Hopp til innhold

Endeleg opnar vegen: 7 år, 9 mrd. kroner og utsetjing på grunn av to par rulleskøyter

Vegen er den dyraste som nokon gong er bygd i fylket. Men prosjektleiaren trur ikkje Bergen kan ta i mot den kraftige trafikkauken som vegen er venta å gje.

Jon-Ivar Nygård opnar den nye motorvegen mellom Bergen og Os.

HOGG TIL: Samferdsleminister Jon-Ivar Nygård stod for den offisielle opninga av vegen. Det skjedde med ei øks.

Foto: Leif Rune Løland / NRK

I dag klokka 12 opna samferdsleminister Jon-Ivar Nygård veganlegget Svegatjørn-Rådal.

Anlegget består av tunnelar som kuttar køyretida mellom Bergen og Os med 17 minutt, og ei stor ombygging av vegar i området mellom Flyplassvegen og Rådalen.

Strekninga er ein del av kyststamvegen E39 som går langs heile vestlandskysten frå Trondheim til Kristiansand, og den nye vegen vil også redusera køyretida mellom Bergen og Stavanger.

Dette er det dyraste veganlegget som nokon gong er bygd i Vestland fylke, til ein prislapp på rundt 9,4 milliardar kroner.

Det består blant anna av Noregs lengste motorvegtunnel på 9,2 kilometer, der Vestland for første gang får ei strekning med fartsgrense på 100 kilometer i timen.

Her kan du sjå video av heile veganlegget.

Åtvarar mot auka trafikk

Prosjektleiar Kelly Nesheim Iversen i Statens vegvesen er så stolt at ho held på å sprekka, når ho viser fram anlegget.

I dag vart den nye E39 mellom Bergen og Os opna.

Mange hadde møtt fram for å følgja opninga.

Foto: Leif Rune Løland / NRK

Ho meiner det er blitt veldig bra for dei som skal bruka vegane, men ho har ei tydeleg åtvaring til politikarane når trafikken etter kvart kjem til å auka.

– Eg trur ikkje Bergen kan ta i mot så mykje trafikk, seier ho.

Prognosane for trafikken på motorvegen viser at auken ikkje blir spesielt stor etter opninga. Men på lengre sikt ser Statens vegvesen for seg at det kan bli nesten dobbelt så mange bilar.

Les også Trafikken skal ned: Bygger samtidig motorvegar som skal auke trafikken

Svegatjørn - Rådal, dronebilde, 26. november 2020

I fjor fortalde NRK at på innfartsårene sør for Bergen passerte i gjennomsnitt 15.400 køyretøy dagleg. Vegvesenet hadde berekna at 20 år etter opning ville dagleg trafikk på den kommande motorvegen bli 28.000.

– Eg håpar dei utnyttar tunnelane på ein god måte. At dei legg inn mykje kollektivtrafikk, også ekspressruter. Det blir ein god moglegheit til å koma seg raskt til Bergen. Så det vil eg oppfordra til, seier Kelly Nesheim Iversen.

– Kvar er kollektivfelta, då?

– Nei, det har vi ikkje på ein motorveg. Men kapasiteten her er så god at det ikkje er nødvendig, seier Iversen.

Tar grep for å unngå kaos

Det er fylkeskommunen som har ansvaret for kollektivtrafikken. Fylkesordførar Jon Askeland (Sp) i Vestland gler seg over den nye vegen, men seier dei er merksame på at det kan koma ein sterk trafikkauke inn mot Bergen.

– Vegsystemet i Bergen kan ha utfordringar med å møta ein auka mengde privatbilar. Difor tar vi grep frå første dag, med mange nye bussruter og bussavgangar mellom Bergen og Os, inkludert ekspressbussar, seier Askeland.

Deretter vil Skyss og fylkeskommunen følgja nøye med på utviklinga vidare framover.

– Om nødvendig må vi utvida tilbodet, seier fylkesordføraren.

Han ber dei som reiser på strekninga om å bidra til at det ikkje blir altfor mange bilar på vegen i åra framover.

– Reis kollektivt når du kan. Det er billeg, bra for klimaet og bidrar til å unngå køar. Periodekort kan gje billettpris på heilt ned mot 12–15 kroner, seier Askeland.

Det var nye vegen, som mange er glade for. Men langs gamlevegen via Søfteland er det verksemder som ikkje ser like lyst på framtida.

Langs vegen forbi Søfteland er det fleire verksemder som ser mørkt på framtida når den nye E39 opnar.

Opningsdagen utsett

Arbeidet med vegprosjektet har halde på i sju år, heilt sidan 2015.

Opningsdatoen er ti dagar seinare enn først planlagt. I ein viktig testperiode i slutten av august kom uvedkomande seg inn i den nye Lyshorntunnelen for å stå på rulleskøyter.

Statens vegvesen sender direkte frå opningsseremonien, som varer frå 12.00 til 13.30.

Kelly Nesheim Iversen i Statens vegvesen

STOLT PROSJEKTLEIAR: Kelly Nesheim Iversen i Statens vegvesen har jobba med nyevegen i fleire år, og legg ikkje skjul på at ho er stolt over jobben som er gjort og resultatet som no er klart til bruk.

Foto: Leif Rune Løland / NRK