Hopp til innhold

Her er dei største «NTP-bløffane» – slik opposisjonen ser det

Regjeringa vert skulda for å ha delt ut «falske gladsaker» i forkant av den nye nasjonale transportplanen.

E18 ved Timenes i Kristiansand

LA DEI ETE KAKE: – Regjeringa har skamlaust reist rundt og selt ut gladsaker der dei lovar at prosjekt er på veg. Det blir flagga og blir jubla i lokalpressa. Sjeldan har eg sett så mykje oppstyr for ingenting, seier Trond Helleland.

Foto: Per-Kåre Sandbakk / NRK Luftfoto

Måndag morgon barka samferdselsminister Jon-Ivar Nygård og Trond Helleland (H) saman i Politisk kvarter på NRK.

Påstanden til transportpolitisk talsperson i Høgre er at regjeringa har kasta blår i auga på folk i forkant av NTP-framlegginga.

Dei har rett og slett bløffa folk, og late dei ete kake på falske premissar, seier Helleland.

Heilt konkret viser han til fleire avisoppslag (sjå under) der utsendingar frå regjeringa «har fortalt eventyr» og skapt inntrykk av at ulike samferdselsprosjekt er nærare realisering enn dei i røynda er.

Regjeringa prøver å pynte på sanninga gjennom å kalle prosjekt som er skrota for «utviklingsportefølje», seier Helleland

Realiteten er at prosjekt som er plasserte i utviklingsporteføljen er nærare gravlagt. Det er som å få ein kølapp utan nummer.

Faksimile

E10 Flyplasskrysset

Harstad Tidende: «En stor jubeldag for Evenes».

NTP (side 167): «Det er aktuelt å starte utbyggingen».

Faksimile

Rv. 70, ny bru på Fale og Romfo / Rv. 70 Oppdal – Øygarden

Aura Avis: «I løpet av de neste årene er to bruer, skredoverbygg og strekningen mellom Ålvundfossen og Furunesset prioritert i NTP».

I NTP står det (side 167): «Det er aktuelt å starte utbyggingen.»

Faksimile

E39 Veibustkrysset i Sula kommune

I Sunnmørsposten er det jubel og tommel opp fra regjeringspartiene.

I NTP står det (side 167): «Det er aktuelt å starte utbyggingen».

Faksimile

E14 Stjørdal-Storlien

Trønder-Avisa: Lover tidenes satsing.

I NTP står det at prosjektet E14 Stjørdal-Storlien kan være aktuelt (side 167).

Faksimile

E39 Figgjo-Ålgård

Statssekretær lover grønt lys i Stavanger Aftenblad.

NTP står det (side 176): «I tillegg kan det være aktuelt med oppstart av prosjektet E39 Figgjo–Ålgård i første seksårsperiode».

Faksimile

Eigerøy bru

Dalane Tidende: Eigerøy bru, skal realiseres i først seksårsperiode.

I NTP står det (side 167): «Det er aktuelt å starte utbyggingen.»

Vi har ikkje lagt fram ei ønskeliste. Det skaper berre frustrasjon

Samferdselsministeren avviser alle skuldingar.

I Politisk kvartar understreka han at regjeringa har lagt fram ein «ansvarleg og realistisk plan», og at kommunikasjonen av planen har vore i same ånd:

Vi har ikkje lagt fram ei ønskeliste. Det gagnar ingen og skaper berre frustrasjon. Folk blir glade ei kort stund, men frustrerte i alle år etterpå, sa han.

– De stod smilande i media og snakka om utbetringar frå Stjørdal til svenskegrensa. I planen står det at det er ei strekning som kan vere aktuell. Kva slags løfte er eigentleg det? spør programleiar Håvard Grønli.

– Vi har brukt den same formuleringa på alle prosjekta. Statens vegvesen skal kna desse prosjekta og komme fram til kva som kan vere aktuell pengebruk. Då vi var i Trøndelag, var vi veldig tydeleg på at vi ikkje har eit eksakt beløp, svarer Nygaard.

Høgre meiner regjeringa pyntar på sanninga og leverer mindre enn dei gir inntrykk av i Nasjonal transportplan. Men kor mykje kan Høgre ause av pengebingen?

Høgre meiner regjeringa pyntar på sanninga og leverer mindre enn dei gir inntrykk av i Nasjonal transportplan.

Så sinte at dei vurderer å byte fylke

Laurdag fortalde NRK om lokalbefolkninga i Vik som feira med kake da Vikafjellstunnelen dukka opp i 2013-versjonen av NTP.

11 år seinare er tunnelen som skal erstatte «Noregs mest lunefulle fjellovergang» lengre unna å bli realisert.

