Hopp til innhold

Fleire bedrifter vil erstatte arbeidarar med teknologi: – Dyrare å ha folk i arbeid

Finansdepartementet vil ikkje svare for når avgifta, som skulle vere «mellombels», blir fjerna. Dette skaper stor usikkerheit for bedriftene, som ikkje veit kor mange dei kan tilsette.

Mats Nygaard Johnsen. Daglig leder NSK Ship Design. Sigrid Ina Simonsen, regiondirektør NHO Arktis

BEKYMRA: Den ekstra arbeidsgivaravgifta skaper stor usikkerheit for næringslivet, meiner regiondirektør i NHO Arktis, Sigrid Ina Simonsen og dagleg leiar i NSK Ship Design, Mats Nygaard Johnsen.

Foto: Henrik Einangshaug / NRK

Om lag 1 av 4 finansbedrifter vil erstatte arbeidarar med maskiner eller teknologi.

Dette som følge av auka arbeidsgivaravgift.

Det kjem fram i ein fersk foreløpig rapport frå Vista Analyse.

I alt svarar 12 prosent at dei vurderer å erstatte arbeidarar med maskiner eller teknologi.

I rapporten, som blant anna blei bestilt av NHO, blir det peika på fleire konsekvensar ved den ekstra arbeidsgivaravgifta. Ei avgift som blei innførte i statsbudsjettet for 2023.

– Den gjer det dyrare å ha folk i arbeid, og gjer at vi ikkje kan tilsette like mange som vi hadde tenkt å gjere.

Det seier dagleg leiar i NSK Ship Design, Mats Nygaard Johnsen, til NRK.

Selskapet er blant landets fremste i å teikne havbruksanlegg og skip.

Mats Nygaard Johnsen. Daglig leder NSK Ship Design.
Foto: Henrik Einangshaug / NRK

Stor usikkerheit

Fleire blei overraska da regjeringa lanserte avgifta. Ei avgift som førte til at fleire måtte kalkulere om budsjettet dei hadde lagt tidlegare på året.

– Det er sjølvsagt litt frustrasjon at han kom overraskande, og på ein måte som vi ikkje hadde fått førebudd oss på, seier bedriftsleiaren.

NHO Vista Analyse

DELTE: Bedriftene er ueinige i kor lang tid dei trur avgifta vil vare.

Faksimile: Vista Analyse

Usikkerheita speglar seg av i den foreløpige rapporten.

Der svarer heile 1 av 3 bedrifter «veit ikkje» på spørsmål om kor lenge dei trur avgifta vil vare. Heile 1 av 5 bedrifter med 100 eller fleire tilsette trur avgifta vil vare «lenger enn 5 år».

– Det var ei avgift som kom overraskande på, som var både dårleg grunngitt og greidd ut, seier regiondirektør i NHO Arktis, Sigrid Ina Simonsen.

Finansdepartementet har ikkje kommentert NHOs påstand om at avgifta var dårleg grunngitt og greidd ut. Dei vil ikkje seie noko om reaksjonen deira til det som kjem fram i den foreløpige rapporten.

Ordførar kan bli tvinga til å slutte: – Angrep på demokratiet

Robin Ridderseth ordfører Tjeldsund

Vil ikkje svare

Statssekretær i Finansdepartementet, Lars Ravn Vangen (Sp), skriv i ein e-post til NRK at avgifta vil bli avvikla.

Vi har vore tydelege på at den ekstra arbeidsgivaravgifta – som blei innført i ei spesielt krevjande tid for norsk økonomi – er mellombels, og at ho vil bli avvikla både i nord, og i resten av landet.

Han vil ikkje svare på spørsmål om når avgifta vil bli avvikla. Dette er noko som skaper usikkerheit, meiner NHO.

Finansministeren har lova å skrote avgifta før neste val. Det er ikkje kjent om avgifta held fram i neste års statsbudsjett.

Les også I denne byen manglar dei folk

Harstad

– Veldig uheldig

Som NRK tidlegare har omtalt, er mangelen på arbeidskraft stor. Dette blir særleg merka i enkelte sektorar.

I Harstad fekk kommunen i fjor haust to søknader, da dei kunngjorde fire stillingar som fastlege i 100 % stilling, viser innsyn NRK har fått.

NHOs regiondirektør meiner avgifta slår uheldig ut for bedrifter som den Nygaard Johnsen driv.

– Den slår veldig uheldig ut for mange av dei bedriftene som har høgkompetent arbeidskraft, som vi meiner er viktig å legge til rette for, i større grad enn det vi gjer i dag.

Nygaard Johnsen er klar på kva han meiner bør gjerast:

– Ta ei avgjerd. Ikkje la den usikkerheita herske.