Om lag 800 millionar kroner er så langt brukt til planlegging av ny og ferjefri E39 mellom Bergen og Stord, også kalla Hordfast.
Planane inkluderer mellom anna ei over fem kilometer lang bru over Bjørnafjorden, mellom dei to kommunane Tysnes og Bjørnafjorden.
Brua skal erstatta eitt av dagens ferjesamband på E39.
LANG BRU: Statens vegvesen planlegg ei over fem kilometer lang bru over Bjørnafjorden for å ta vekk eit ferjesamband mellom Bergen og Stavanger.
Foto: Illustrasjon Statens vegvesenArbeidet skal få ned køyretida mellom byane Bergen og Stavanger frå fire og ein halv, til under to og ein halv time.
Men no er det opprør i samferdsleminister Jon Ivar Nygård (Ap) sitt eiga parti i Vestland.
Eit samrøystes Vestland Ap vedtok på sitt årsmøte tidlegare i vinter å be om ny utgreiing av ein anna trasé for ny E39 mellom Bergen og Stord, ein så kalla «indre trasé».
Dei ynskjer ikkje brua over Bjørnafjorden, men heller veg i dette landskapet:
ALTERNATIV: Ein så kalla indre trase er tenkt i dette området, som går gjennom fleire kommunar. Video: Odd Arne Olderbakk/NRK
Trur på byggjestart i 2027
Denne trasen vart lagt vekk allereie i 2013, mellom anna grunna lang reisetid og store naturinngrep med tunnelar.
SEIER NEI: Ordførar i Bjørnafjorden kommune, Trine Lindborg (Ap), meiner lang bru over Bjørnafjorden er ein særs dårleg idé.
Foto: Even Norheim Johansen / NRKMen no vil altså det lokale Arbeidarpartiet ha omkamp, og stansa vidare arbeid med den lange brua, som både er omtalt som både gigantbru og monsterbru.
Dette trass i at planleggingsarbeidet er godt i gang, og at byggjestart kan starta så tidleg i 2027, ifølgje Sverre Ottesen i Statens vegvesen, som nyleg var på eit folkemøte på Tysnes.
– Eg meiner me må ta ein fot i bakken no. Dette går berre ikkje lenger, seier ordførarar i Bjørnafjorden kommune, Trine Lindborg (Ap).
KONFLIKT: Her, på austsida av Tysnes, kan den nye E39 mellom Bergen og Stavanger komma. Store deler av vegen vil komma i tunnel.
Foto: Odd Arne Olderbakk / NRKTreng ikkje fire felt
Ho meiner den planlagde brua over Bjørnafjorden vil føra til store naturinngrep, og at det er skadeleg i eit klimaperspektiv.
At det er brukt fleire hundre millionar så langt på planlegging, meiner ho er eit dårleg argument for å halda fram.
Lindborg vil i staden ha den nye E39 gjennom sin eigen kommune, og meiner dette vil føra til at fleire får glede av vegen.
– Ein snakkar ikkje berre om ein lokalveg mellom Stord og Flesland. Her er det viktig at ein ser på kva som byggjer Noreg og Vestlandet sterkare saman, seier Lindborg.
Ho legg til at dette vil gjera det lettare å styrka samband nord og sør i Vestland, og mellom aust og vest.
NY BRU: Om nye E39 mellom Bergen og Stavanger kjem i indre trasé må ein byggja ny bru over Lukksundet i Tysnes kommune.
Foto: Odd Arne Olderbakk / NRKLindborg meiner ein også må skalera ned prosjektet frå fire til to felt. Og at ein ser på moglegheitene for å byggja ut prosjektet i fleire etappar.
– Ein god tofeltsveg, med midtdeler, vil vera godt nok. Ja, sjølvsagt vert det naturinngrep med dette valet også, men me må sjå på kva som gagnar Noreg best totalt sett, meiner ho.
Ordførar: – Uheldig
På andre sida av Bjørnafjorden, i Stord kommune, sit det også ein ordførar frå Arbeidarpartiet. Han er særs lite nøgd med vedtaket i hans eiga parti.
– Eg synest vedtaket er uheldig. Når eit vedtak er gjort, bør ein jobba for å få realisert prosjektet. Omkampar er den sikraste vegen til utsetjing, og i verste fall forkasting av heile prosjektet, seier han.
UHELDIG: Stord-ordførar Gaute Straume Epland (Ap) meiner det er uheldig av eiga fylkesparti å be om nye utgreiingar om Hordfast.
Foto: Eli Bjelland / NRKEpland peiker på at store deler av strekninga der Lindborg ynskjer å byggja veg, har stort konfliktpotensiale og at store deler av den om lag tre mil lange traseen vil gå i tunnel.
– Dette vil føra til stort behov for vedlikehald, og enorme mengder lausmassar som må plasserast ein stad, seier han.
Samferdsleminister Jon-Ivar Nygård (Ap) har tidlegare sagt at valet av trasé over Bjørnafjorden ligg fast, og at det ikkje er aktuelt å sjå på nytt traseval.
– Eg er glad for at regjeringa er så tydeleg, men vedtaket i Vestland Arbeidarparti sår tvil om prosjektet, seier Stord-ordføraren.
FERJE: I dag går det til saman tre ferjesamband over Bjørnafjorden. I framtida kan fleire av dei forsvinna.
Foto: Odd Arne Olderbakk / NRKDeler Vestland i to
Saman med 13 andre ordførarar i regionen Sunnhordland sør i Vestland, og på Haugalandet, som samla tel over 170.000 innbyggjarar, har han skrive eit lesarbrev til BA om kor viktig prosjektet er for denne delen av landet.
For i nordenden av fylket Rogaland er vegprosjektet Rogfast under bygging. Den 25 kilometer lange undersjøiske tunnelen vil gjera både Sunnhordland og Haugalandet «landfast» med Stavanger.
Det vil gje ein køyretid mellom Stord og Stavanger på ein time og femten minutt, ferjefritt.
– I 2031 har ein samanhengande motorveg mellom Oslo, via Kristiansand og Stavanger og heilt nord til Sveio. Og om ikkje Hordfast står ferdig omtrent samtidig, vil dette dela Vestlandet i to. Haugalandet og Sunnhordland vil trekkja sørover, Stavanger vil styrkja seg, medan Bergen vil svekkja seg, seier Epland.