Hopp til innhold

Fem spørsmål og svar om Hordfast

Gigantprosjektet på E39 er både svært ønska – og svært omstridt. Men kva er det for noko?

Modell av Hordfastbrua over Bjørnafjorden.

GIGANTBRU: Modell av Hordfastbrua over Bjørnafjorden.

Illustrasjon: Statens vegvesen/Dissing+Weitling

Hordfast og ferjefri E39 har vore eit omstridt prosjekt sidan det vart lansert.

Både den høge prislappen og naturen som går tapt til fordel for motorveg har gjort at mange er skeptiske.

Likevel meiner mange at det i dag tar for lang tid å reisa langs kysten på Vestlandet, då vegane ofte er smale, og ein må få reisa til å klaffe med ferjene.

Valet står då mellom ferjer – eller motorveg og bru.

Ferje, Halhjem ferjekai

FERJE: Ferja på frå Halhjem til Sandvikvåg kan leggast til kai for evig tid viss Hordfast blir bygd.

Foto: Gerd Johanne Braadland / NRK

1. Kva er Hordfast?

Hordfast er eit føreslått vegprosjekt som skal gjera vegen mellom Bergen og Stavanger ferjefri.

Fleire ferjestrekningar i Sunnhordland skal bli erstatta med bru og veg.

Dette er for å korte ned reisetida mellom Os og Stord med 60 minutt.

Prislappen på denne nedkortinga er på 37,7 milliardar kroner, noko som gjer det til det dyraste vegprosjektet i Noreg nokosinne.

Mykje av pengane går til brua over Bjørnafjorden, som er anslått å kosta 17 milliardar kroner.

Hordfast

HORDFAST: Skissa illustrerer kvar den nye vegen skal gå.

Illustrasjon: Statens Vegvesen

Den 5,5 kilometer lange brua blir verdas lengste av sitt slag.

Reguleringsplanen er i gang, og byggjestart er venta i 2027.

Hordfast er ein del av samferdselsprosjektet «Ferjefri E39», som har som mål å knytte kysten tettare saman.

2. Kva er argumenta for?

Hovudargumentet for å byggja Hordfast er at det kjem til å korta ned reisetida.

Hordfast AS anslår på sine nettsider at ein kan halvera reisetida frå Bergen til Haugesund viss Hordfast blir oppretta.

Det er halvparten av i dag.

Byggjer ein Rogfast i tillegg, som er eit liknande vegprosjekt i Rogaland, brukar ein to timar frå Stavanger til Bergen, mot dagens fire og ein halv.

Modell av Hordfastbrua over Bjørnafjorden.

MOTORVEG: Tilhengarar av Hordfast meiner bru og motorveg er vegen å gå (eller køyre).

Illustrasjon: Statens vegvesen/Dissing+Weitling

I tillegg meiner det at ein trafikksikker firefelts motorveg knyt Vestlandet tettare saman. Spesielt transportnæringa gnir seg i hendene over tanken på korte ned reisetida betrakteleg.

Ifølgje Menon Economics har rekna seg fram til at prosjektet er svært samfunnsøkonomisk lønnsamt.

I snitt kjem verdiskapinga til å utløyse 3,5 milliardar kroner, mykje på grunn av produktivitetsforbetring, ifølge analysen til Menon.

Denne rapporten har fleire vore kritiske til, mykje på grunn av at han vart bestilt av interesseorganisasjonen Hordfast AS.

3. Kva er argumenta mot?

Klima og miljø er hovudargumentet mot å utføra det store vegprosjektet. Naturvernforbundet meiner at prosjektet er svært dårleg nytt for myra, regnskogen og kystlandskapet som blir øydelagt viss vegen blir bygd.

Statsforvaltar i Vestland, Lars Sponheim (V), kalla Hordfast det største naturinngrepet i Vestland i moderne tid.

Lars Sponheim foran ferge

NEI TIL BRU: Lars Sponheim er ein av dei som heller vil ta ferja enn å bygga bru og veg.

Foto: SIMON S. BRANDSETH / NRK

I tillegg er det rekna med at trafikken på vegane kjem til å auke. Tal frå Statens vegvesen viser at det i 2016 var litt over 3000 køyretøy på ferja over Bjørnafjorden aleine.

I 2030 viser prognosen frå Vegvesenet at det kan bli ein årsdøgntrafikk på 10.000 køyretøy over brua.

Trafikkauken har blitt kritisert frå fleire miljøparti og miljøorganisasjonar.

4. Kva meiner partia?

Hordfast har ganske brei støtte på Stortinget, men ikkje alle er samde om kva trasé som er best å prioritera, og korleis det skal finansierast.

Sjå kva dei ni stortingspartia meiner om Hordfast i faktaboksen nedanfor.

5. Kvifor heiter det Hordfast?

Dette er kanskje ikkje det viktigaste spørsmålet i denne saka, men absolutt eit som er verdt å stilla.

Hordfast kjem frå orda Hordaland, som er den sørlege delen av det som no heiter Vestland fylke, og fastlandsforbindelse, som er vegforbindelse frå fastland til øyer ved hjelp av bru eller tunnel.

Slå desse to saman, og du får enten «alandlandforbindelse» eller «Hordfast», og det siste kling utvilsamt betre.

Den etymologien gjeld òg for andre vegprosjekt som Ryfast, Rogfast og Renfast.

Les òg:

Trafikken skal ned: Bygger samtidig motorvegar som skal auke trafikken