Det var ein gong vi bygde katedralar til krafta.
I dag skaper ho meir splid enn samling.
Dette er historia om det norske kraft-mirakelet, og kor det byrja å butte.
Då lufta gjekk ut av krafteventyret
Val 2023: Før fekk krafta katedralar – no splittar ho landet
Året er 1892 og Gunnar Knudsen skriv brev til dei andre representantane på Stortinget.
Han viser til store framsteg «paa elektricitetens omraade» og ber kollegaene om å sjå det same som han:
At Noreg med sine nådegåver – 10 av de 27 største fossane i verden – kan bli ein leiande industrinasjon i verda.
Han heldt fram: «Vort land med sine utallige vandfald har betingelser for utvikling paa alle næringslivets omraader».
Men det var ein slange i paradis. Utanlandske «fossespekulantar» hadde alt byrja å snuse på norske vassdrag og freista bønder og grunneigarar med rask forteneste i byte mot «arvesølvet».
No var gode råd dyre, og Stortinget svarte med resolutt handling.
I løpet av få år var barrierane på plass som gjer at 90 prosent av vasskrafta – «juvelen i kraftsystemet» – framleis er på norske hender.
Det første kommunale elektrisitetsverket basert på vasskraft vart sett i drift i Hammerfest i 1891.
Hammeren kraftstasjon i Maridalen i Oslo er det eldste kraftverket i landet som framleis er i dagleg drift.
Vemork kraftverk var det største vasskraftverket i verda då det vart sett i drift på Rjukan i 1911.
Takka vere konsesjonslover og den såkalla heimfallsretten (1909) er 90 prosent av dei norske vasskraftressursane i offentleg eige.
Industripioneren Sam Eyde sikra seg rettar til utbygging i Telemark på slutten av 1800-talet.
Slik byrjar forteljinga om industrireisinga på byrjinga av 1900-talet, båra fram på skuldrene til framsynte embetsmenn, patriotiske politikarar og eit knippe industrisamfunn som snart vart pilegrimsmål for kraftsosialistar verda over:
Odda, Rjukan, Ålvik, Glomfjord, Sauda, Tyssedal, Notodden, Vadheim, Sunndalsøra, Årdal, Høyanger.
Alle saman omgitt av majestetiske fjell der himmelen kunne stille harpa si på skrå og la dei dyrebare dropane skylje ned.
For å byggje ein passande himling over industrien vart dei nye kraftverka teikna av Olaf Nordhagen, elles kjent for å gjenreise Nidarosdomen (som på denne tida mest likna ein ruin).
Resultatet var kraftverk med spir, høgreiste tårn og turbinhallar som kyrkjeskip.
Og slik står dei framleis, som katedralar over ei fredfull og harmonisk tid.
For i dag er det ingen som lyser fred over kraftutbygginga.
Tvert om.
I Nord-Noreg seier berre 15 prosent av folket at elektrifiseringa av Melkøya er ein god ide, og i Karasjok kvitterte Senterpartiet med å erklære sin eigen leiar, Trygve Slagsvold Vedum for «uønskt» og «persona non grata».
Og prøv sjølv: Si noko om «Fosen», «Sørlige Nordsjø II» eller «elektrifisering av sokkelen» i neste middagsselskap, og sjå kor lenge husfreden varer.
Med andre ord: Der industrirevolusjonen for hundre år sidan var omgitt av glød og begeistring, er kapittel to – «det grøne skiftet» – knytt til tvil og ambivalens:
Er det verkeleg nødvendig med all denne nye krafta?
Og kven er det vi skal blidgjere? Den europeiske kraftbørsen? Batteriselskap-leiarar med 27 millionar kroner i årsinntekt?






Der sluttresultatet i den første revolusjonen – aluminium, ferrolegeringar og nikkel – var sjølvinnlysande gode, er dagens produkt meir omstridde.
– Hydrogen er det same som å kaste kraft «rett i dass», kvapp det frå Ola Borten Moe (Sp) tidlegare i vinter.
– Ett mitt skjønn er dette lysår unna å vere forsvarleg eller fornuftig, la han til.
På bakkenivå er talet på kraftkrevjande hydrogen-prosjekt i Noreg oppe i 126, fordelt på alle fylka og 58 kommunar.
Under dette 10–12 ammoniakkfabrikkar, som er hydrogen i kjemisk bunde form (NH3).
