Frå 1. juli er det Stortinget si vilje at avansert biodrivstoff, som eit klimatiltak, skal utgjere 2 prosent av flybensinen.
Kravet om 2 prosent biodrivstoff i «miksen» var ein del av SVs budsjettforlik (punkt 14) med regjeringa i 2022, og vart vedteke av Stortinget same haust.
Måndag kom det for ein dag at regjeringa ikkje svarer på bestillinga.
Det vart klart i ein seanse på Stortinget der klimaminister Espen Barth Eide (Ap) vart utfordra av Lars Haltbrekken (SV).
På spørsmål om statusen for kravet svarte Barth Eide først at biodrivstoff i flytrafikken var samferdselsministeren sitt bord og at dette måtte statsråd-kollega Jon-Ivar Nygård (Ap) svare for.
Konfrontert med at Miljødirektoratet i januar sende endringane i produktforskrifta på høyring, på oppdrag frå nettopp Klima- og miljødirektoratet, måtte Barth Eide medgi at det likevel var hans ansvar.
Sjå tilsvar frå statsråden under.
I høyringsrunden har NHO luftfart argumentert med at EU planlegg å innføre eit 2 prosent-krav i 2025, og at det er uheldig om Noreg går åleine i front i mellomtida.
Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB– Det er alvorleg
– Dette er ei sak med to viktige dimensjonar. Den viktigaste er at Barth Eide utset eit viktig klimatiltak som Stortinget har vedteke. Det andre er at han ikkje informerer Stortinget om at han gjer det. Det er alvorleg, seier Lars Haltbrekken til NRK.
NRK har vore i kontakt med fleire som reagerer på tilsvarande vis. Dels på at vedtaket ikkje blir følgt opp, og dels på at regjeringa ikkje har gitt beskjed.
Til samanlikning vart Stortinget varsla i revidert statsbudsjett om at regjeringa ville skyve på biodrivstoff-kravet til marin sektor.
- Sofie Marhaug, Raudt: – Det verkar som regjeringa har gitt opp målet om utsleppskutt i luftfarten fram mot 2030. Det finst nemleg to måtar å gjere dette på. Det eine er færre flygingar mellom dei største byane og til utlandet. Den andre måten er å auke bruken av biodrivstoff.
- Sveinung Rotevatn (V): – Særleg i luftfarten er det viktig å trappe opp bruken av biodrivstoff. Ganske enkelt fordi andre alternativ, som batteri eller hydrogen, ikkje blir modne på mange år.
- Ingvild Kilen Rørholt, Zero: – Det er trist at regjeringa ikkje klarer å følgje opp viktige klimatiltak frå Stortinget. Dette forslaget er vedteke og har vore på høyring og er klart til å innførast, så det er ingen grunn til å utsetje.
– Det er heilt uforståeleg at den same regjeringa dreg beina etter seg i å innføre nye omsetnadskrav for biodrivstoff, seier Sveinung Rotevatn (V).
Foto: Ole Berg-rusten / NTBSAS: – Meiningslaus symbolpolitikk
I høyringsrunden har NHO luftfart argumentert med at EU planlegg å innføre eit 2 prosent-krav i 2025, og at «konkurranse- og likebehandlingsomsyn» gjer at det er uheldig om Noreg går åleine i front med «ein nasjonal særregulering» i mellomtida.
SAS kallar det «meiningslaus symbolpolitikk».
Widerøe gjer eit poeng av at avansert biodrivstoff kostar 3–5 gonger meir enn fossilt drivstoff og at leveringspunkta for avansert biodrivstoff (førebels berre Oslo lufthamn) vil gi «ei urimeleg forskjellsbehandling i disfavør av distriktsrutene».
Biodrivstoff vart nemnt i tiltaka som Miljødirektoratet la fram sist veke.
Direktoratet skriv at flytande biodrivstoff gir utsleppskutt på papiret, men at det er store berekraftsutfordringar og at det dessutan er dyrt.
Lars H. Gulbrandsen, som er forskingsleiar for klima og energi ved Fridtjof Nansens Institutt, seier at eit omsetningskrav kan bidra til å skape ein marknad som kan få noko å seie for utsleppskutt på sikt, og at «høge kostnadar høgres ut som ein underleg grunngiving for å utsetje kravet».
