Hopp til innhold

Luftskip skal frakte vindturbinar til fjells

Vindkraftbransjen håpar luftskip kan redusere inngrep og kostnader knytt til bygginga av vindparkar.

Luftskip skal frakte vindturbinar til fjells

EI UTFORDRING: Til den norske dronenettstaden Uasnorway uttaler ein representant for Flying Whales at eit typisk vindkraftblad gjerne er 100 meter langt og at transporten derfor er ei utfordring.

Foto: Flying Whales

Det franske selskapet Flying Whales vil i løpet av året byrje å byggje luftskip «spesielt eigna for transport av delar til vindkraftverk».

Løftekapasiteten skal etter rapportane vere på 60 tonn, og skipet skal kunne laste og losse medan det heng stille i lufta.

Transport av vindkraft-blad er i dag ein strabasiøs og dyr affære, og meldinga om dei «nye kvalane» blir derfor mottekne med begeistring blant norske vindkraftutbyggjarar.

Vil skåne naturen og forenkle arbeidet

Både bransjen generelt og vi som selskap ser fram til alle nyvinningar som kan redusere inngrep og kostnader knytt til bygginga av vindkraftverk, seier Andreas Thon Aasheim, som er direktør i Cloudberry Clean Energy.

Han legg til:

Om luftskip er ein del av framtidige løysingar, er eg rett og slett ikkje i stand til å meine noko om. Eg tillèt meg vel kanskje å vere noko nøkternt tvilande, men eg er open for å bli overraska.

Les også Verdens største luftfartøy er i luften

AIRLINES-AIRLANDER/

Stig Tore Laugen er kommunikasjonsdirektør i Aneo, som er det nye fornybarselskapet til Trønderenergi og Hitecvision.

Å frakte turbindelar ut til vindparkane er inga enkel øving, og krev store naturinngrep. Tanken på å kunne frakte desse med luftskip er derfor utruleg spennande, seier han.

Han fortel at han har følgt utviklinga til selskapet «og ventar spent på å høyre meir».

Om teknikken fungerer, og kostnaden er akseptabel, er det vel ikkje tvil om at ein slik transportmåte vil skåne både naturen og forenkle arbeidet.

I år starter produsenten Flying Whales byggingen av et luftskip i karbon og dekket av stoff samt fylt med helium.

– Eg drøymer meg vel kanskje ikkje tilbake til den fordoms stordommen til luftskipa, men eg klarer samtidig å førestille meg sjølv sitjande fint pynta, nippande til eit glas med noko godt i, i ein restaurant i eit luftskip svevande over Europa, seier Andreas Thon Aasheim i Cloudberry Clean Energy.

Foto: Flying Whales

«Oh, the humanity»

Historisk har luftskip ei spesiell stilling i det kollektive minnet vårt. Der representerer dei ein «tapt» teknologi som ein gong i tida regjerte himmelkvelvingen, men som sidan forsvann, etter ei spektakulær ulykke («The Hindenburg disaster»).

Sidan har luftskipa vorte ein slags mytisk eventyrskapning – dels eksisterande, dels ikkje-eksisterande. Ikkje så ulikt overlydsflyet Concorde.

Luftskip er noko vi knyter til polferd og spektakulære storhendingar. Det hadde vore veldig spennande å oppleve at luftskipet igjen fly over horisonten som ein Fugl Fønix, gjerne fraktande på eit vindmølleblad, seier Stig Tore Laugen i Aneo.

Luftskipet "Norge" forlater Ny-Ålesund på Svalbard

I 1926 fløy Roald Amundsen saman med Umberto Nobile med luftskipet «Noreg» over Nordpolen. De starta i Ny-Ålesund på Svalbard og landet i Teller i Alaska.

Foto: Norsk Polarinstitutt

Kommunikasjonssjef i Fornybar Noreg, Aslak Øverås, har fleire gonger vore vitne til transport av lange turbinblad på snirklete småvegar inn mot vindkraftverk.

Det er krevjande operasjonar som også hindrar vanleg trafikk. Dersom meir kan fraktast luftvegen på miljøvennleg vis, må det jo vere til fordel for alle, seier han.

Han legg til:

Så er spørsmålet om luftskipet toler det norske klimaet og vinden som naturleg nok høyrer heime ved slike kraftverk.

Les også Pausen er over – no vil regjeringa ha meir vindkraft på land

Haramsfjellet vindkraft

11. mai 1926 passerte luftskipet "Norge" Nordpolen på vei fra Svalbard til Alaska. Programmet inneholder opptak fra pionerferden og intervju med noen av dem som var med.

11. mai 1926 passerte luftskipet «Norge» Nordpolen på veg frå Svalbard til Alaska. Programmet inneheld opptak frå pionerferda og intervju med nokon av dei som var med.