– Vasskraft er juvelen i det norske kraftsystemet, gjentok olje- og energiminister Terje Aasland (Ap) fleire gonger, då han i formiddag fekk den nye energimeldinga «Meir av alt – raskare».
Utgangspunktet for «resepten» er at «pasienten» er sjuk, og at Noreg tørstar etter meir kraft til det grøne skiftet: «minst 40 TWh» kraft innan 2030, hevdar Energikommisjonen.
Men i kulissane har det vore strid, og Energikommisjonen har ikkje vorte samde om kor stor bør som skal leggast på «juvelen», altså vasskraft.
Eit fleirtal står bak formuleringa om 7 TWh vasskraft gjennom «frivillige avtalar», medan eit mindretal – inkludert leiar i utvalet Lars Sørgard – held fast ved at dette er «for ambisiøst».
– Eg er meir oppteken av retninga enn å talfeste eit mål. Poenget er at vi må gjere fleire ting samtidig, seier Sørgard til NRK.
– Vasskraft er juvelen i det norske kraftsystemet, gjentok olje- og energiminister Terje Aasland (Ap) då han fekk energimeldinga frå utvalsleiar Lars Sørgard.
Foto: Gorm Kallestad / NTB– Så mykje vasskraft er særs ambisiøst
Leiar i Fornybar Noreg, Åslaug Haga, seier draumen om 7 TWh ny vasskraft innan 2030 «er i overkant ambisiøst».
– Særleg med det varig høge skattetrykket regjeringa har lagt på vasskrafta no, og mangelen på føreseielegheit. Derfor er det bra at kommisjonen tilrår ein gjennomgang av endringane som vart gjort i kraftskatteregimet i fjor haust, seier ho.
Tilsvarande signal kjem frå Christian Eriksen i Bellona.
– Det vil neppe gå, seier han.
Rune Indrøy er konserndirektør i Eviny, det største fornybarselskapet i Vestland.
– Energikommisjonen viser at den forstår utfordringane vi står overfor med behov for meir kraft, meir nett og raskare saksbehandling. Men eg skulle gjerne sett fleire offensive forslag til korleis vi kan få dette til i det tempoet samfunnet har behov for, seier han.
– Rapporten er klinkande klar på at Noreg må gire opp kraftutbygginga, seier Åslaug Haga, leiar i Fornybar Noreg.
Foto: William Jobling / NRK– Dette er feberfantasiar
Frp meiner det er eit misforhold mellom ambisjonen om 7 TWh meir vasskraft og komiteens «stemoderlege» behandling av den same krafta:
– Noreg har eit enormt vasskraftpotensial, som denne rapporten berre nemner i ei undersetning. Slenger du igjen døra for eit så viktig tiltak, er det ikkje rart at du samtidig overvurderer viktigheita av å byggje ut meir vindkraft på land, seier Terje Halleland (Frp).
Rapporten slår fast at det er «stor uvisse» rundt vindkraft, men at det er «realistisk med ein auka produksjon på 5–10 TWh samanlikna med i dag».
Frp-kollega Marius A. Nilsen tek hardare i og karakteriserer kraftambisjonen som «feberfantasiar», med mindre styremaktene opnar for å vurdere vassdragsvernet på ny.
Tilsvarande signal har kome frå Høgre, som i fjor presenterte ei liste over verna vassdrag som bør få «skånsam vasskraftutbygging».
Olje- og energiminister Terje Aasland signaliserte i fjor at Energikommisjonen bør «sjå på om det er mogleg å byggje ut meir av det som har vore verna».
Energikommisjonen går i rapporten ikkje inn i denne diskusjonen.
Utbygging av vasskraft er likevel så sensitivt at komitemedlem og tidlegare NU-leiar Silje Lundberg tok dissens og presiserte at produksjon av vasskraft berre bør skje gjennom modernisering av eksisterande kraftverk.
Silje Lundberg tilhøyrde mindretalet i Energikommisjonen som presiserte at produksjon av vasskraft berre bør skje gjennom modernisering av eksisterande kraftverk.
Foto: Ingun Alette MæhlumNVE reknar potensialet til 7,6 TWh
Ein mykje omtalt NTNU-studie seier at norske vassdrag kan produsere 15–20 fleire terawattimar berre ved hjelp av opprusting og utvidingar.
NVE er meir nøkterne og reknar potensialet til 7,6 TWh.
Vurderinga til Venstre og SV er difor at 7 TWh ikkje for ambisiøst.
– Så dette er noko regjeringa må presse kraftselskapa til å gjere, seier Lars Haltbrekken i SV.
Nestleiar i energi- og miljøkomiteen i Stortinget, Sofie Marhaug (R), etterlyser ein nasjonal plan for oppgradering av vasskraft.
– Vasskrafta er det mest verdifulle vi har og ryggrada i kraftsystemet, derfor må vi samordne arbeidet nasjonalt og finne potensial for oppgradering og effektivisering, men med strenge miljøkrav som varetek naturen, seier ho.
KrF: potensialet er «opp mot 10 TWh»
Den litt uvanlege konstellasjonen Raudt, Frp, SV, MDG og KrF foreslo i fjor å bestille ein plan frå regjeringa om effektivisering av eksisterande vasskraftverk med mål om auka kraftproduksjon. Forslaget vart stemt ned av regjeringspartia, Høgre og Venstre.
Kjell Ingolf Ropstad (KrF) vurderer potensialet i vasskraft til «opp mot 10 TWh».
– Om ikkje innan 2030, så i alle fall dei neste ti åra. Men eg vil åtvare mot å byggje ned verna vassdrag. Vi har ikkje berre ei klimakrise, men også ein miljø- og naturkrise.