Hopp til innhold

Stortinget skal drøfte vern av fem nye vassdrag

FNs naturavtale skaper press på å verne fleire norske vassdrag. Men ordførarane som bur nærast elvene vil heller ha kraftutbygging.

Gjengedalsfossen

GJENGEDALSFOSSEN, GLOPPEN: Kraftmangel har det siste året skapt press på vassdragsvernet. Men no skal Stortinget diskutere vern av fleire elver, blant anna Gjengedalsvassdraget.

Foto: Borgar Sagbakken / NRK

Stortinget skal i vinter diskutere eit forslag om å supplere verneplanen med følgjande fem vassdrag:

  • Gjengedalsvassdraget (Vestland)
  • Garbergelva (Trøndelag)
  • Hovda (Innlandet)
  • Vinda (Innlandet)
  • Skurvedalsåna (Rogaland)

Verneverdiane til desse elvene er uomtvistelege, seier Ola Elvestuen, miljø- og energipolitisk talsperson for Venstre.

Bakgrunnen for forslaget er den nye naturavtalen om 30 prosent vern og det Venstre oppfattar som «eit aukande press på vassdraga».

Elvestuen viser til ei fråsegn frå Olje- og energiminister Terje Lien Aasland i Klassekampen om at «teknologien er mykje betre no enn før» og at energikommisjonen derfor bør «sjå på om det er mogleg å byggje ut meir av det som har vore verna».

AURLAND: Vatnet i eit pumpekraftverk vert brukt fleire gonger, omtrent som elektrolytten i et batteri.

Trass tidlegare signal om oppmjuking, vedtok Stortinget i juni at vernet av 390 norske vassdrag skal liggje fast.

Foto: Hafslund Eco

Det vert vonde og vanskelege vurderingar

Aasland har sidan presisert at han «ikkje er så radikal» som han har vore teken til inntekt for:

Det er ikkje slik at eg vurderer å leggje verna vassdrag i røyr. Men vi må undersøkje korleis vi kan få meir kraft utan å minske naturverdiane. Det er ikkje verre enn det, seiar han.

Klima- og miljøminister Espen Barth Eide (Ap) har sagt at landet må førebu seg på «vonde og vanskelege» vurderingar, men at «det å utfordre tidlegare vernevedtak skal liggje ganske langt nede på den lista».

Les også Meir ekstremvêr aukar presset på å demme opp verna vassdrag

Supphelledalen

Ute i kommunane er regulering av vassdraga ikkje berre ei avveging mellom kraft- og naturverdiar.

Det er også eit spørsmål om flaumsikring.

Ordførarane som bur tettast på dei fem elvene seier difor nei til vern.

  • Stanley Wirak (Ap), ordførar i Sandnes: Eg ser ingen grunn til å ta inn nye vassdrag i verneplanen. Denne har komme til etter gode prosessar. Skurvedalsånå kan byggast ut på ein måte som varetek naturverdiane.
  • Leidulf Gloppestad (Sp), ordførar i Gloppen: Eit kategorisk vern av Gjengedalsvassdraget vil ikkje vere klokt. Vi treng meir straum for å sikre eige forbruk, og for å møte behova i det grøne skiftet.
  • Ole Erik Hørstad (H), ordførar i Åmot: – Venstre sitt utspel har ingen politisk forankring i Åmot, og vi føreset at ein utviding av verneplanen for vassdrag blir sikra ei forsvarleg utgreiing med lokal forankring.
  • Even Moen (Sp), ordførar i Stor-Elvdal: Eg støttar ikkje Venstres forslag. Rein energi er viktig, og vi har store behov. Då må vi sjå på fleire alternativ.
  • Jon Askeland (Sp), fylkesordførar i Vestland: Venstre byrjar i feil ende. Eg forventar at departementet først vurderer konsekvensane av den nye naturvernavtalen. Deretter får vi vurdere nye verneområde.
  • Odd Erik Holden (Sp), ordførar i Øystre Slidre: – No får Stortinget fyrst ta stilling til forslaget. Kommunestyret vil gje si høyringsuttale om vern av Vinda, om det blir aktuelt.
  • Ole Morten Balstad (Ap), ordførar i Selbu: Spørsmålet om vern må avgjerast gjennom lokale vedtak, og ikkje av perifere stortingsrepresentantar.
Leidulf Gloppestad er ordfører i Gloppen kommune

– Eit kategorisk vern av Gjengedalsvassdraget vil ikkje vere klokt, seier Leidulf Gloppestad (Sp), ordførar i Gloppen.

Foto: Aleksander Åsnes

Kraftutbygging i Garbergselva har vore gjenstand for to kommunale behandlingar. I 2019 sa eit einstemmig kommunestyre ja til å byggje ut den øvste delen av vassdraget.

Vedtaket vart omgjort av Olje- og energidepartementet (OED), som viste til at kraftverket ville ha «for store ulemper for Garbergselvas naturmangfald, som bekkekløft, fossesprøytsoner og trua artar».

Tilsvarande sa regjeringa, med Venstre i spissen, nei til utbygging av Gjengedalsvassdraget i 2018.

Til skuffelse for Nils Magne Gjengedal, som eig delar av Gjengedalsvassdraget i Nordfjord.

– Eit eige kraftanlegg vil gje ein ny giv til grenda og kommunen vår, sa han til NRK i fjor.

KRAFTVERK

I fjor vart 22 vasskraftprosjekt med til saman ein halv TWh i årsproduksjon sett i drift. Vi må tilbake til 1996 for å finne så få prosjekt som har starta produksjon.

Foto: Knut Slettemo / SCANPIX

Vern er ikkje alltid det beste for naturen

På Stortinget vert forslaget om å utvide verneplanen motteke med ei blanding av glede (sjå under) og hovudristing.

Vern er i nokre tilfelle ikkje det beste for naturen, og gamle vernevedtak bør ikkje styre energipolitikken i framtida. Vi har fleire døme på at nye utbyggingar ikkje skjemmer naturverdiane, seier Bård Ludvig Thorheim (H).

Høgre presenterte i fjor ei liste med ti verna vassdrag som bør bli gjenstand for «skånsam vasskraftutbygging».

Les også Desse ti elvane vil Høgre slutte å verne

Solnedgang over Verdalselva ved Bjartnes

Vestland Høgre gjekk lengre og foreslo å gå gjennom vernet av alle dei 58 vassdraga i Vestland.

I 2020 fekk Framstegspartiet berre med seg Senterpartiet på eit forslag om å gjennom planane for verna vassdrag «med mål om å leggje til rette for auka verdiskaping gjennom utbygging av vasskraft».

Vi vil ikkje støtte forslaget om utviding. Framstegspartiet har fleire gonger teke til orde for å gi kraftselskap høve til å søkje konsesjon, også i verna vassdrag, seier Terje Halleland (Frp).

Feil å utvide dagens verneplan

Det er i dag 390 vassdrag i Noreg som heilt eller delvis er verna mot utbygging.

Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) har tidlegare uttalt at gevinsten ved utbygging i desse vassdraga avgrensar seg til «nokre få terawattimar».

I ei tid med historisk høge kraftprisar, og der alle prognosar peikar på at vi i løpet av få år vil ha kraftmangel, er det feil å utvide dagens verneplan, seier Ole André Myhrvold (Sp) i energi- og miljøkomiteen på Stortinget.

Han legg til:

Nye utbyggingar vil uansett vere underlagt eit strengt konsesjonssystem som vil sørgje for å vareta dei ulike omsyna, også naturverdiane.

Les også Familien vil ha kraftverk i elva si

Familien Gjengedal i Nordfjord.