Siv Hamstad Haukelidsæter går mellom epletrea i hagen.
Ho er ein slik norske distriktskommunar gjerne vil ha.
Juristen kjem opphavleg frå Austlandet, men etter studiar i Bergen ynskte ho å bli på Vestlandet. Då Kartverket i Kinsarvik lyste ut ei stilling, søkte ho.
Seinare fann ho òg kjærleiken på same arbeidsplass, og ho og mannen kjøpte hus saman i 2010. I dag bur dei med utsikt over Sørfjorden og har to ungar i lag.
For 15 år sidan fekk Kinsarvik i Hardanger ei avdelinga av det statlege kartverket, etter langvarig politisk jobbing lokalt.
Utan ein slik arbeidsplass, tvilar ho på at det hadde blitt Hardanger.
– Det betyr mykje for oss som bur her, å ha desse statlege arbeidsplassane, seier Haukelidsæter.
I dag jobbar ho ikkje lenger i Kartverket, men i ein annan statleg arbeidsplass i distriktet; nemleg Tingretten på Lofthus.
«Alle» vil ha statlege arbeidsplassar
Ullensvang kommune i Hardanger er ein av mange distriktskommunar som slit med nedgang i folketalet. Demografiutvalet leverte før jul sin rapport til regjeringa med forslag til ei rekke tiltak for å få fleire unge i distrikta, som å la 16-åringar ta lappen.
NRK har spurt alle landets kommunaldirektørar om kva av tiltaka dei trur vil gjere deira kommune meir attraktiv å flytte til.
Best ut kom statlege arbeidsplassar. 33,6 prosent av kommunane meiner «Fleire desentraliserte einingar i statlege verksemder» er det viktigaste tiltaket.
44,5 prosent har prioritert dette på første eller andreplass.
Andre tiltak som blir sett på som viktige er garantert utbygging av breiband til alle husstandar og gratis barnehage/SFO.
Få plassert i distriktskommunar
At statlege arbeidsplassar står øvst på ønskelista, overraskar ikkje Lillian Hatling som er fagansvarleg for analyse ved Distriktssenteret. Ho viser til at arbeidsmarknaden er det viktigaste når unge skal velje kvar dei vil bu.
Hatling forklarar at nettopp statlege arbeidsplassar er kompetansekrevjande arbeidsplassar, som er attraktivt for nyutdanna.
I tillegg hjelper det på arbeidsmangfaldet i distrikta.
– Det viktigaste er at ein får meir breidde i arbeidsmarknaden. Det er ikkje mangel på arbeidsplassar i distrikta, men det er litt for lite breidde i arbeidsmarknaden, seier Hatling.
Men statlege arbeidsplassar har i liten grad blitt plassert i distrikta dei siste åra.
Ifølgje Normann-utvalet har få av dei 1230 arbeidsplassane som har blitt etablert eller flytta ut av Oslo sidan gått til distriktskommunar.
Utvalet definerer rundt 170 av desse som arbeidsplassar til distriktet, som flyttinga av Norec til Førde og flyttinga av 30 stillingar i Landbruksdirektoratet til Steinkjer.
I same periode har talet på tilsette i staten vakse med 4.500 i Oslo.
– Du skal kunne ta med deg jobben og flytta til bygda
Distrikts- og digitalingseringsminister Linda Hofstad Helleland (H) seier regjeringa skal sjå på kva funksjonar som kan flyttast ut av Oslo-området, men meiner eit anna grep er viktigare.
– Me legg no til rette for at alle som jobbar i statlege bedrifter skal kunna be sjefen om å ta med seg jobben og flytta, seier Hofstad Helleland.
Ho seier hovudregelen er at ny statleg arbeidskraft skal etablerast utanfor Oslo, men at det også er viktig at det kjem fleire arbeidsplassar i privat sektor.
– Då er det viktig at kommunane legg til rette for og ynskjer god kompetanse velkomen, seier Helleland.
Ber om fleire arbeidsplassar
I dag bur det nesten 11.000 personar i Ullensvang kommune, men innan 2050 viser SSB sine framskrivingar at innbyggjartalet vil søkke med 12,9 prosent.
Ordførarar Roald Aga Haug (Ap) meiner fleire statlege arbeidsplassar, som dei ein har ved Kartverket er viktig for å snu trenden.
– Her må styresmaktene ha ein aktiv distriktspolitikk, som sørgar for at det blir satsa på denne typen samfunn, seier Aga Haug.
Ordføraren seier han er uroa for den negative utviklinga i folketalet, men rosar Kartverket for jobben dei gjer og moglegheita det fører med seg.
– Det var mange som åtvara mot å etablera Kartverket her, men det har ein klart med glans. Dei klarar å rekruttera god kompetanse, seier Aga Haug.
Denne saka er ein del av «Den store folkevandringa», eit samarbeidsprosjekt mellom lokalaviser organisert i Landslaget for lokalaviser (LLA), Senter for undersøkande journalistikk (SUJO) og NRK.
Tanja er den einaste jenta på biletet som har flytta heim
Nær ein av tre norske kommunar hadde 20 eller færre fødslar i fjor.
Forskning viser at koronalivet er bedre i distriktet: – Det ble kvelende å være i Oslo
De drømte om mer luft og natur, og mindre nedstengt by. En ny studie slår fast at folk i storbyen har slitt mest.
Dei fleste bygdeungdom er som Truls. Dei vil bu, leve og døy på bygda.
Det er ikkje slik at alle bygdeungdommar vil flytte til byen. Fleirtalet vil helst bli buande på bygda, viser ei fersk undersøking. Men dei stiller nokre krav.
Legestudenten Marja er like viktig for helsen som for et truet språk
Marja-Elina Varsi har gjort som tusenvis av andre samer: Flyttet fra bygda til byen. Nå håper ordføreren i hjemkommunen at hun kommer tilbake.
Sunniva jobber med finans for San Francisco-selskap fra øy med 400 innbyggere
Hun begynte med hjemmekontor hos foreldrene da pandemien brøt ut. Nå har Sunniva Antonsen Remmen (26) kjøpt seg hus på Træna.
SSB mener Mathildes (20) hjemkommune skal vokse – forsker mener det er en grov bom
SSB spår vekst i folketallet i Hamarøy og mange andre kommuner i distriktene de neste 20 årene. Forsker mener SSB tar systematisk feil og mener de vil få en mye større nedgang.
Anna og Piotr har vore med på å berge folketalet på bygda, men no snur det
No stansar innvandringa opp, og det kan få alvorlege følgjer for distriktskommunar.
Sara og Joachim måtte gi opp å bygge nytt: – Har pusset opp for 5 millioner
I en av kommunene der det bygges færrest boliger, fikk Sara og Joachim knapt lån til å kjøpe et gammelt, forfallent hus.
Berre ti søkte på departementsjobbar som var meint for folk frå distrikta
Det kom færre søkarar enn normalt då Næringsdepartementet gjorde det mogleg å søka på departementsjobb,