Hopp til innhold

Håvard (33) går mot flyttestraumen – kan likevel vere for seint å redde distrikta

Politikarane jublar når unge barnefamiliar flyttar til bygda. Men ein forskar meiner det er for seint å redde distriktskommunane: – Ein må sjå realiteten i auga.

Håvard Lundevall

FLYTTA TIL BYGDA: Håvard Lundevall har teke med seg sambuaren og ungane til heimkommunen Kviteseid.

Foto: Martin Torstveit / NRK

I sommar har Håvard Lundevall og familien vore på flyttefot. Dei har flytta frå Oslo til Kviteseid i Vest-Telemark.

Lundevall kunne flytte til Kviteseid utan å skifte jobb. Jobben som revisor løyser han no i eit kontorlokale i sentrum av bygda. Slik sett var det enklare å flytte til heimkommunen.

– Dette hadde nok ikkje vore så enkelt for fem år sidan, seier Lundevall.

Barnefamiliar som flyttar til bygda er alle distriktskommunar sin store draum. Politikarane jublar frå alle kantar.

– Det er fantastisk, og det viser kor viktig den teknologiske utviklinga har vore, seier førstekandidat for Høgre i Vestfold, Erlend Larsen.

– Når eg høyrer dette, blir eg varm av glede, seier førstekandidaten til Senterpartiet i Telemark, Åslaug Sem-Jacobsen.

Men viss ein ser på statistikken, er det kanskje ikkje så mykje å juble for.

Åslaug Sem-Jacobsen

Åslaug Sem-Jacobsen er førstekandidat for Senterpartiet i Telemark

Foto: Martin Torstveit / NRK

Mørkt for distrikta

Kviteseid kommune er ein av mange distriktskommunar som har hatt nedgang i folketalet dei siste ti åra. I 2020 hadde 193 kommunar nedgang i Noreg, viser analysar frå Telemarksforsking.

Telemarksforsking er eit sjølvstendig samfunnsvitskapleg forskingsinstitutt i Bø i Telemark.

Ifølgje arbeidet til instituttet vil så mykje som 2 av 3 kommunar ha nedgang i folketalet dei neste 20 åra. I tillegg vil dei som bur i distrikta også bli eldre.

– Det har aldri vore vanskelegare å snu denne trenden, seier seniorforskar Knut Vareide ved Telemarksforsking.

Vareide peiker på at det no blir født færre barn i distrikta enn tidlegare. Med fødselsunderskot, fråflytting og forgubbing ser ikkje framtida ljos ut.

– For mange kommunar kan det vere greitt å sjå realiteten i auga, seier Vareide.

Knut Vareide, Telemarksforskning, den store folkevandringa

Knut Vareide er seniorforskar i Telemarksforsking. Han har forska på regional utvikling i 25 år.

Foto: Sindre Thoresen Lønnes / NRK

Urealistisk med folkevekst

Kampen for distrikta står likevel sentralt i politikken før Stortingsvalet i september.

Høgre har lagt fram ein plan for korleis dei skal styrke distrikta, og Senterpartiet går til val med eit løfte om å styrke bygdene.

– Politikarane har ikkje teke inn over seg kor alvorleg situasjonen faktisk er, seier Vareide.

Både Høgre og Senterpartiet lovar å byggje vegar og skape arbeidsplassar. Utbygging av breiband er også viktig for begge partia.

Desse tiltaka er ikkje sterke nok, ifølgje Vareide. Han peiker også på at det ofte skjer sentralisering i praksis. Når ein skule skal blir lagt ned, skjer det ofte i distrikta.

Vareide meiner flytting av mange statlege arbeidsplassar ut til små distriktskommunar, vil hjelpe. I tillegg til bygging av høgskular og universitet.

– Problemet er at mesteparten av Noreg er distrikt. Så alle kommunane kan ikkje få ein offentleg etat kvar. Å sikre folkevekst i distrikta trur eg er urealistisk, seier Vareide.

Forskaren meiner kommunane heller bør fokusere på å gjere livet godt for dei som blir att i dei små kommunane. Slik kan dei kanskje skape flotte småsamfunn.

Erlend Larsen

Erlend Larsen er førstekandidat for Høgre i Vestfold.

Foto: Martin Torstveit / NRK

Nektar å gje opp

Men politikarane vil ikkje vere med på at det er for seint å redde folketalet i distrikta.

– Det er ikkje for seint. Me har tru på at breiband og veg vil hjelpe, seier Larsen.

– Statistikk er berre statistikk. Me kan ikkje la oss styre av pessimistiske forskarar. Me må kjempe på, seier Sem-Jacobsen.

Begge politikarane seier dei er villige til å ta kraftige grep for å styrke distrikta.

Det er også delte meiningar blant forskarane om kor alvorleg situasjonen faktisk er. Statistisk sentralbyrå er ikkje like pessimistiske som Telemarksforsking.

Knut Vareide forstår at politikarane ønsker å vere optimistar.

– Ein vinn jo ikkje val ved å rope at folketalet i distrikta fell, og at det ikkje er noko ein kan gjere med det, ler Vareide.