Dominerer skrekkliste: Seks av dei ti mest rasfarlege vegane ligg i Vestland

Nytt oversyn frå Vegvesenet viser kor rasfaren er mest prekær i Noreg. Over 70 milliardar må til for å rassikre vegnettet.

Ras Vaksdal mai 2015

TO SKRED PÅ 14 DAGAR: På desse hundre meterane av E16 gjennom Vaksdal gjekk det to store skred i mai 2015.

Foto: Helene Wiese-Hansen / NRK

– I nokre tilfelle er det flaks at det ikkje har gått liv på grunn av ras, seier Magne Ahlin som er seniorkonsulent i transportselskapet Slinde Transport.

Ti vogntog frå selskapet køyrer kvart døgn på europavegen som i 2018 vart kåra til «Noregs verste veg» i ein uoffisiell NRK-kåring. E16 mellom Bergen og Voss har verkeleg sett ein støkk i Ahlin.

– Det har vore mange tilfelle med stygge ras og steinsprang der. Sånn kan vi ikkje ha det, seier Magne Ahlin i Slinde Transport.

Nyleg presenterte Statens vegvesen eit nytt oversyn over dei aller mest rasutsette vegane i landet.

Vestland fylke dominerer lista fullstendig. Fem av dei seks strekningane som kjem dårlegast ut, ligg i det nye storfylket på Vestlandet.

Medan E16 mellom Bergen og Voss kjem på fjerdeplass, tronar fylkesvegen til Navelsaker i Stad kommune aller øvst på lista.

Magne Ahlin

FARLEG VEG: – Det er heilt forferdeleg å tenke på at det kan skje ulukker med mange involverte, seier Magne Ahlin i Slinde transport om strekninga Voss – Bergen på E16.

Foto: Ole Andrè Rekkedal / NRK

Vurdert av geologar

Like over fylkesgrensa til Møre og Romsdal ligg den einaste vegen som kan måla seg med vegane i Vestland, fylkesvegen mellom Grodås og Otterdal i Volda.

Geologane i Vegvesenet har brukt ein såkalla skredfaktormodell for å rangera dei rasutsette strekningane.

Trafikkmengd og skredfare blir gjeve mest vekt med 20 prosent kvar. Høve for omkøyring, ulike ulemper ved stenging og faren for naboskred når vegen er stengt blir òg vektlagt.

Må prioriterast

– Det er utrygt for folk og ferdast langs vegane og vi må ha på plass nok pengar for at vi skal greie å sikre dei mest rasutsette vegane, seier Jenny Følling (Sp).

Som leiar i Nasjonal rassikringsgruppe vedgår Følling at det vert ei krevjande oppgåve å få på plass nok pengar som skal til for å sikra det norske vegnettet mot alvorlege rasulukker.

– Det er ei utfordring. Samtidig blir det brukt store midlar på firefeltsvegar og andre prosjekt. Så då må ein òg ha ambisjon om at ein skal greie å rassikre vegnettet i heile landet. Det er mogleg, dersom ein prioriterer det.

Ras på vegen til Navelsaker

TOPPAR LISTA: Fylkesveg 5744 til Navelsaker i Stad kommune er den mest rasfarlege vegen.

Foto: Mariann Navelsaker

Prislappen: 71 milliardar

I desember i fjor la Statens vegvesen fram dei siste oppdaterte tala som viser at det trengst 71 milliardar kroner til å rassikre det norske vegnettet, på nær 1200 ulike stader.

Berre på Vestlandet vil det gå med 40 milliardar, om vegane skal tryggast.

I Nord-Noreg er det behov for 23 milliardar og i Midt-Noreg nær 5 milliardar. Til saman 3 milliardar trengst på Austlandet og på Sørlandet.

Planar om å utbetre E16 ligg inne i langtidsplanane til Vegvesenet. Ahlin meiner det er viktig å få ein fortgang i planane for å unngå katastrofe.

– Samanliknar ein trafikktettleiken på den strekninga med statistikk over ras så burde ein ligge godt an til å få prioritert rassikring på den vegen.

Jenny Følling

VIL AUKE: –. Klimaendringane gjer til at dette problemet aukar. Det vil rase på nye stader og behovet for rassikring vil berre auke, seier Jenny Følling.

Foto: ODDMUND HAUGEN / NRK

Ei plage i fleire år

Mjølkebonden Helge Navelsaker bur i den vesle bygda Navelsaker i Stad kommune. Der den mest rasutsette vegstrekninga går.

– Det her har vore ei plage lenge, fortel Navelsaker.

Årleg opplever dei ras på strekninga, men han trur ikkje at rassikring vert prioritert med det første.

– Den vegen har gått ned i prioritering på grunn av andre strekningar som òg har hatt behov for sikring.

Det bur ikkje mange personar i den vesle bygda, og han trur at det kan vere ei av årsakene til at rassikring ikkje vert prioritert. Sjølv må ikkje Navelsaker køyre vegen kvar dag, men han tenkjer på dei andre i bygda, og særleg på dei som har barn.

– Eg kunne tenkt meg at det blei bygt eit rasoverbygg eller ein tunnel. Det hadde vore det tryggaste. Men det er også det dyraste alternativet.

Helge Navelsaker

FARLEGASTE VEG: – Her opplever vi ras kvart år, seier mjølkebonden Helge Navelsaker. Vegen inn til bygda er den mest rasutsette vegen i Noreg.

Foto: Benedikte Grov / NRK