Hopp til innhold
Røyksopp 5
Foto: (c) Roy Bjørge

Kultur i Vestland

Oppsummert

Siste nytt om kultur i Vestland.

  • Bergens pepperkakeby kan bli sentral i ny animasjonsfilm

    Med et budsjett på rundt 70 millioner kroner er det planlagt en animasjonsfilmen ved navn «Pepperkakebyen» med basis i Bergens kjente juleutstilling.

    Blant annet kommer støtten fra Vestnorsk Filmsenter og Mediefondet Zefyr, skriver Bergens Tidende.

    – Er det noe som er mer naturlig enn å lage spillefilm om pepperkakene i Bergen? Det er jo så universelt, sier Stine Tveten i Vestnorsk Filmsenter.

    Ifølge avisen skal filmen kombinere elementer fra «Toy Story» og «Natt på museet», med pepperkakefigurer som blir levende.

    Filmideen kom til Kristine M.I. Knudsen, kjent for tidligere animasjonsprosjekter, gjennom to forfattere, skriver BT.(NTB)

    Ukrainske flyktningar i Pepperkakebyen i Bergen
    Foto: Brynjar Mangor Myrtveit Osgjerd / NRK
  • Meiner valet sikra nynorske vidare

    – Valresultatet har gitt nynorsken ein tryggleik.

    Det seier leder i Noregs Mållag, Peder Lofnes Hauge.

    I 127 dagar har medlemmer frå Noregs Mållag over heile landet jobba saman for kampanjen «Nynorsk i skulen for alle». Målet har vore å vise kor viktig sidemålsordninga er for nynorsken som nasjonalt språk.

    Med dette stortingsfleirtalet står sidemålsordninga stødig vidare, ifølge Hauge.

    – Nå skal vi løfte nynorsken framover, seier han.

    Peder Lofnes Hauge
    Foto: Privat
  • Millionlovnad til Astrupsenteret

    Det planlagde visnings­senteret ved Astruptunet i Jølster får 32 millionar over neste års stats­budsjett.

    Kultur­minister Lubna Jaffery (Ap) presenterte budsjett­lekasjen under eit besøk til kunstnar­heimen til Nikolai Astrup (1880-1928).

    Etter planen kan visnings­senteret nokre hundre meter vest for Astrup­tunet på sørsida av Jølstra­vatnet stå klart sommaren 2028 - hundre år etter Astrup sin død.

    Frå tidlegare har to sparebank­stiftingar og Sunnfjord kommune løyvd tilsaman 59 millionar kroner. Kostnaden med senteret er rekna til kring 130 millionar kroner.

    – No er det berre å invitere dronninga til opninga av visningssenteret, sa Jaffery. Dronninga er som kjent stor beundrar av Jølster-kunstnaren.

    Sunnfjord-ordførar Jenny Følling (Sp) klemmer på kulturminister Lubna Jaffery (Ap) etter at det vart klart at regjeringa vil løyve 32 millionar kroner over statsbudsjettet.
    Foto: Ann Beate Eikås / NRK
  • Sophie Elise vil gi ut bok på nynorsk

    Sofie Steen Isachsen, mest kjend som Sophie Elise, fekk eit nytt syn på livet etter å ha lest ei av Jon Fosse sine mange bøker. Ikkje minst synet på nynorsk, eit skriftspråk den tidlegare bloggaren meiner fortener meir kjærleik.

    Den kjende påverkaren har sjølv skrive tre bøker og gjeve ut fem songar. No ynskjer påverkaren å gi ut bøker på både bokmål og nynorsk.

    – Redaktøren min kjem heilt sikkert til å seie nei, men så tenkte eg: Kan eg ikkje berre få den omsett til nynorsk. Eg kjem til å spørje, seier ho til NRK.

    Solveig Svarstad spør ut Sophie Elise Isachsen om hennar forhold til nynorsk.
    Foto: NRK
  • Tolv vil bli teatersjef

    Teater Vestland har fått inn søknader frå åtte menn og fire kvinner til stillinga som teatersjef.

    Kristina Kjeldsberg vart på nyåret konstituert teatersjef ut året etter at dåværande sjef Cecilie Grydeland Lundsholt gjekk på dagen.

    – Det viser at stillinga som teatersjef ved Teater Vestland er attraktiv og viktig, seier ein nøgd styreleiar Rasmus Mo.

    To kvinner er unnateke offentlegheita, medan ein søkjar trekte søknaden. I tillegg er desse på søkjarlista: Adam Levine (60) frå Oslo, Aslak Moe (54) frå Bergen, Hadle Lavold Reisæter (37) frå Gvarv, Jeff Pedersen (56) frå Stongfjorden, Max Leonardo Duerto Segali (53) frå Stavanger, Ole Christian Øen (57) frå Mysen, Patryk Mielczarek frå Høyanger, Sigurd Sele (49) frå Lørenskog og Vibeke Havre (51) frå Bergen.

    Vestland teater holder til i Nynorskhuset i Førde
    Foto: Roy Hilmar Svendsen / NRK