Den norsk-britiske samarbeidserklæringa om hydrogen og karbonfangst vart underteikna i London onsdag førre veke.
– Her kan vi dra god nytte av kvarandre, seier olje- og energiminister Terje Aasland (Ap) i ein offisiell uttale.
Statsråden skulle sjølv vore i London, men måtte avlyse reisa for å vie seg til handteringa av Fosen-saka.
I hans fråvær vart avtalen signert av utanriksminister Anniken Huitfeldt (Ap).
Forskingsminister Ola Borten Moe (Sp), som i januar samanlikna hydrogen-satsinga med å «sende kraft rett i dass», var ikkje til stades.
Men det var H.K.H. Kronprins Haakon Magnus, som uttalte at «vi må jobbe hardt for å erstatte fossilt brensel med reinare energikjelder» og at «vi treng innovasjon og samarbeid, smarte hovud og tøffe avgjerdstakarar».
Kronprinsen kasta glans då den norsk-britiske samarbeidserklæringa om hydrogen og karbonfangst vart underteikna i London denne veka.
Foto: TOM HANSEN / TOM HANSENStorbritannia har ambisjonar om å bli ein «rein energi-supermakt» innan slutten av tiåret, og både Noreg og Storbritannia skal vere karbonnøytrale innan 2050.
– For oss lokalt gir dette ytterlegare moglegheiter for å utvikle nye grøne arbeidsplassar, seier Tom Georg Indrevik (H), som er ordførar i Øygarden (fleire reaksjonar under).
Planen er at CO2-en skal begraves i det røde området.
Mengden CO2 fra Norge kunne hvert år fylt en bitteliten flik av Mjøsa. Se den røde prikken!
Dersom vi skal hjelpe Europa med å nå togradersmålet, kunne vi fylt hele Mjøsa hvert år.
I havet utenfor Norge er det nok av plass, ifølge myndighetene.
Skip lasta med CO₂
Øygarden utanfor Bergen speler ei sentral rolle i prestisjeprosjektet Langskip.
Herfrå skal «fanga karbon» pumpast gjennom røyr ut på sokkelen, der han i sin tur blir lagra 2600 meter under havbotnen.
Forventa kostnader for Langskip, som energiministeren karakteriserer som «det største klimaprosjektet i norsk industrihistorie», er rekna til 27,6 milliardar 2022-kroner.
Då statsminister Erna Solberg la ned grunnsteinen i Øygarden i 2021, la ho vekt på at ho ikkje ville bruke ordet «månelanding».
Omgrepet fekk ein ironisk valør etter at planane om eit fullskala reinseanlegg på Mongstad kollapsa i 2013.
Reinseanlegget på Mongstad vart selt inn som ein «månelanding» i statsminister Jens Stoltenbergs nyttårstale i 2007.
Foto: NRKEquinor vart oppmoda til å sjå på alternativ
På eit frukostmøte i regi av Bellona førre veke vart Equinor oppmoda til å sjå på alternativ til å elektrifisere Melkøya.
I desember leverte Equinor søknad til Olje- og energidepartementet om å avvikle gasskraftverket utanfor Hammerfest, og erstatte det med elektrisk kraft frå nettet.
Målet er å kutte karbonutsleppa, men tiltaket vil doble kraftbehovet i Finnmark og har skapt politisk uro.
– Alt tyder på at karbonfangst og -lagring er billigare, raskare og tek mindre plass enn det Equinor hevdar, sa Eivind Berstad i Bellona under frukosten.
På Stortinget har Venstre levert forslag om at utsleppskutt på Melkøya må takast med karbonfangst i staden for elektrifisering.
– Det er meiningslaust om regjeringa lèt Equinor bruke opp kraftoverskotet i Nord-Noreg for å elektrifisere Melkøya når karbonfangst er tilgjengeleg, seier Ola Elvestuen (V).
– Den norsk-britiske samarbeidserklæringa er ein viktig og avgjerande avtale for vidareutviklinga av karbonfangst og storskala hydrogenproduksjon, seier Tom Georg Indrevik (H). Her saman med leiar i Raudt, Bjørnar Moxnes.
Foto: Silje Rognsvåg / NRKSV har fremja det same ønsket.
– CO₂-fangst- og lagring peikar seg ut som det beste tiltaket både for å kutte utslepp og for å unngå konfliktar med reindrifta, sa Lars Haltbrekken (SV) under frukostmøtet (sjå heile møtet her).
Equinor på si side meiner det ikkje er plass til eit karbonfangstanlegg på Melkøya, og dessutan at det blir for dyrt.
– Vi har studert og analysert dette i ni år, og har konkludert med at elektrifisering er den beste løysinga, seier Gisle Ledel Johannessen i Equinor (utvida svar under).
Melkøya-anlegget til Equinor behandlar og frys ned gass frå Snøhvit-feltet slik at han kan seljast på verdsmarknaden.
Foto: Aibel– Innfasinga av hydrogen har stått i stampe
Den norsk-britiske samarbeidserklæringa føyer seg inn i ei rekkje nye energiavtalar med fleire handelspartnarar.
I januar vart Noreg og Tyskland samde om at norsk gass skal produsere hydrogen for eksport til den tyske marknaden.
– Innfasinga av hydrogen har stått i stampe fordi det ikkje er system for produksjon og distribusjon til konkurransedyktige prisar, seier Erlend Bullvåg, som er direktør i Kunnskapsparken Bodø.
Han meiner «større fart i hydrogensatsinga» er ein føresetnad for å dekarbonisere industrien og møte krava i Paris-avtalen.
– Det er viktig, for elektrifisering åleine er ikkje nok.