I desember vart landa i verda samde om å verne 30 prosent av naturen. Avtalen vart underskriven i Montreal.
– Dette vil styresmakter over heile verda ta omsyn til og strekkje seg etter, sa klima- og miljøminister Espen Barth Eide (Ap) i etterkant av møtet.
Ein månad seinare har avtalen byrja å slå inn i norsk politikk.
Måndag annonserte regjeringa og kommunesektorens organisasjon KS at dei saman vil følge opp den nye avtalen.
– All natur ligg i ein kommune, forklarte Barth Eide.
Tidlegare i januar vart det klart at Stortinget skal diskutere vern av fem elvar til.
Grunngjevinga var Montreal-avtalen.
– Naturavtalen er eit tidsskilje av revolusjonær art, seier Andrew Kroglund, generalsekretær i Besteforeldrenes klimaaksjon (BKA).
I eit brev til dei folkevalde tek han til orde for at dei raskt finn ut korleis Noreg kan implementere 30 prosent-kravet utan at det «koker bort i kålen på same måte som Aichi-måla».
– Naturavtalen krev at vi må tenkje annleis. Tida med bit-for-bit nedbygging er forbi, no trengst eit paradigmeskifte i arealforvaltninga, seier Ingeborg Wessel Finstad, som er leiar for natur og berekraft i DNT.






Like før jul sa Miljødirektoratet nei til å legge ei ny bru gjennom Lågendeltaet Naturreservat ved Lillehammer. Dei einaste som kan endre vedtaket er regjeringa. Om dei vil.
FOTO: Frode Meskau/NRK– Vi forventar at regjeringa ikkje gir nye løyve
På Stortinget har energi- og miljøkomiteen fått to nye forslag å ta stilling til. Begge forslag tek utgangspunkt i den nye naturavtalen.
I forslaget frå MDG heiter det at Montreal-avtalen spenner bein på følgjande prosjekt:
- Hordfast
- Eidfjord Resort
- Davvi vindpark
- Ringeriksbanen
– Vi forventar at regjeringa ikkje gir løyve til store naturinngrep før vi har eit regelverk som sikrar at vi ikkje byggjer ned for mykje natur, seier Kristoffer Robin Haug i MDG.
Måndag var finansminister Trygve Slagsvold Vedum (Sp) i Sogndal for å sjå korleis det går med utbetringa av riksveg 13.
– Vi har nokre gonger kanskje valt oss litt vel gode vegstandardar. Men vi må byggje veg, og vi må byggje trygg veg, seier han til NRK.
– Store nye hyttefelt i skoggrensa, vindkraftanlegg i naturområde, flatehogst og botntråling i marine verneområde. Dette er døme på prosjekt vi ikkje kan føre vidare i den nye røyndommen, seier Truls Gulowsen i Naturvernforbundet. Bilete er teke der toppstasjonen til Eidfjord Resort er planlagt plassert.
Foto: Asle ØydvinHytteområde like stort som 200.000 fotballbanar
I forslaget frå Venstre heiter det at regjeringa må innføre ei arealavgift for naturinngrep, og at staten bør vurdere ei påskjønningsordning for «kommunar som lykkast med arealnøytral utvikling».
Forslaget nemner spesielt «dei negative effektane av hytteutbygging».
Den nye naturavtalen seier at minst 30 prosent av jordas lands-, kyst- og havområde skal bevarast innan 2030. – Vi har nokre gonger kanskje valt oss litt vel gode vegstandardar, seier finansminister Trygve Slagsvold Vedum (Sp).
Foto: Rune Stoltz Bertinussen / NTBNRK har tidlegare skrive at det er ein halv million hytter i Noreg, og at kommunane har sett av plass til endå ein halv million hytter.
Det er like mykje som 200.000 fotballbanar.
– Kanskje kan fleire leige hytter, i staden for at alle skal eige? spør Birgit Oline Kjerstad, som er stortingsrepresentant for SV.
I tillegg til å bremse hytteutbygginga meiner ho at naturavtalen «må få fylgjer for prosjekt som er planlagt i våtmarksområde, naturreservat og dyrka mark».
– Det må stillast krav til natur tidleg i planprosessar, så vi ikkje bruker enorme summar på å planleggje tiltak som ikkje bør gjennomførast. Døme er motorvegplanar som ferjefri E39, Hordfast, Møreaksen og E6 gjennom Lågendeltaet, seier ho.






Holtardalen på Rauland i Vinje kommune.
Per-Kåre Sandbakk/NRK LuftfotoDen siste hovudrapporten til FNs klimapanel er også med
– Det er heilt opplagt at premissane har endra seg etter Montreal-avtalen, seier leiar i Naturvernforbundet, Truls Gulowsen.
Professor i berekraftig utvikling, Carlo Aall, seier det er viktig å sjå dei to internasjonale miljøregima i samanheng.
Den siste hovudrapporten til FNs klimapanel inneheld forslag om å verne 30–50 prosent av attverande natur. Dette for å sikre samfunnet mot konsekvensane av klimaendringar.
Det er altså to verneomsyn som no ligg på bordet: Eitt om vern av natur for naturen sin eigen del, og eitt om å verne naturen for klimaet si skuld.
– Lagt oppå kvarandre vil det vere stor overlapp mellom desse omsyna, men nokre forskjellar kan det vere, seier Aall.
Med utgangspunkt i dei internasjonale føringane trur han følgjande krav vil melde seg i Noreg:
- Generell byggjestopp (eller krav om nasjonal byggjemelding) i alle større hytteområde
- Forbod mot omdisponering av våtmark og myr
- Krav om veglaus utbygging av vindkraftverk
- Sterkare krav til fleirbruksomsyn i skogbruket
- Eit restaureringsprogram for økosystem langs vassdrag og innsjøar
- Skrinleggje alle vegutbyggingar som berre er samfunnsøkonomisk lønnsame om utbygginga medfører auka transportvolum (same prinsipp vert diskutert i Sverige)
Nye hytter under oppføring i Holtardalen på Rauland.
Foto: Håkon Eliassen / NRK