Maja B. Sundt i starten av e-posten.

Derfor trekte eit samstemt styre i Bergen Fringe Festival invitasjonen tilbake.

I ein seinare e-post peikar Sundt på at Lenkinski ikkje er ein offentleg kritikar av det israelske «regimet», og at ho får økonomisk støtte frå den israelske ambassaden.

Avviser at dei diskriminerer

Kunstnaren stadfestar overfor NRK at ho søkte støtte frå den israelske ambassaden, men at ho ikkje fekk noko i år.

Dermed måtte ho ha fått støtte frå andre, eller dekka utgiftene sjølv, noko ho vurderte å gjere.

– At Lenkinski ikkje fekk støtte er for oss ukjent fram til i dag, skriv festivalstyret til NRK.

– Hadde det vore greitt dersom ho betalte sjølv eller fekk støtte av andre
statar eller organisasjonar?

– Ja, på vårt internasjonale program var to av tre kunstnarar jødiske. Saka
gjeld berre støtte frå den israelske stat, svarar styret i Bergen Fringe Festival.

Dei held fast på at dei ikkje driv med diskriminering på grunnlag av etnisitet.

– Vi tar eit standpunkt mot dei pågåande krigshandlingane. Dette har diverre gått ut over ein enkeltkunstnar, og det har vi beklaga overfor Lenkinski, skriv styret.

Viste til pengestøtte ho ikkje får

Kunstnaren sjølv, Ori Lenkinski (42), opplyser til NRK at ho har både kanadisk og israelsk statsborgarskap frå fødselen av. Ho har delvis vakse opp i Canada og USA, og budd i Israel dei siste 16 åra.

Ori Lenkinski

Ori Lenkinski er både kanadisk og israelsk statsborgar.

Foto: Laurent Burst

På kvar side av slekta hennar er det både folk som overlevde og som omkom under Holocaust. Ho er utdanna dansar og har også jobba mykje i teaterbransjen og ein del i israelsk presse som journalist.

Førestillinga «Birth Preparation Course» ho skulle ha vist i Noreg, handlar om nettopp det å førebu seg på ein fødsel.

– Det handlar ikkje om Gaza-krigen, men er eit middel for å formidle informasjon som eg føler manglar i det offentlege om fødselsprosessen og kvinnekroppen, seier Lenkinski til NRK.

Eigentleg skulle ho ha opptredd under fjorårets Bergen Fringe Festival, men fekk ikkje høve til å reise likevel.

Så fekk ho stadfesta at ho også var invitert i år.

– Eg var oppglødd. Eg var så skuffa for at eg ikkje kom meg til Bergen i fjor, og gleda meg veldig til å besøke Noreg og få ein smak av norsk teater, seier Lenkinski.

Men så kom ei kontramelding frå festivalen.

Lenkinski har lagt ut e-post-korrespondansen med festivalsjefen, som skjer på engelsk, på si nettside.

Festivalen dekker i liten grad reise og opphald for kunstnarar.

Lenkinski søkte også støtte frå ambassaden i fjor, og kunne då fått ein mindre sum, hadde ho reist.

Ho stiller spørsmål ved kvifor ein slik støtte skulle ha noko å seie, og viser til festivalen i eit offisielt brev i fjor skal ha oppmoda kunstnaren til å søke pengestøtte frå nettopp ambassadar og liknande.

Får kritikk frå fleire

Saka har fått fleire til å reagere og stille spørsmål om diskriminering, kansellering og offentleg støtte til festivalen.

– Eg reagerer sterkt på at nokon som er invitert og har takka ja, i etterkant blir kansellert fordi ho er frå Israel, seier Silje Hjemdal, Frps kulturpolitiske talsperson på Stortinget, til NRK.

– Dette er veldig uheldig i ei tid der ein ser aukande antisemittisme og hat mot israelarar, legg Hjemdal til.

Bergen i sol

Bergen Fringe Festival skulle arrangerast i Bergen i juni.

Foto: Simon Skjelvik Brandseth / NRK

No ber ho kultur- og likestillingsminister Lubna Jaffery (Ap) om å komme på bana i saka, gjennom eit skriftleg spørsmål til statsråden.

– Som minister for likestilling og diskriminering bør ho seie noko om kva ho tenker: Er det greitt å diskriminere nokon på bakgrunn av nasjonalitet, religion eller etnisitet, spør Hjemdal.

I eit svar til NRK sier Jaffery at dei veit at mange i kulturfeltet er engasjerte i det som skjer i verda rundt seg og er flinke til å bruka ytringsfridommen. Ho meiner det er det Bergen Fringe Festival gjer no.

– Samtidig må ytringsfridommen skje innan lovfaste rammer, som til dømes diskrimineringsvernet. Eg kan ikkje ta stilling til om diskrimineringsforbodet er brote i denne saka, men ser at det uansett kan verka uheldig at ein enkelt kunstnar blir ekskludert på grunn av landet ho kjem frå, seier ho.

– Regjeringa meiner at boikott av israelske kunstnarar og kulturinstitusjonar ikkje vil bidra til å betra situasjonen for palestinarane, legg ho til.

Les heile svaret her:

Bergen kommune reagerer

Kulturbyråd Reidar Digranes (Sp) seier til Dagen at formuleringa i avslaget er «uheldig formulert», og at saka er i gråsonen når det gjeld retningslinjene for kommunal støtte til kulturaktørar.

– Når dei grunngjev med opphavsland, kan det minne meir om diskriminering, seier Digranes til avisa.

Til NRK seier byråden han er glad for at festivalstyret no beklagar.

Samstundes vonar han at festivalen faktisk kjem til å bli arrangert, all den tid den har fått offentleg støtte.

Også Subjekt-redaktør Danby Choi har uttala seg kritisk om saka til avisa, men han meiner det blir feil om politikarar blandar seg inn og trekker støtta til kulturarrangørar.

Danby Choi

Subjekt og Danby Choi har involvert seg i saka.

Foto: Robert Rønning / Robert Rønning / NRK