Tilsvarande historier finst det fleire av, og i 2020 blei NTP send på «slankekur» av samferdselsminister Knut Arild Hareide (KrF).

Bakgrunnen var brei einigheit om at planen hadde «est ut» og meir likna ei liste over gode formål enn ei faktisk prioriteringsliste.

Sidan har ein meir «realistisk» og nøktern tilnærming til planarbeidet vore ein oppskrift på sinne og vonbrot. Slik også i år.

I Sunnhordland har fleire ordførarar varsla at dei er så sinte over Hordfast-skrotinga at dei vurderer å byte fylke frå Vestland til Rogaland.

Resonnementet bygger på at landsdelen blir nærmare Stavanger enn Bergen når Rogfast står klar i 2033.

– Det blir kortare å reise til Sola enn Flesland lufthamn, seier Stord-ordførar Sigbjørn Framnes (Frp).

Her er dei som er mest sinte og skuffa akkurat no:

Oslo 20240322. Fiskeri- og havminister Cecilie Myrseth og samferdselsminister Jon-Ivar Nygård presenterer stortingsmeldingen om Nasjonal transportplan 2025–2036 i Marmorhallen. Foto: Stian Lysberg Solum / NTB

– Kampen om pengane har blitt tøffare, og vi må prioritere forsvar og helse høgt, forklarte Jon-Ivar Nygård da han la fram planen.

Foto: Stian Lysberg Solum / NTB

Står til klar strykkarakter

Parallelt med kritikken frå dei som vil bruke meir på samferdsel, får den nye transportplanen også kritikk frå «motsett side»:

Frå dei som meiner planen er for «grå».

Bakgrunnen er at planen ikkje nemner arealnøytralitet eller anna form for kompensasjon for naturtap.

Eg begynner verkeleg å lure på korleis regjeringa skal nå måla vi har sett oss i naturavtalen når dei ikkje har betre planar for å ta vare på naturen i denne svære planen, seier MDG-leiar Arild Hermstad.

I februar vart Bergen kommune kritisert av klimaminister Andreas Bjelland Eriksen (Ap) for å gå vekk frå prinsippet om arealnøytralitet.

Nå møter regjeringa seg sjølv i døra, hevdar Hermstad:

Å kritisere andre for arealnøytralitet samtidig som regjeringa sjølv ikkje bryr seg ein døyt, det meiner eg står til klar strykkarakter.

Les også Bergen droppar mål om å stanse naturtap

Bergen

Trond Helleland
Torstein Bøe / NTB

Trond Helleland, Høgre

– Regjeringa prøver å pynte på sanninga gjennom å kalle prosjekt som er skrota for «utviklingsportefølje». Det er ein bløff. Realiteten er at prosjekt som er plasserte i utviklingsporteføljen nærast er gravlagd. Sidan fleire av prosjekta skal byggast dei neste 12 åra, må dei overleve to stortingsval og fleire endringar av NTP. Planen er uføreseieleg, det er som å ha ein kølapp utan nummer.

TRULS GULOWSEN Leder Naturvernforbundet
Jon Petrusson / NRK

Truls Gulowsen, leiar i Naturvernforbundet

– Vi er skuffa over at framtidsplanen til regjeringa er full av store motorvegprosjekt som vil rasere enorme mengder natur og legge til rette for auka trafikk. Politikarane må lytte til forskarane: Vi må bygge transportsystemet for framtida vi vil ha, og ikkje basert på prognosar om evig vekst i bil- og flytrafikk. Det er oppskrifta på auka utslepp.

Marthe Hammer
Leif Rune Løland

Marthe Hammer, SV

– SV er svært glad for at Hordfast er utsett. Dette er det einaste fornuftige, prosjektets naturøydeleggingar er katastrofale. Prosjektets mål om auka biltrafikk inn til Bergen er stikk i strid med alle mål om nullvekst og som regjeringa sjølv sei, og kostnaden gjer at ein knapt kan prioritere noko anna. Dette er ein siger for naturen.

Partilederdebatt
Carina Johansen / NTB

Arild Hermstad, MDG

– Eg hadde håpa på at regjeringa i dag ville ta eit stort steg i rett retning. Men dessverre oser denne planen framleis for mykje av svidd gummi og nedsprengd natur. Sjølv om Regjeringa set av meir pengar til vedlikehald på kostnad av utbygging, så er dette rett og slett tvingande nødvendig for å unngå uakseptabel degradering av vegar og jernbanelinjer over heile landet.

Olaug Bollestad
William Jobling / NRK

Olaug Bollestad, KrF

– Eg er skuffa over neiet til Hordfast. Hordfast ville knytt saman to viktige fylke i Noreg, og sikra ei auka effektivisering for næringslivet – noko dei lenge har ropt etter. Mykje av verdiskapinga i Noreg skjer på Vestlandet, og da bør dette speglast i prioriteringane til regjeringa.

