Hopp til innhold
Ras på E16

Statsbudsjettet 2024 Vestland

Oppsummert

Her får du alle nyheter og reaksjoner for statsbudsjettet 2024 i Vestland fylke. Statsbudsjettet legges frem 6. oktober 2023.

  • Griegakademiet får ikkje støtte til nytt bygg

    – Dette er alvorlege nyheiter, fortel operasjef ved Opera Nordfjord, Kari Standal Pavelich, om at Griegakademiet ikkje får støtte frå statsbudsjettet.

    Universitetet i Bergen er klare til å starte bygging av nytt lokale i februar, men manglar framleis naudsynt finansiering.

    Lokala i dag har mugg i veggane og akustikk som er skadeleg for høyrselen.

    Pavelich seier dei er avhengige av å få musikarar utdanna ved Griegakademiet og meiner utdanningsinstutisjonen er viktig for kunst- og kulturmiljøet på Vestlandet.

    – Ein sterk utdanningsinstutisjon vil bidra til eit sterkt kunst- og kulturmiljø.

    Mannen frå La Mancha. Operapremiere på Opera Nordfjord.
    Foto: Arne Stubhaug / NRK
  • 2,6 milliardar kroner til Langskip

    Regjeringa foreslår ei løyving på 2,6 milliardar kroner i 2024 til framleis satsing på Langskip, fullskalaprosjektet for CO2-handtering. Mottaksterminalen er i Øygarden. Herfrå blir CO₂-ein blir transportert i røyr 100 kilometer ut i Nordsjøen for permanent lagring i eit reservoar 2600 meter under havbotnen.

    Langskip omfattar CO2-fangst på sementfabrikken til Heidelberg Materials (tidlegare Norcem) i Brevik og på avfallsforbrenningsanlegget til Hafslund Oslo Celsio, og transport og lagring av CO2 på kontinentalsokkelen ved Northern Lights.

    – Langskip er det største klimaprosjektet i norsk industri nokosinne. For å nå måla i Parisavtalen er verda heilt avhengig av at vi lykkast med dette, siger olje- og energiminister Terje Aasland.

    øygarden langskip
    Foto: Equinor
  • Pensjonistforbundet svært skuffa over budsjettet

    – Ei eldresatsing utan pengar er inga satsing, seier leiar i Pensjonistforbundet Jan Davidsen. – Her er ikkje ei krone ekstra til dagens minstepensjonistar, sjølv om sterkt aukande levekostnader rammar denne gruppa hardt. Samtidig foreslår regjeringa å auke eigendelen med 4,35 prosent for legetenester og pasientreiser, som i stor grad blir nytta av eldre, seier han i ei pressemelding frå forbundet.

    Jan Davidsen
    Foto: Johnny Syversen Byråruta / NRK
  • 18,4 millioner for å betre nærmiljø i Bergen

    Regjeringen foreslår å bevilge 18,4 millioner kroner til områdesatsinger i Bergen. Områdesatsingene skal utgjøre en ekstra innsats for tjenesteutvikling og bedre nærmiljøkvaliteter i levekårsutsatte områder.

  • Besøkssenter i Utladalen

    Utladalen Naturhus får status som besøkssenter for Jotunheimen nasjonalpark og Utladalen landskapsvernområde med skjøtsel og naturrestaurering som satsingsfelt.

    Avdalsfossen i Utladalen i Årdal kommune.
    Foto: Roy Raasholm Fauske / NRK