– Det er veldig mange dyre klimatiltak som må gjennomførast for å nå klimamåla, seier han.
Han legg til flybransjen har eit poeng når dei påpeikar spenninga mellom det norske målet om å kutte 55 prosent av klimagassutsleppa («omstillingsmålet» i Hurdalsplattforma) og det juridisk bindande, felleseuropeiske målet om å ha ein kostnadseffektiv klimapolitikk (Paris-avtalen).
I høyringsrunden har fleire av flyselskapa påpeika at kvotesystemet ikkje er rigga for å fange opp miljøgevinsten frå biodrivstoff og at «nasjonale innblandingskrav» er eigna til å «svekkje det europeiske kvotesystemet» (sjå under).
En felles skala for å sammenligne ulike klimagasser. Utslipp av gasser som metan og nitrogenoksid regnes om til den mengden CO₂ som ville gitt samme klimaeffekt.
Innen 2030 skal Norge kutte minst 55 prosent av klimagassutslippene i forhold til 1990-nivå. Målet skal nås i samarbeid med EU. Innen 2050 skal 90-95 prosent av norske utslipp kuttes.
Dette betyr at vi må kutte utslipp i rekordfart. De siste ti årene har vi klart å kutte rundt 5 millioner tonn, de neste ti skal vi kutte rundt 25 millioner tonn.
Norge skal kutte utslipp på to måter, fordi utslippskildene kan deles i to:
Kvotepliktige utslipp: Dette er særlig utslipp fra industri og olje/gassplattformene. Utslippene er omfattet av EUs kvotesystem: For å slippe ut klimagasser må industrien kjøpe tillatelser (kvoter) i EU til den prisen kvotemarkedet bestemmer. Stadig høyere pris og færre kvoter skal tvinge frem utslippskutt der det er enklest å gjennomføre.
Ikke-kvotepliktige utslipp: Dette er klimagassutslipp fra blant annet transport, landbruk, avfall og oppvarming i bygg. Dette kalles ikke-kvotepliktig sektor fordi man ikke trenger kvoter for å slippe ut klimagasser. Hvordan Norge kan kutte utslippene i denne sektoren er beskrevet i fagrapporten «Klimakur 2030». Politikerne bestemmer hvilke av tiltakene fra rapporten som skal iverksettes.
Norge kan også kutte ikke-kvotepliktige utslipp ved å betale for utslippskutt i andre europeiske land. Regjeringen sier at de planlegger å klare målene uten å bruke denne muligheten, men den kan brukes hvis det blir «strengt nødvendig».
For Norge er utslippene i de to sektorene omtrent like store: I 2019 slapp de ut rundt 25 mill. tonn klimagasser hver.
Det kan bli politisk pinlig. En sannsynlig løsning er at Norge velger å betale for utslippskutt i andre land. Norge kan også bli ilagt sanksjoner dersom vi ikke når målene vi har avtalt med EU.
Norge skal jevnlig rapportere kutt til FN, i tråd med målene satt i Parisavtalen. Her er det ikke fastsatt noen sanksjoner for dem som ikke oppfyller forpliktelsene sine.
– Eit interessant klimatiltak
Asbjørn Torvanger ved Senter for klimaforsking (Cicero) seier til NRK at avansert biodrivstoff er eit «interessant klimatiltak» og kan vere ei bru til låg- og nullutsleppsløysingane på 2030-talet, men at brua kjem med hefte.
– Når det aller meste av råvarene vi brukar for å framstille det blir importert, blir det utfordringar med tanke på natur, matproduksjon og lokal arealbruk i dei landa vi importerer frå, spesielt dersom dette er mindre utvikla land.
På spørsmål frå Stortinget om kor store utsleppskutt regjeringa reknar med at det blir i luftfarten innan 2030, svarer samferdselsminister Jon-Ivar Nygård at det ikkje er fastsett noko mål og at det dessutan «ikkje er mogleg å berekne på noverande tidspunkt».
– Dette er ei sak med to viktige dimensjonar. Den viktigaste er at regjeringa utset eit viktig klimatiltak som Stortinget har vedteke. Det andre er at statsråden ikkje informerer Stortinget om at han gjer det. Det er alvorleg, seier Lars Haltbrekken (SV).
Foto: Gorm Kallestad / NTB