Hydro, Eviny og Zephyr går saman for å greie ut eit vindkraftprosjekt i fjellområdet mellom Høyanger og Sunnfjord.
Den planlagde investeringa er på 3–4 milliardar kroner, med ein samla kraftproduksjon på 1 TWh.
Det svarer til straumbruken til om lag 60.000 husstandar.
– Gjennom å utvikle kraft til konkurransedyktige prisar sikrar vi dagens industriarbeidsplassar og legg samtidig til rette for klimavennleg aluminiumproduksjon, seier leiar for primærproduksjon i Hydro Aluminium, Ola Sæter.
Han seier vindkraft på land er ein føresetnad for å sikre nok kraft til aluminiumsverket i Høyanger etter 2030. Ifølgje Statnett styrer Noreg mot eit kraftunderskot frå 2027.
– Målet er å avkarbonisere alle aluminiumsverka i Noreg. Tilgang på fornybar kraft er ein føresetnad for det, seier Sæter
I dag kjem ein firedel av straumbruken til Hydro frå vindkraft.
– Vi ser fram til dialogen med vertskommunane. Lokal tilslutning er avgjerande for at prosjektet skal realiserast, seier Olav Osvoll, som er konserndirektør Fornybar i Eviny.
I mars varsla statsminister Jonas Gahr Støre (Ap) at han vil ha fleire vindmøller til lands.
Foto: Terje Pedersen / NTB– Eg vil kome i ein helvetes spagat
I september varsla ordførar i Høyanger, Petter Sortland (Ap), at han ville kome «i ein helvetes spagat» om Hydro freistar med store nok investeringar i byte mot ein vindkraftpark på fjella.
Aluminiumsverket i Høyanger er ikkje berre ei «hjørnesteinsbedrift» og den viktigaste arbeidsplassen, men også det kulturelle og økonomiske navet som alt krinsar rundt.
– Det blir eit vanvitig press, og eit enormt dilemma, sa han til Bergens Tidende.
Arbeidarparti-ordføraren har tidlegare vore ein profilert vindkraftmotstandar.
Stilt overfor dei nye planane uttaler han seg meir forsiktig.
– Her må eg gå i tenkjeboksen. Det er klart at dette er noko anna enn om det kjem ein vindkraftutbyggjar med postadresse på Cayman Islands. I tillegg er eg slik skrudd saman at eg trur på Hydro når dei seier at dei treng denne krafta.
Ordførar Petter Sortland (Ap) seier utbyggaren er velkomen til å starte sine «moglegheitsstudier» og til å «leggje fram planane for kommunestyret.» – Ja, dei er hjarteleg velkomne.
Foto: SANDER EIDE AASE / NRK– Har den unge radikalaren vorte meir pragmatisk med alderen?
– Eg må vere ærleg å innrømme det. Dessutan har det vorte gjort mykje for å kome vertskommunane i møte sidan den nasjonale ramma for vindkraft vart skrota.
Etter eit omstridd utbyggingskart (sjå under), massive protestar og vardebrenning mot vindkraft, var det politisk konsensus om å «setje ein fot i bakken» i 2019.
Men i vår varsla statsminister Jonas Gahr Støre (Ap) at han vil ha fleire vindmøller til lands, og at dette vil vere politisk mogeleg gitt «grundigare prosessar» og større lokal medverknad.
– Eg vel å tru at eit langstrekt land som Noreg har nok natur til at vi kan gjere dette på ein skånsam måte, sa han til NRK.
Men skånsam vil ikkje motstandarane av vindmølleplanane vere.
– Vi kjem til å påverke så godt vi kan. Vi er svært opptatt av at dei lokale politikarane både i Høyanger og Sunnfjord lytta til det som har sterk gjenklang i befolkninga – at ein ikkje ønskjer vindkraft, seier styreleiar i La naturen leve Marino Ask.
– Vi ser dei negative konsekvensane mellom anna i Kinn, Bremanger og Fjaler kommune.
– Påverknadsarbeidet skjer bak lukka dører
Hovudlinjene i det nye konsesjonsregimet seier at det skal vere meir lokal innverknad, og at kommunane skal behandle søknader gjennom Plan- og bygningslova (ikkje Energilova, som tidlegare).
Det nye konsesjonsregimet skulle vere klart denne hausten, men har vorte utsett.
Olje- og energidepartementet (OED) har varsla at forslag til innlemming av vindkraft i plan- og bygningslova skal kome på høyring før jul.
På toppen legg EU-kommisjonens plan for å auke fornybardelen frå 40 til 45 prosent («Repower EU») opp til omfattande endringar i konsesjonsbehandlinga av sol- og vindkraft. Noreg blir omfatta av desse reglane som følgje av EØS-avtalen.
– Med dagens regelverk skjer mykje av påverknadsarbeidet for vindkraft bak lukka dører utan offentleg innsyn eller medverknad, seier Siren Skråmestø Juliussen, som er naturvernansvarleg i Den Norske Turistforening.
DNT er kritiske til at regjeringa i mai kom med nye tilrådingar til konsesjonssystemet «utan å fikse grunnproblemet».
– Vi er svært bekymra over at departementet og NVE legg opp til å bruke eit uferdig regelverk for utbygging av vindkraft på land, medan vi ventar på lov- og regelendringar.