Såheim kraftverk i Skiensvassdraget i Tinn kommune.
Glomfjord kraftverk i Meløy kommune i Nordland.
Bagn kraftstasjon utnyttar fallet på 89 meter mellom Aurdalsfjorden og Bagn i Valdres.
Sauda III er eit nedlagt vasskraftverk og eit teknisk-industrielt kulturminne i Sauda kommune i Rogaland.
Solbergfoss kraftverk utnyttar fem fall på strekninga frå Mørkfoss til Solbergfoss i Glomma. Kraftverket stod ferdig i 1924.
Glomfjord kraftverk i Meløy kommune i Nordland.
Målet er at ammoniakken skal erstatte fossilt drivstoff, og avkarbonisere den norske skipsfarten som førebels er langt bak skjema til det grøne skiftet.
– Dette er starten på eit industrieventyr, sa Erna Solberg (H) då ho besøkte «ammoniakk-piloten» på Herøya i 2021.
I kystkommunen Bremanger har eit australsk mineselskap søkt om å byggje ammoniakkfabrikk på Holmaneset.
«Vi ser ikkje heilt fordelen med å bu i eit storulykkesområde med fare for tap av liv ved eit utslepp av giftig og etsande ammoniakk, skriv to av naboane i eit lesarinnlegg i Firdaposten.
Ein titt i postlistene til kommunen viser at det nye «eventyret» er omstridd blant fleire.
I tur og orden har Fiskeridirektoratet, Statsforvaltaren, Norges Miljøvernforbund kome med kritiske innspel:
Fabrikken vil ikkje berre setje naturverdiar i spel, han vil også leggje press på ein allereie anstrengd forsyningssituasjon.
På den andre sida: Kva skal ein liten kommune som treng folk, investeringar og arbeidsplassar elles gjere – om ikkje satse?
Kapitulere?
Leggje seg ned i stabilt sideleie?
Dette er den eksistensielle hovudverken som kommunestyrerepresentantane i Svelgen må ta stilling til seinare i september.
Ved inngangen til 1900-talet budde det 40 personar i grenda der rådhuset ligg.
Lite talte for at bøndene skulle vakne opp i eit sosialdemokratisk utstillingsvindauge, men i 1911 sikra skipsreiar Wilhelm Torkildsen og rettssaksførar Kristian Faye seg fallrettane til Store Førsvatnet for 6000 kroner.
Dei to førte vatnet vestover til eit rujern- og smelteverk til den vesle grenda, og vips:
Ein generasjon seinare hadde seks gardar vakse til ein ny stad med nytt namn (Svelgen) og 1500 innbyggarar.
Om Statnett, NVE, Miljødirektoratet og Energikommisjonen aldri så mykje gjentek at Noreg treng fleire titals nye terawattimar innan 2030, så møter dei ein vegg av motstand.
Ifølgje NVEs langsiktige kraftmarknadsanalyse vil produksjon av hydrogen, til mellom anna transport- og industriformål, kunne krevje 4 TWh i 2030 kraft og 7 TWh i 2040.
I vinter la EU-kommisjonen fram «REPowerEU» – eit akselrasjonsprogram for hydrogen, som firedobla målet for hydrogenproduksjon.
I dag kan ordførar Anne Kristin Førde (Ap) sjå over til fabrikken frå rådhuset.
For hundre år sidan var nye energiberarar det same som framsteg og håp, og verken Fiskeridirektoratet eller Miljøvernforbundet blanda seg inn.
– Vi har ei svært negativ folketalsutvikling, og treng vekst, seier ho til NRK.
Ho seier dei skuldar å sjå nøye på dei australske ammoniakk-planane og «gjere grundige vurderingar på både ulemper og fordelar»:
– Om vi ikkje klarer å snu utviklinga, må vi endre i tenestetilbodet. Derfor må vi sjå på alle moglegheiter.
Om det er noka trøyst, så har ordføraren i Høyanger, ein biltur sørover, hamna i ei like stor knipe. Om ikkje endå større.
Eller som han sjølv seier:
– Eg har hamna i ein helvetes spagat.
Bakgrunnen er denne: Norsk Aluminium Company vart etablert i 1915 og har sidan vore meir enn «hjørnesteinsbedrifta» i bygda.
Rettare er det å seie at Høyanger-samfunnet og metallverket – etter kvart Hydro Aluminium – er bunde saman som eit gammalt ektepar. Utan den eine, heller ikkje den andre.