Ane Breivik
NTB

Ane Breivik, Unge Venstre-leiar

– Dette er jo eit luftslott. Vi veit at vi går inn i trongare tider. Det er ikkje handlingsrom på statsbudsjettet for alle desse satsingane. Det står fram som om regjeringa og politikarane er mest opptatt av å fri til veljarar med rause lovnader om kolossale samferdselsutbyggingar. Men dei driv eit stort narrespel. Mange av prosjekta i Nasjonal transportplan kjem aldri til å sjå dagens lys.

Dagleg leder i Zero, Sigrun Gjerløw Aasland
Caroline Dokken Wendelborg

Sigrun Gjerløw Aasland, ZERO-leiar

– Regjeringa har forstått klima-alvoret nå, men dei er framleis på etterskot. Det er for mange store motorvegprosjekt inne i NTP. Det vil føre til auka transport, store klimagassutslepp og naturinngrep. Det er også positivt med 1 milliard til grøn luftfart, men det er langt frå nok. Vi saknar også ein energiplan for all elektrifiseringa som skal gjennomførast.

Geir Jørgensen

Geir Jørgensen, transportpolitisk talsperson i Raudt

– Har ikkje regjeringa tenkt å nå sine eigne klima- og naturmål? I denne planen fortset dei å kaste pengar på det unødvendige privatiseringsprosjektet Nye vegar som øydelegg natur og matjord, og køyrer over lokaldemokratiet i jakta på overdimensjonerte vegar. Samtidig er det for lite til trafikksikkerheit og vedlikehald der folk bur. Nå må det bli vanlege vegars tur.

Solveig Skaugvoll Foss.
Kristian Myhre

Solveig Skaugvoll Foss, Framtiden i våre hender

– Det held ikkje å berre reise litt grønare, vi må også reise mindre. Statsråden er ærleg på at regjeringa ikkje planlagd for å redusere trafikken. Sjølv om regjeringa gjer fleire gode grep for å avgrense utvidingar som skaper auka trafikkvekst, så er det skuffande at dei ikkje følger opp behovet for trafikkreduksjon som Miljødirektoratet så tydeleg har talfesta.

Ingunn Handagard, kommunikasjonsrådgivar i NAF.
NAF

Ingunn Handagard, pressesjef i NAF

– Regjeringa har tatt eit tøft val når dei prioriterer ned dei største prosjekta og spreier midlane ut til meir vedlikehald, fornying og skredsikring. Dei største vegprosjekta inneber enorme bompengar og store naturinngrep. Mange vil kjenne på at det er ei rett prioritering å vektlegge folks økonomi og naturen vår sterkare.

Mona Fagerås, SV
Vidar Ruud / NTB

Mona Fagerås, transportpolitisk talsperson i SV

– Dette er ein transportplan til å bli bilsjuk av. Vi treng ein plan for transportsektoren i framtida, som tar klima og naturvern på alvor. Dette er ikkje godt nok. Vi kan ikkje fortsette å asfaltere landet med firefelts motorvegar. Det øydelegg store naturområde, kostar enormt med pengar, og blir ikkje nok brukt. Vi får gjort langt meir viss vi bygger langt og trygt, heller enn breitt og dyrt.

Sondre Olsen
NHO

Sondre Olsen, politisk rådgivar NHO Vestland

– Dette er heilt uforsvarleg. To av Vestlands tre store prosjekt er skovne langt ut i tid. Det er uforståeleg at ei regjering med fleire statsrådar frå Bergen og Vestland verken prioriterer Hordfast eller Bybanen. Arna-Stanghelle er prioritert, men ikkje lova nokon klar oppstartsdato. I staden seier Regjeringa at dei kanskje vil starte bygginga i 2025 eller 2026.

Silja Ekeland Bjørkly
Høyre

Silja Ekeland Bjørkly, gruppeleiar Vestland Høgre

- Det er smått utruleg at regjeringa har reist rundt i Vestland og proklamert for alle vegprosjekta dei har prioritert, når det er i realiteten er berre 2 prosjekt som er prioriterte i første periode. Hordfast er eit av Noregs mest samfunnsøkonomisk lønnsame prosjekt, og det kan ikkje kallast anna enn ein skandale viss prosjektet ikkje får byggestart i første periode.

Jon-Ivar Nygård
Hallgeir Braastad / NRK

Jon-Ivar Nygård (Ap), samferdselsminister

– Luftfarten må gjennom ei utfordrande og omfattande omstilling for å utvikle seg i tråd med klimamåla. Regjeringa prioriterer 1 milliard kroner til å sette fart på å fase inn luftfart med null og låge utslepp. Når luftfarten blir utsleppsfri, blir den ein klima- og miljøvenleg transportform med lite arealinngrep.

