Hopp til innhold

Straumprisane har vekt batteri-draumen til live

Ti år etter at draumen om pumpekraftverk vart «knust», har straumprisane vekt draumen til live att.

I Aurland inst i Sognefjorden styrtar vatnet frå Nyhellermagasinet og ned til Vetlebotnvatnet, som ligg 400 meter lågare i terrenget.

NYHELLERMAGASINET, AURLAND: Vatnet i eit pumpekraftverk vert brukt fleire gonger, omtrent som elektrolytten i et batteri.

Foto: Aerosport Norge

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

I Aurland inst i Sognefjorden styrtar vatnet frå Nyhellermagasinet og ned til Vetlebotnvatnet, som ligg 400 meter lågare i terrenget.

Og når vatnet er nede, vert det pumpa opp att, andre vegen. For deretter å styrte ned endå ein gong.

Og endå ein gong.

Kvar gong kostar det meir kraft å pumpe vatnet tilbake enn det produserer på veg ned. Men om du set systemet «i revers», når kraftprisen er låg, og slepp vatnet ned att når prisen er høgare, så er det god butikk likevel.

Pumpene i Aurland sto ferdige i 2013, og er eitt av få pumpekraftverk i Noreg. I alt er det berre elleve av dei etter at «pumpekraftverk-draumen» vart «knust» for ti-femten år sidan.

Eller som konserndirektøren i Statnett slo fast i 2011:

Det har skjedd ein realitetsorientering. Debatten om pumpekraft har blitt meir edrueleg.

Bakgrunnen var mellom anna ein Sintef-rapport som viste at «batteri-hypen» støtte på ulike tekniske, miljømessige og økonomiske problem.

Noreg har til tider posisjonert seg som «det grøne batteriet i Europa» ettersom vi har nesten halvparten av den europeiske magasinkapasiteten.

– Pumpekraftverk-prosjekt vert tatt fram frå skuffen

Ti år seinare har draumen om fleire pumpekraftverk vakna til liv att, godt hjelpt av straumprisane.

«Kraftselskapa må bygge om til pumpekraftverk», skriv leiar Norsk Industri, Stein Lier-Hansen i ein kronikk Dagens Næringsliv.

Olav Grøttebø er ingeniør i Hafslund Eco, som eig 93 prosent av pumpestasjonen i Aurland:

Fleire leitar fram planar som vart lagde i skuffa for nokre år sidan, seier han, og peikar på prisdifferansane i straummarknaden som forklaring.

Eivind Heløe, direktør i fornybarnæringas interesseorganisasjon Energi Noreg, nyttar den same metaforen:

Fleire gamle pumpekraftverk-prosjekt vert tatt fram frå skuffen att, seier han.

Han seier forklaringa er ein kombinasjon av meir variable straumprisar og at det er meir ikkje-regulerbar kraft i omløp, som sol- og vindkraft. Den regulerbare magasinvasskrafta er mindre omskifteleg enn desse og kan brukast til å balansere kraftmarknaden når det er naudsynt.

Vatnedalsvatnet i Bykle

BYKLE: Noreg har vore kalla «det grøne batteriet i Europa» ettersom vi har nesten halvparten av den europeiske magasinkapasiteten.

Foto: Per-Kåre Sandbakk / NRK Luftfoto

Heløe legg til at det dreier seg om «ei beskjeden mengde kraftverk» og at prisane og dei noverande flaskehalsane i det norske kraftnettet gjer at «området sør for Sognefjorden er mest aktuelt for utbygging» (NO2).

Pumpekraftverk kan innebere hyppige endringar i vasstanden som kan skade artar, i tillegg til kan det føre til erosjon og utglidingar langs vasskanten.

Pumpekraft kan bli lønnsamt, og er absolutt noko vasskraftselskapa bør vurdere. Men dei fleste vasskrafteigarar vil truleg finne størst lønnsemd i å oppgradere kraftverket, seier Gunnar Løvås, som er konserndirektør for Kraftsystem og Marked i Statnett.

Har ikkje greidd å rekne heim fleire pumpekraftverk

Når du byggjar eit dedikert pumpekraftverk, så bruker du ikkje av den nasjonale ressursen, som er regn og tilsig. Pumpekraft bør difor vere unntatt frå grunnrenteskatt, seier Erik Espeset, konsernsjef i Tafjord Kraft AS.

Selskapet er eigar av det høgast liggjande kraftverket i landet, Tafjord 6, som er tilknytt Tjønna pumpekraftverk. Foreløpig har Espeset «ikkje greidd å rekne heim» fleire pumpekraftverk.

Det viktigaste for å få lønnsemd i eit pumpekraftverk er at vi har store prisdifferansar. Det må vi sjå over ein tidsperiode på fleire år før vi tar risikoen med å bygge eit nytt.

I 2011 vurderte Vattenfall Power kostnadene for bygging av pumpekraftverk i Noreg, på oppdrag frå Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE). Dei konkluderte med at kraftverka som hovudregel vil trenge meir enn 20 øre/kWh i prisforskjell mellom krafta dei kjøper for å pumpe og den krafta dei sel for å vere lønnsame.

Gaute Skjelsvik, leiar for Vassdrag og miljø i Hafslund Eco, har rekna på eit konkret prosjekt i deira portefølje og meiner marginane må vere høgare:

For å dekke investeringa og energitapet må kraftprisen i dette tilfellet vere minst 35–40 øre/kWh høgare ved produksjon enn ved pumping. For andre prosjekt med lengre tunnelar må prisvariasjonen vere større.

Lysebotn 2

LYSEBOTN: – Vi har fleire potensielle pumpeprosjekt som vi vurderer, seier administrerande direktør i Lyse Produksjon.

Foto: Kristofer Ryde / Lyse

Ein utfordring at straumprisane ikkje varierer nok

Øystein Grundt er spesialrådgivar i Småkraftforeninga. Han seier til NRK at han «heier på fleire pumpekraftverk gitt at dei er miljømessig akseptable», men at det per i dag er mange hinder. Både politiske og økonomiske.

Foreløpig har ikkje kraftselskapa vurdert prisforskjellane til store nok. Men med dei prissvingingane som vi ser no, kan det hende at nokon vil sjå på dette med nye auge.

Bjørn Aase Honningsvåg er administrerande direktør i Lyse Produksjon. Han viser til at dagens pumpekraftverk primært er laga for sesongpumping (i motsetnad til døgn- eller vekeregulering), men at «dette er i ferd med å endre seg som følge av det store innslaget av ikkje-regulerbar kraft».

Han legg til:

Vi har fleire potensielle pumpeprosjekt som vi vurderer, men det er per i dag ikkje mogeleg å seie når desse eventuelt vert realiserte.

Olav Osvoll er administrerande direktør hos Eviny Fornybar AS. Han seier til NRK at det «på nytt er interessant å sjå på moglegheita for pumpekraftverk» og dei «har lett etter mogelegheiter».

Men vi har ingen konkrete prosjekt på dette no.