Hopp til innhold

Vi brukar over 100 millionar plastpotter i året. Det vil han gjere noko med.

Fleire tusen tonn med blomsterpotter av plast går i søpla kvart år. No håpar gründarar i Bergen at tare og ull kan erstatte plasten - og i tillegg gje betre jord for plantene.

Lars Haugen Aardal i biolaboratoriet til Bioregion Institute, med plantepotter av ull og tare på bordet.

FRÅ PLAST TIL ULL: Laboratoriesjef Lars Haugen Aardal viser korleis han formar plantepotter av ull og tare som kan erstatte plastpotter og i staden blir næring for plantene.

Foto: Leif Rune Løland / NRK

Inne i lokala til Bioregion Institute på Laksevåg i Bergen står Birgitta Ralston med ein handfull villsau-ull.

– Dette er kjempevakkert, og det kjem frå området her. Men dessverre er det lite brukt i tekstilindustrien. Derfor har vi tenkt: Kva kan vi gjere ut av det? Korleis skal vi skape verdiar av det?

Ein handfull med villsau-ull

Grov og mangefarga ull frå villsau på Bulandet.

Foto: Arne Frank Solheim / NRK

På bordet har designsjefen eit par glas med tørka sukkertare. Det liknar på tørka traktkantarell.

– Dette er den store taren, med dei store blada som ein ser overalt i vestlandsfjordane. Tørka blir han slik, seier ho.

Villsau-ull og tare er to tradisjonelle kystressursar som Bioregion Institute vil utnytte på eit moderne vis.

Kystsau

Den gamle sauen og havet

Kjemitriks

I naborommet har dei biodesign-laboratoriet sitt, kor dei eksperimenterer.

– Vi tar inn fersk eller fermentert tare, og blandar den opp med litt hemmelege kjemitriks, seier laboratoriesjef Lars Haugen Aardal.

Det dei lagar, er plantepotter av villsau-ull. Slike som potteplanter, krydderurter eller ungbuskar står i.

Taren fungerer som lim som held ullpotta saman.

– Når potta er ferdig, luktar ho eigentleg ingenting. Det er litt behageleg ull- og sjølukt, seier Aardal.

Tørka sukkertare på glas

Tørka sukkertare frå vestlandskysten.

Foto: Leif Rune Løland / NRK

100 millionar plastpotter årleg

Norsk Gartnerforbund anslår at det blir brukt langt over 100 millionar plastpotter kvart år i Noreg.

Det tilsvarar truleg fleire tusen tonn plast.

– Men plastpottene i norske gartneri er nå heldigvis laga av resirkulert plast og tynnare enn tidlegare. Og mange forbrukarar gjenbruker plastpottene i mange år, seier nestleiar Sidsel Bøckmann i forbundet.

Ho seier det har blitt prøvd ut mange ulike potter av blant anna papir, papp eller torv.

Utfordringa er at i gartneria må pottene vere stabile over tid og kunne brukast i ein pottemaskin og flyttast over i transportbrett.

Bøckman meiner likevel det er «spennande med nye idéar».

Gjødsel, ikkje søppel

– Plastpottene er stort sett så skitne at dei ikkje blir resirkulerte. Ull- og tarepottene gir tvert om næring til plantene, seier Ralston.

Både tare og ull har blitt brukt som gjødsel i tusenvis av år.

– Begge tilfører næring til jorda. Samtidig fungerer ulla fint mot sniglar, seier Aardal.

– Sjølve potta blir ein jordforbetrar, seier Ralston.

Dessutan renn ikkje vatnet rett gjennom hola i botnen, som i plastpottene.

– Ulla held på fukta. Vatnet blir verande i potta og gir kontinuerleg fukt til jorda.

Birgitta Ralston og Lars Haugen Aardal i biolaboratoriet til Bioregion Institute, med plantepotter av ull og tare på bordet. Til høgre: Pål Erik Mikkelsen i Lerøy.

Lars Haugen Aardal og Birgitta Ralston i Bioregion Institute har utvikla plantepottene av ull og tare. Pål Erik Mikkelsen frå Lerøy er imponert.

Foto: Leif Rune Løland / NRK

Tare frå havbruk

Når ull - og tarepotta til slutt byrjar å gå i oppløysing, kan ho settast rett ned i jorda og bli gjødsel.

Taren kjem frå taredyrkinga til ein havbrukskonsernet Lerøy Seafood.

Merke- og innovasjonssjef Pål Erik Mikkelsen synest potteidéen er veldig innovativ.

– Taren i seg sjølv reinsar havet. At vi nå er med og bidrar til ting som ryddar på land, synest vi er veldig spennande, seier han.

Sukkertare under havet

Sukkertare veks i enorme mengder langs kysten. Taren i plantepottene til Bioregion Institute kjem frå Lerøy Seafood.

Foto: NRK

Les også Oppdrettsgigant doblar satsinga: – Taren blir eitt av beina me skal stå på

Tareproduksjon for Lerøy

Fossilfritt og kortreist

Dagleg leiar Aleksandre Bau seier at grunntanken til Bioregion Institute er å bruke lokale ressursar og restprodukt til å erstatte plast og få ned forureining og avfallsmengder.

– Vi kartlegg biomasseavfallet i regionen, og utviklar fossilfrie, alternative, kortreiste produkt. Heile poenget er å bygge opp ein industriell symbiose: Samle aktørar som har avfall og industribedrifter som treng eit produkt, forklarer Bau.

Ralston viser til at designfaget har mange «svin på skogen».

– Designløysingar har ofte skapt forureining og avfall. Nå har vi lyst til å skape løysingar som fasar ut forureinande ting.

Nå satsar ho på at plantepotta er klar for industrialisering og masseproduksjon.

– For oss er dette gull. Vi tar den ulla som er minst fin, og lagar næringsrike og nedbrytbare potter av det.

Plantepotter av villsau-ull og tare: Ulike storleikar i ei kvit hylle.

Ull- og tarepottene blir laga både som dekorative innandørspotter og tynnare potter for gartneri og planting i hage.

Foto: Leif Rune Løland / NRK