Hopp til innhold

Oppjusterer kostnaden for Hordfast

Utbygginga av motorvegen Hordfast er no kostnadsrekna til nesten 46 milliardar kroner. Det er 4,7 milliardar kroner meir enn anslaget i 2021 (omrekna til noverande kroneverdi).

Den nye prislappen går fram av Statens vegvesen sitt forslag til ny Nasjonal transportplan (NTP) for perioden 2025-2036. Auken svarar til omtrent den generelle auken i anleggskostnadar generelt i Noreg.

46 milliardar kroner er likevel nesten 7 milliardar billigare enn då kalkylen for Hordfast i 2016 var på det høgaste. Då var kalkylen 43 milliardar kroner, noko som svarar til nesten 53 milliardar kroner i 2023.

Vegvesenet har i mange år jobba med å kutta kostnadane på Hordfast.

Vegvesenet har nyleg prioritert Hordfast både opp og ned. Ut frå anslått samfunnsnytte meiner etaten at Hordfast bør byggjast i den neste 12-årsperioden.

Men med dei økonomiske rammene som regjeringa har lagt for samferdselsinvesteringar, meiner Vegvesenet (i sitt forslag til porteføljestyring) at Hordfast ikkje kan bli prioritert.

Hordfast