Frank Sve
Tore Ellingseter

Frank Sve, Frp

– Aldri før har så mange ete så mykje kake for så lite. Skal regjeringa reise rundt og ete kake for alle prosjekta dei utset og ikkje finansierer får vi etter kvart eit folkehelseproblem. Regjeringa har ikkje sett i gang eit einaste nytt stort vegprosjekt i 2021, 2022, 2023 eller 2024. Det har ingen truverd at dei plutseleg vil begynne å bygge veg etter stortingsvalet i 2025.

Generalsekretær i WWF Verdens naturfond, Karoline Andaur

Karoline Andaur, generalsekretær i WWF Verdsnaturfondet

– Det er ganske utruleg at vi i 2024 får ein transportplan til over 1300 milliardar kroner som er fullstendig kopla frå klima- og naturpolitikken. Samferdselssektoren er den største kjelda til klimautslepp og ei av dei største årsakene til naturøydeleggingar i Noreg. Alvoret i natur- og klimakrisa er på ingen måte reflektert i nasjonal transportplan.

Andreas
NU

Aleksander Snarheim, sentralstyremedlem i Natur og Ungdom

– Vi er avhengige av at langt fleire vel å bruke kollektivtransport i kvardagen deira framover for å i det heile kunne sikte oss inn på å nå måla i Parisavtalen og Naturavtalen, da er det siste vi treng kutt i kollektivtransporten. Det er ein skandale at regjeringa ikkje ønsker å investere i større prosjekt for å få ein auka del reisande i kollektivtransporten i byane i åra som kjem.

Kjersti Barsok er forbundsleiar i Norsk Tjenestemannslag (NTL)
William Jobling / NRK

Kjersti Barsok, forbundsleiar i Norsk Tjenestemannslag (NTL)


– Det er skuffande at regjeringa ikkje bruker denne moglegheita til å innlemme Nye vegar AS i Statens vegvesen. Det ville vore eit grep som sikra effektivitet og kompetanse i statleg vegutbygging og -forvaltning for framtida. Det er godt å sjå at regjeringa seier at dei ønsker å satse på vedlikehald framfor nye, store utbyggingsprosjekt, men så står det att å sjå kva som skjer i praksis.

Merete Jonas
FLT

Merete Jonas, 1. nestleiar i IE & FLT

– Vi har arbeidd for styrking av vegnettverket for næringslivet i distrikta, så mykje i planen er positivt. Regjeringa foreslår 16 milliardar ekstra til drift og vedlikehald av fylkesvegane, som lid av eit enormt etterslep på oppgraderingar. Problemet er at når ein først har komme så langt bakpå, er det tungt å ta igjen det tapte

Odd Erik Stende
Arbeiderpartiet

Odd Erik Stende, direktør for samfunnspolitikk i Spekter

– Regjeringa har endeleg lagt fram eit NTP-forslag som tar konsekvensen av det alle bustadeigarar forstår: Du må prioritere å halde ved like huset du har, før du tar deg råd til å bygge på. Auka vedlikehald er heilt nødvendig for at folk og varer som bruker toget skal komme fram til avtalt tid, og for at vegane skal vere trygge å køyre på.

Bernt Lind-Aaby
NFKK

Bernt Lind-Aaby, leiar i Nettverk fjord- og kystkommunar (NFKK)

Bernt Lind-Aaby, leiar i Nettverk fjord- og kystkommunar (NFKK)

– Sjølv om regjeringa fører vidare tradisjonen med å overby den førre transportplanen, er det ei historisk svak satsing på kystinfrastruktur. Nå må Stortinget vise ansvar å sikre at vi får meir samferdselsinvestering der verdiane blir skapte, og ein plan som bidrar til vekst og trygg transport langs kysten.


Kenneth Erdal
Kystrederiene

Kenneth Erdal, seniorrådgivar i Kystrederiene

- Den nye transportplanen tar ikkje høgde for at mykje av veksten i transportmengda framover må komme på sjøen. Til det beste både for folk, samfunn og miljø. For sjøtransporten blir prioritert ferdigstilling og oppstart av fleire farleis- og fiskerihamnetiltak, under dette Stad skipstunnel i første seksårsperiode. Dette har vi jobba mykje for, og noko vi er svært positive til.

Jahn Cato Bakken
Norsk sjømannsforbund

Jahn Cato Bakken, leiar i Godsalliansen og nestleiar i Norsk sjømannsforbund

- Det er beklageleg at Nasjonal transportplan i så stor grad følger tidlegare planar, utan tydelege grep for å endre kurs når det gjeld klima, naturinngrep og ønskte samfunnsutvikling i transportsektoren.