Hopp til innhold

Eidfjord Resort vil at kommunen skal spytta inn 55 millionar kroner

Alpinlandsbyen ved Hardangervidda har hatt startvanskar i fleire år. No skal kommunen vurdera å gå inn med store summar for å hjelpa prosjektet i gang.

Alpinlandsbyen Eidfjor Resort på Hardangervidda, illustrasjon

ALPINLANDSBY: Slik kan Eidfjord Resort sjå ut når det er ferdig.

Foto: Illustrasjon / Eidfjord Resort

Eidfjord Resort har vore ei heit potet i den vesle Hardanger-kommunen i mange år.

Anlegget med hotell, velkomstsenter, skianlegg og over 100 hyttetomter er det ein kunne ha skilta med viss det endeleg kom i gong.

Men det har vore humpar på vegen. Naturvernarar, statsforvaltaren og Vegvesenet var i mot. Til slutt måtte regjeringa gripa inn og gje dei grønt lys for å bygga.

Då dei fekk ja frå departementet måtte dei laga ny detaljreguleringsplan.

Prosjektet har òg hatt økonomiske utfordringar. No har dei bede kommunen om å forskotera pengar til å bygga vatn, avløp og veganlegg til anlegget.

Her skal Eidfjord Resort ligga. Men før det blir bygd, må det vatn og avløp og anleggsveg til.

– Eit viktig signal

Dagleg leiar i Eidfjord Resort, Torbjørn Torsvik, håpar kommunestyret vil støtta anlegget.

– Det er eit viktig signal med tanke på at når me er på leit etter nye medeigarar, så får dei stadfesta at dette er ein kommune som framleis gjerne ønskjer denne destinasjonen, seier Torsvik.

Torsvik seier det handlar om rundt 55 millionar kroner, ikkje 90 til 100, som det står i saksframlegget.

– Grunnen til at me tek kontakt på denne måten er fordi kostnadsbiletet er stort. Det å byggja ein destinasjon er mykje dyrare enn å berre byggja hytter, seier Torsvik.

Kommunestyret skal diskutera framlegget måndag 12. desember.

Les også No kjem den kontroversielle fjellandsbyen – neste vinter er dette landskapet totalt endra

Rådmannen var lunken til førespurnaden

Formannskapet har gjeve administrasjonen signal om at det ikkje er aktuelt å ta
kostnaden som er kalkulert, men kan i eit gitt tilfelle forskottera ein mindre andel.

Rådmannen si tilråding er at kommunen ikkje tek del i utbygginga slik som er førespurt.

Ordførar i Eidfjord, Anders Vatle (Sp), vil ikkje gå innpå kor mykje kommunen er villige til å gå inn med, eller låna vekk.

– Det eg er oppteken av, er at den diskusjonen er noko alle i kommunestyret er med på, og at ein kjem med eit vedtak som viser ein veg vidare, seier Vatle.

Ordfører i Eidfjord, Anders Vatle (Sp)

Ordførar i Eidfjord, Anders Vatle (Sp).

Foto: Tale Hauso / NRK

Spørsmålet frå Eidfjord Resort handlar om å få på plass ein intensjonsavtale som inneber gang- og sykkelsti, nytt kryss og hovudnett til vatn og avløp.

– Det er fleire interesser, spesielt knytte til riksveg 7. For meg er det ikkje gitt at ein skal legga kommunen på ein ny praksis. Då må det vera ein diskusjon der kommunestyret har landa, seier Vatle.

Kontroversielt prosjekt

Utbygging i urørt natur skjer sjeldan utan reaksjonar, spesielt når det gjeld plassar der villrein ferdast.

Villreinen er utryddingstruga og beiter på store delar av Hardangervidda. Dette var ikkje eit problem, ifølge prosjektleiar Ivan Løvheim.

– Sist ein såg villrein i området var det om lag fem kilometer herifrå, sa Løvheim til NRK i 2021.

Likevel kunne ein sjå fleire hundre villrein gå i det planlagde skianlegget tidlegare i år.

Les også Her går villreinen i det planlagde skianlegget

Villrein i Sysendalen

Naturvernforbundet har heile tida vore ein motstandar av utbygginga.

– Når me tar frå villreinen sitt leveområde, bit for bit, går det nedover. Dette er ein globalt trua art som me har eit ansvar for å ta vare på, har leiar i Naturvernforbundet Hordaland, Gabriel Fliflet sagt til NRK.

Gabriel Fliflet

Leiar i Naturvernforbundet Hordaland, Gabriel Fliflet. Her frå ein demonstrasjon utanfor eit marknadsføringsarrangement i 2021.

Foto: Linnea Skare Oskarsen / NRK