Eller som det heiter i eit gammalt munnhell: «Når Hydro hostar, harkar Høyanger».
Regjeringa Michelsen vart utnemnd 13. mars 1905. Sitjande frå venstre ser vi statsminister Christian Michelsen, Jørgen Løvland, Sofus Arctander, Harald Borthner og Gunnar Knudsen.
Som for å understreke det sakrale i det nye industrimirakelet vart dei nye kraftverka teikna av Olaf Norhagen, elles kjent for å gjenreise Nidarosdomen.
«Skjebnen synes med bestemthet at peke paa Norge», sa Gunnar Knudsen til sine stortingskolleger i 1892. På bilete: Såheim kraftstasjon i Rjukan.
Når Hydro etterspør rimeleg vindkraft, og har sett seg ut eit passande område i fjella rundt bygda, er det derfor vrient for ordførar Petter Sortland (Ap) å argumentere for at kommunen har andre interesser.
– Vi er den kommunen i landet som er mest avhengig av Hydro, seier «Sorte-Petter» til NRK.
Han legg til:
– I dag er vindkraft på land det som kan byggjast ut raskast.
Sagt på anna vis: Ordføraren, som tidlegare var ein profilert vindkraft-motstandar, «er ikkje lenger like sikker».
Når Hydro hostar, harkar Høyanger.
I alle fall ordføraren.
Kva slags lydar veljarane vil gi frå seg, står att å sjå.
11. september går dei til urnene. Vil dei straffe eller påskjønne kraftutbyggjarane?
Bremanger-ordførar Anne Kristin Førde (Ap) seier dei skylder å sjå nøye på dei australske ammoniakk-planane og «gjere grundige vurderingar på både ulemper og fordelar».
– Vi er den kommunen i landet som er mest avhengig av Hydro. Eg har hamna i ein helvetes spagat, seier Høyanger-ordførar Petter Sortland.
I Nord-Noreg seier berre 15 prosent av folket at elektrifiseringa av Melkøya er ein god ide, og i Karasjok kvitterte Senterpartiet med å erklære sin eigen leiar, Trygve Slagsvold Vedum for «uønskt».
– Folk i vindkraft-bransjen gjekk frå å vere heltar i 2010 til å vere skurkar i 2020, oppsummerte leiar i Fornybar Norge, Åslaug Haga, under Energidagane i 2021.
– Dette er starten på et industrieventyr, sa Erna Solberg (H) da hun besøkte «ammoniakk-piloten» på Herøya i Porsgrunn i 2021.
Ola Borten Moe legg til grunn at halvparten av energimengda går opp i spinninga når elektrisk energi blir brukt til å «spalte» vatn (H2O) til hydrogen og oksygen. Ifølgje Faktisk.no er 30 prosent tap eit rettare anslag.
Ein snirklete og berglendt biltur austover frå Høyanger, ligg Aurland, blant dei høgaste kommunane i landet.
Faktisk ligg 80 prosent av arealet i bygda meir enn 900 meter over havet, og alt som går opp skal før eller sidan ned.
Frå Nyhellermagasinet styrter vatnet ned til Vetlebotn. Og når vatnet er nede, vert det pumpa opp att andre vegen.
For deretter å styrte ned endå ein gong.
Kvar gong kostar det meir kraft å pumpe vatnet tilbake enn det produserer på veg ned.
Men om du set systemet «i revers» når kraftprisen er låg, og slepp vatna ned att når prisen er høg, så er det god butikk likevel.
Som ei påminning om kor rikdommen deira kjem frå, har aurlendingane dekorert talarstolen i kommunestyresalen med utskorne, blåmåla bølgjer.
«Tida for nye, store vasskraftutbyggingar i Noreg er over», sa Jens Stoltenberg i nyttårstalen i 2001.
Men heilt over er ikkje utbygginga, og i fjor var statsminister Jonas Gahr Støre i Sunnfjord for å kaste glans over opninga av Jølstra kraftverk.
300 meter inn i fjellet påkalla han det same nesten-religiøse språket som vart nytta for hundre år sidan:
Han karakteriserte kraftverket «ein katedral» og «eit testamente til norsk ingeniørkunst».
– Utanlandske gjester måper når dei ser kva vi får til. La oss måpe med.
– Rekk du å opne fleire «katedralar» i løpet av regjeringstida di?
– Heh, vel, det tek tid, då.
– Men vi treng kraft raskare.