Hopp til innhold

Flykta frå Syria i 2015 – suste rett inn i kommunestyret åtte år seinare

Framleis er det få innvandrarar som er aktive i lokalpolitikken i Noreg, viser ei kartlegging NRK har gjort. Men det er store geografiske skilnadar.

Hadeel Jamal Huseen som kom fra Syria i 2015, ble valgt inn i kommunestyret i Gol i 2023.

Syriske Hadeel Jamal Huseen som kom til Noreg for åtte år sidan, synest det er spanande å vere med i lokalpolitikken i Gol kommune.

Foto: Synne Folstad Moen

– Eg kom til Noreg aleine med sonen min. Han var om lag to år. Det var veldig vanskeleg. Ein veldig tøff tur. Men no er eg her. I kommunestyret i Gol.

Hadeel Jamal Huseen flykta frå krigen i Syria og kom til Noreg i 2015. No har Gol blitt den nye heimstaden hennar. Og berre åtte år etter at ho kom til Noreg har Huseen blitt lokalpolitikar for SV. Ho seier ho vil gi noko tilbake til lokalsamfunnet. Valet i haust gav henne plass i kommunestyret i Gol.

– Eg synest det er veldig gøy. Før det første møtet var eg nervøs og grua meg, men no har eg blitt betre kjend med sakene og med dei andre i kommunestyret.

NRK har kartlagd alle dei nye kommunestyra i landet etter valet i haust. Den viser at 244 av politikarane som har blitt vald inn, er førstegenerasjons innvandrarar. Det vil seie at dei sjølve har flytta til Noreg, slik som Huseen gjorde.

Hadeel Jamal Huseen som kom fra Syria i 2015, ble valgt inn i kommunestyret i Gol i 2023.

Hadeel Jamal Huseen (SV) seier ho er blitt godt mottatt av dei som bur i Gol kommune.

Foto: Synne Folstad Moen

Færre i distriktskommunane

Generelt er det låg representasjon. Men det er store geografiske skilnadar. Byar og tettbygde strok på Austlandet har mange innvandrarar som er politisk aktive.

Oslo, Lørenskog og Drammen toppar lista. I bystyret i Oslo har det kome inn 18 politikarar med innvandrarbakgrunn, men eit fleirtal av desse har foreldre som har innvandra til Noreg. I Lørenskog har ni førstegenerasjons innvandrarar fått plass i kommunestyret, i Drammen åtte. Også Trondheim kjem høgt opp på lista.

Men i dei små distriktskommunane er det langt færre. I Trøndelag har totalt 17 politikarar som sjølv har innvandra til Noreg, fått plass i kommunestyra. Men held vi Trondheim utanfor er det berre ti fordelt på 37 kommunar.

I Agder utanom Kristiansand er det åtte førstegenerasjons innvandrarar i kommunestyra, i Troms utanom Tromsø er det berre tre, i Rogaland er det sju dersom vi held Haugesund og Stavanger utanfor.

I Møre og Romsdal er det elleve fordelt på 26 kommunar dersom Ålesund ikkje er med.

Store skilnadar

Men det er også store skilnadar mellom ulike grupper av innvandrarar, både når det gjeld interesse for politikk og deltaking ved val. Det viser ein rapport frå Statistisk sentralbyrå som blei publisert i oktober 2022.

Ifølgje rapporten peikar innvandrarar frå EU-land i Aust-Europa med utanlandsk statsborgarskap seg ut med svært låg valdeltaking. Det er her vi finn mange arbeidsinnvandrarar. For dei polske ligg valdeltakinga under 10 prosent.

– Midlertidige arbeidsinnvandrarar som er busett i Noreg, er lite interessert i norsk politikk. Dei som har tenkt å bu her i framtida og kanskje har skaffa seg statsborgarskap, er langt meir engasjert, seier valforskar Johannes Bergh.

Johannes Bergh, valgforsker

Valforskar Johannes Bergh ved Institutt for samfunnsforsking seier innvandrarveljarane

Foto: Siri Vålberg Saugstad / NRK

Mobilisering

Kurdiske Sagvan Fathi Ahmed kjem frå Nord-Irak. I 2019 sto han langt nede på lista til Ålesund Arbeidarparti. Men han fekk mange personstemmer og suste inn i kommunestyret i Ålesund.

I haust blei han attvald. Ahmed skryt av det norske demokratiet der ein kan vere usamde, men likevel respektere kvarandre. Og no oppmodar han innvandrarar om å engasjere seg politisk.

– Det er veldig viktig. Mange innvandrarar bør gå inn i politikken. Vi treng alle.

Sagvan Fathi Ahmed representerer Arbeiderpartiet i kommunestyret i Ålesund.

Sagvan Fathi Ahmed (Ap) kom frå Nord-Irak i 2001. No er han inne i sin andre periode i kommunestyret i Ålesund.

Foto: Remi Sagen / NRK

Stemmer på personar

Ahmed er ikkje den einaste som har klart å mobilisere gjennom å skaffe seg ekstra personstemmer.

Veljarane kan nemleg krysse av på personar på stemmesetelen som dei likar spesielt eller ønskjer å støtte. Dei kan også føre opp namn på personar frå parti dei ikkje har stemt på.

Det kan føre til at dei får ein høgare plass på den lista dei står på. Og kanskje kjem dei inn i kommunestyret. Innvandrarveljarane bruker dette ganske aktivt, seier valforskar Johannes Bergh.

– Det er mykje som tyder på at innvandrarveljarane er meir opptatt av personar enn parti. Og det er mange politikarar med innvandrarbakgrunn som blir vald inn fordi dei har fått betydeleg med personstemmer.

Kontakten med folk

Nesanet Hailemariam seier at eritrearen i henne har gjort henne sta. Venstrepolitikaren har fått plass i formannskapet i Nordre Follo.

Ho har vore mange år i Noreg, men det var først i år at ho stilte på liste. Ho meiner det er viktig å ha tett kontakt med folk.

– Eg likar å møte folk på heimebane eller på senteret, overalt, diskutere ting som eg er interessert i og som dei bryr seg om. Og det veldig givande at dei vil bruke meg som ombodskvinne.

Nesanet Hailemariam som har eritreisk bakgrunn, representerer Venstre i Nordre Follo kommune.

Nesanet Hailemariam i Nordre Follo Venstre seier ho likar å møte folk.

Foto: Nordre Follo Venstre

Ein må vere glad i å snakke. Og ein må vere uredd, seier Hailemariam.

Men det er litt av kvart å sette seg inn i. Og språket er annleis for mange. Språket kan bli ein terskel for innvandrarar som vil engasjere seg i lokalpolitikken.

– Alle respekterer meg. Og alle er hyggelege. Men av og til blir ein sett litt rart på. Eg kan ikkje norsk språk hundre prosent. Men eg gjer mitt beste kvar einaste dag, seier Sagvan Fathi Ahmed.