Hopp til innhold

Slik gjekk det å «tre» treet gjennom tunnelane: – Skader for sekssifra beløp

Juletreet er gåva frå Bergen til Newcastle. Men verken treet eller tunnelane kom uskadde frå transportetappen frå Voss.

Dei nederste greinene fekk litt hard behandling langs E16

LITT REDUSERT: Årets juletre til Newcastle kom litt forkomment fram til Bergen hamn etter å ha reve med seg og øydelagt utstyr i tunnelane på turen frå Voss.

Foto: Gerd Johanne Braadland / NRK

Vegvesenet vil krevje erstatning for skadane som blei gjort etter transporten av juletreet som skulle til Newcastle torsdag.

Å tre eit tre på denne storleiken gjennom tunnelane på E16 mellom Voss og Bergen viste seg utfordrande. NRK har fått ein video frå ein tipsar som viser korleis treet reiv med seg hinder langs vegen.

Det tradisjonelle juletreet som Bergen kvart år gir til venskapsbyen Newcastle, vart hogge i Voss og vart frakta derifrå til hamna i Bergen.

På vegen trefte treet skilt, lykter og utstyr. Både skilt ved vegarbeid og faste installasjonar langs E16 fekk kjenne på kvaliteten til ei tettvaksen, vestlandsk julegran.

Erstatningskravet for turen langs E16 kan bli sekssifra, melder avisa Bergens Tidende.

Tradisjonen tro sendes det hvert år et juletre fra Bergen til Newcastle. Men på trange vestlandsveier røsket treet med seg og ødela tunnel og utstyr langs veien.

Tradisjonen tro sendes det hvert år et juletre fra Bergen til Newcastle. Men på trange vestlandsveier røsket treet med seg og ødela tunnel og utstyr langs veien.

Det var Bergen Havneservice som stod for frakta.

Til avisa seier dagleg leiar Harald Skogheim at spesialtransporten var søkt om og godkjent. Men legg til at årets tre kanskje var større enn ein hadde trudd.

– Eg forstår jo at synet kunne virke skremmande, sjølvsagt. Men eit tre bevegar seg jo. Sjåføren har fortalt at han stoppa to gonger undervegs for å sikre treet, men det er jo også grenser for kor ein kan stoppe langs den vegen, seier Skogheim til BT.

Fleire stadar var vegen smal på grunn av vegarbeid.

– Ikkje noko stor sak

Teknisk byggeleiar Per Arne Blindheim i Statens vegvesen var ikkje veldig imponert over den høgtidelege frakta.

Men han seier at for Vegvesenet er dette ikkje noko stor sak, og at mykje allereie er rydda opp langs vegen.

– Det vert eit oppgjer for forsikringsselskapet, seier Blindheim.

Hardført juletre

På kaien i Bergen møtte ordførar i Bergen Linn Christin Engø opp for å sjå til julegåva frå vestlandsbyen.

Treet har synlege skader etter ferda langt E16, men Engø er optimist og meiner det blir flott til slutt. Trass frakteskadane.

Ordføraren har tru på at årets gåve framleis blir fin når den kjem fram.

BLIR BRA: Ordføraren håper på finvêr over Nordsjøen og trur treet blir flott når det kjem fram.

Foto: Gerd Johanne Braadland / NRK

I 2019 blei treet som Oslo kommune årleg sender til London, gjort narr av på sosiale medium. Til slutt slo flaue britar ring om Oslo-ordføraren etter kritikken.

Les også Norsk juletre i London får slakt: – Blodfattig

Norsk juletre på Trafalgar Square i London

– Turen frå Voss har jo allereie bevist at det er eit relativt hardført tre. Så eg håpar på greitt vêr over Nordsjøen og at treet kjem seg heilskinna fram til Newcastle, seier ho.

– Er treet finare enn treet i Lungegårdsvannet?

– Det vil eg ikkje uttale meg om før eg har sett det i all sin prakt, seier ho lurt.

Høgt i toppen er det klart for ei stjerne.
Foto: Gerd Johanne Braadland / NRK