Hopp til innhold

Regjeringa tar grep dei sjølv har kalla «industrifiendtlege»

Regjeringa avviser at ho «møter seg sjølv i døra», men kutter i CO2-kompensasjonen til norsk industri.

Her skal Hydro satse 100 millionar, inne i det gamle Fundo-bygget

HØYANGER, SOGN: I dette industribygget skal Hydro bygge eit nytt smelteverk for skrapaluminium.

Foto: Ole Andre Rekkedal / NRK

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

I forslag til statsbudsjettet for 2023 legg regjeringa opp til eit «kvoteprisgolv» for å kutte i CO2-kompensasjonen til norsk industri.

Med dette forslaget kan ordninga stå seg i ei tid med strammare økonomisk handlingsrom, seier klima- og miljøminister Espen Barth Eide (Ap).

Den viktigaste grunngivinga for CO2-kompensasjon er å motverke såkalla karbonlekkasje, altså at kraftkrevjande industri forlèt EU- og EØS-området til fordel for ikkje-europeiske land som ikkje fører like streng klimapolitikk.

I perioden 2013–2020 vart det til saman utbetalt 6,7 milliardar kroner i kompensasjon til norske industribedrifter.

I eit innlegg i Klassekampen gjer Fellesforbundet og Norske Skog eit poeng av at Arbeidarpartiet «møter seg sjølv i døra».

Stortingets spørretime

– Dette sikrar ordninga for framtida samtidig som den tar omsyn til den krevjande budsjettsituasjonen, seier klima- og miljøminister Espen Barth Eide (Ap).

Foto: Terje Bendiksby / NTB

Solberg-regjeringa vurderte kvoteprisgolv

Bakgrunnen er denne: Då Solberg-regjeringa for nokre år sidan vurderte eit tilsvarande kvoteprisgolv, uttalte Terje Aasland (Ap) at berre tanken om eit kvoteprisgolv var «industrifiendtleg» og røpte ei regjering «utan innsikt i behovet i industrien for langsiktige rammevilkår».

Men no som Aasland sit ved Kongens bord vil han altså ha eit kvoteprisgolv likevel.

Alt heng saman med alt, seier partikamerat Petter Sortland (Ap).

Han er ordførar i Høyanger der alt krinsar rundt den kraftkrevjande aluminiumsindustrien og CO₂-kompensasjonen er «for livsnødvendig å rekne».

Han åtvarar mot eit høgare golv, men skjønner at det har vore nødvendig å justere tidlegare standpunkt.

Det viktigaste no er føreseilighet og ei robust ordning som står seg over tid, seier han.

CO2-kompensasjonen

Regjeringa ønsker å sikre «ein berekraftig CO2-kompensasjonsordning» som «står seg i ein tid med strammare budsjettmessig handlingsrom».

Foto: Klima- og miljødepartementet

Overraskande og dramatisk

Fagsjef i Norsk Industri, Marit Holtermann Foss, har mindre forståing for det nye golvet.

I ein appell til Stortinget kallar ho forslaget for «overraskande og dramatisk».

Den heilt uventa avkortinga inneber store ekstraordinære tap, og aukar risikoen for karbonlekkasje, seier ho til NRK.

Norske Skog Saugbrugs, Halden

Norske Skog Saugbrugs i Halden har tidlegare fått full CO2-kompensasjon. Men ikkje frå neste år.

Foto: Rainer Prang / NRK

Tilsvarande signal kjem frå Raudt, Framstegspartiet og Fagforbundet.

  • Sofie Marhaug (R): Vi har stor forståing for at industrien slår alarm. Det er dette vi skal leve av etter olja, då kan vi ikkje starte omstillinga med å gjere vilkåra dårlegare enn dei allereie er.
  • Terje Halleland (Frp):CO2-kompensasjon har vore svært viktig for kraftforedlande industri og vidare satsing i Noreg. Då heng det ikkje på greip at Arbeidarpartiet og Senterpartiet skaper uvisse på investeringar frå industrien framover.
  • Frode Alfheim, forbundsleiar Industri Energi: Regjeringa var tydeleg på at CO2-kompensasjonsordninga skulle styrkjast i Hurdalsplattforma. Dette er det motsette.

Sidan 2008 har Europas produksjon av aluminium vorte redusert med nesten ein tredel, og i august vart Norsk Hydro «tvunge» (som dei sjølv seier) til å stengje ned sitt aluminiumsverk i Slovakia, der CO2-kompensasjonsordninga ikkje er som i Noreg.

– Det er behov for føreseielegheit rundt denne ordninga, slik at vi kan halde fram med å utvikle norsk, fornybarbasert industri, seier Halvor Molland i Norsk Hydro til NRK.

Hydros deleide aluminiumsmelter i Slovakia

Hydros aluminiumsverk i Slovakia reduserte kapasiteten med 20 prosent i 2022, «hovudsakleg på grunn av uvisse om framtidig CO2-kompensasjon».

Foto: TomasBenedikovic / Slovalco Foto

Kostnadene spring løpsk om vi ikkje gjer noko

Fram mot 2030 skal selskap også få CO2-kompensasjon for «eigenkraft».

Regjeringa stritta imot («ein uklok gåvepakke»), men gav etter då ESA (Eftas overvakingsorgan) varsla at norsk industri alternativt ville bli ståande utan CO2-kompensasjon i ein lengre periode.

For Norsk Hydro betyr utvidinga at dei har rett på cirka 18 milliardar kroner i ekstra CO2-kompensasjon fram til 2030.

Ragnhild Sjoner Syrstad

– Kostnadene spring løpsk om vi ikkje gjer noko, seier statssekretær Klima- og miljødepartementet (KLD), Ragnhild Sjoner Syrstad (Ap).

Foto: CECILIE BERGAN STUEDAL

Statssekretær Klima- og miljødepartementet (KLD), Ragnhild Sjoner Syrstad (Ap), forsvarer det nye kvoteprisgolvet.

Kostnadene spring løpsk om vi ikkje gjer noko. Vi foreslår derfor ein liten eigendel for å kunne behalde ordninga sjølv om vi går inn i trongare økonomiske tider for statsfinansane, seier ho.

Ho viser til at dei årlege utbetalingane for perioden 2021–2030 er forventa å bli ti gonger så høge som dei var i perioden 2013–2020.

Berre innsparinga i seg sjølv er tre gonger høgare enn dei totale utbetalingane førre periode. Dette viser at kor viktig det er å gjere ordninga meir berekraftig.