Hopp til innhold
Ras på E16 ved Bolstad i juni 2016
Foto: Drone

NTP 2025–2036 i Vestland

Oppsummert

Her får du dei viktigaste nyheitene frå Nasjonal transportplan (NTP) for perioden 2025–2036. Dette er prosjekt som blir prioriterte av regjeringa. Midlar til prosjekta må løyvast gjennom dei kommande statsbudsjetta.

  • SV bryter forhandlingene om Nasjonal transportplan

    SV brøt fredag forhandlingene om Nasjonal transportplan med regjeringspartiene.

    Forhandlingene mellom transportkomiteens medlemmer fra Arbeiderpartiet, Senterpartiet og SV har pågått siden april, og saken skal opp i Stortinget i juni.

    – Dessverre har SV nå måttet bryte forhandlingene om Nasjonal transportplan. Regjeringen har ikke villet møte oss på å skape en mer miljøvennlig transportsektor, det synes jeg er utrolig synd, sier Mona Fagerås, transportpolitisk talsperson i SV.

    Ifølge Fagerås har regjeringspartiene «villet prioritere bygging av gigantiske motorveier», i stedet for miljøvennlige løsninger som tog og buss.

    – Det viktigste for SV vil alltid være grønne løsninger i transportsektoren, og derfor blir vi nødt til å se etter løsninger med andre partier for å få en så god transportplan som mulig, sier hun.

    Mona Fagerås, transportpolitisk talsperson SV
    Foto: Rolf Petter Olaisen / NRK
  • – SV er svært glade for at Hordfast er utsett

    Det uttalar Marthe Hammer (SV). Ho meiner utsetjinga er ein siger for naturen.

    – Dette er det einaste fornuftige. Prosjektets naturøydeleggingar er katastrofale, prosjektets mål om auka biltrafikk inn til Bergen er stikk i strid med alle mål om nullvekst og som regjeringa sjølv seier, kostnaden gjer at ein knapt kan prioritera noko anna.

    Samtidig har både KrF og Bergen Næringsråd uttalt seg kritiske til at prosjektet er sett på vent.

    Marthe Hammer, SV
    Foto: Tale Hauso / NRK
  • Sveinung Rotevatn (V): – Avgjerande at byrådet samarbeider

    Regjeringa avventar prioritering kring ny bybanetrasé til Åsane, etter at byrådet har bestilt ei ny utgreiing av tunnel som alternativ til trasé over Bryggen.

    Venstres representant frå Hordaland valkrets, og finanspolitisk talsmann for Venstre, Sveinung Rotevatn, meiner lokale myndigheiter i Bergen kostar prosjektet verdifull tid.

    – For Venstre er det viktig å finansiere Bergens bybane. Det ligg ein godkjent og kvalitetssikra trase klar for bygging, som kan ta imot finansiering, og disse midla kan utbetalast allereie i 2025. For at dette skal vere gjennomførbart, er det helt avgjerande at byrådet unngår kvar ein forsinkande handling for traseen. Vi er i stand til å støtte Bergen økonomisk, men valet av banens løype må byen avgjere sjølv. Bergen vil tape verdifull tid for bybaneutviklinga for kvart år som går med til å slå usikkerheit rundt ein allereie fastsett plan, seier Rotevatn.

    Rotevatn, Sveinung
    Foto: William Jobling / NRK
  • Vikafjellstunnelen ikkje prioritert

    Heller ikkje i den neste 12-årsperioden blir rv. 13 Vikafjellstunnelen prioritert.

    Prosjektet var sist inne i NTP i 2013, men sidan då har det vore dårleg nytt for dei som ønskjer ny tunnel.

    – Det er ufatteleg skuffande og veldig overraskande. Eg hadde forventa at vi fekk i NTP kven som hadde ansvar og at det låg inne i første planperiode, seier Vik-ordførar Roy Egil Stadheim.

    Vikafjellet
    Foto: Visit Norway
  • Ulstein: – Regjeringa bruker NTP på å helsa heim

    Nestleiar i KrF, Dag Inge Ulstein, meiner Vestland ikkje er prioritert høgt nok i NTP. Han meiner regjeringa heller har valt å bruka pengar på eigne valdistrikt.

    Han viser mellom anna til at dei vil setja av 23 milliardar til strekninga Fredrikstad-Råde.

    – Ei bittelita stripe gjennom skogen i Østfold, seier han, og viser til at dette vil gi strekninga fire ekstra tog i timen i rushtida.

    – Men kva skjer med midlar til å utvikla kollektiv, veg og bybane i og rundt Vestlandets hovudstad? Der verdiane verkeleg blir skapte, seier han. Han viser til at då KrF var i regjering var Hordfast planlagt å vera byggeklar i 2024/2025, men no har regjeringa sett prosjektet på vent.

    Dag-Inge Ulstein
    Foto: William Jobling / NRK