Hopp til innhold

Ingen pengar til Møreaksen i Nasjonal transportplan

Regjeringa har ikkje lagt inn pengar til Møreaksen i forslaget til Nasjonal transportplan. Men regjeringa vil setje i gang delprosjekt både i Molde og Ålesund.

Gjelsvik og Lien foran Hollingsholmen fergekai

Stortingsrepresentantane Geir Inge Lien (Sp) og Sigbjørn Gjelsvik (Sp) på veg til Aukra for å presentere planane for Møreaksen og Nasjonal Transportplan.

Foto: Roar Jonny Strøm / NRK

Møreaksen er eit stort samferdsleprosjekt som skal knyte området rundt Ålesund og Molde tettare saman. I den nye Nasjonal Transportplan er heile prosjektet delt i to hovuddelar, og ligg inne som to av ti nasjonale utviklingsprosjekt.

Ti prosjekt blir lagt inn i ein eigen del i Nasjonal transportplan med krav om kostnadskutt og effektivisering. Dette blir kalla ein utviklingsportefølje. Mellom desse er fjordkryssinga mellom Vestnes og Molde, og vidare Breivika–Ørskogfjellet og Ørskogfjellet–Vik på E39.

Det store prosjektet i Møre og Romsdal inneber nye vegar på heile strekninga mellom Ålesund og Molde med tunnel under Romsdalsfjorden frå Vestnes til Otrøya, stor hengebru over Julsundet, og eit vegsamband gjennom tunnel på nordsida av Molde by.

– Statens vegvesen får ei særleg bestilling på korleis ein kan sikre framdrift på prosjektet, sa leiar i Stortinget sin transportkomite, Sigbjørn Gjelsvik (Sp) i dag.

Heile strekninga frå Breivika i Ålesund via Otrøya og forbi Molde sentrum er inne i det som regjeringa kallar ein utviklingsportefølje. Det vil seie at det blir sett av midlar til planlegging, men at det førebels ikkje er sett av ei einaste krone til bygging.

Les også Presenterte ny Nasjonal transportplan: Hvor skal veimilliardene gå?

Dårlig vei i Pasvik. Sted: Brattlibukta.

– Skuffa

NHO-direktøren i Møre og Romsdal, Lene Trude Solheim, er skuffa over korleis Møre og Romsdal har kome ut i planen. Ho meiner Møre og Romsdal kjem dårleg ut i regjeringa sitt forslag til Nasjonal transportplan.

Og ho er særleg skuffa over at det ikkje er sett av pengar til Møreaksen.

– Det er skuffande med tanke på kor langt Møreaksen-prosjektet har kome. Det er også litt uklart kva som ligg i at Møreaksen har hamna i utviklingsporteføljen. Dette er eit av fleire viktige prosjekt som Møre og Romsdal skulle hatt for å oppretthalde både eksportindustrien og andre viktige arbeidsplassar, seier Solheim.

Lene Trude Solheim vert intervjua av ein NRK-reporter.

Lene Trude Solheim er direktør i NHO i Møre og Romsdal.

Foto: Josef Benoni Ness Tveit / NRK

Julian Vangen i Midsund Næringsforum hadde møtt fram for å høyre kva regjeringa ville gjere med Møreaksen. Og det han fekk høyre var nedslåande.

– Alle våre medlemar har stor tru på at Møreaksen vil hjelpe oss i kvardagen. Men her ligg det ikkje inn pengar. Skal Møreaksen få pengar så må jo eit anna prosjekt bli lagt bort. Så det er veldig skuffande at det ikkje er lagt inn ei einaste krone.

Flere bilder fra Gjelsvik besøk Aukra Bildet viser Julian Vangen

Julian Vangen representerer Midsund Næringsforum. Han er skuffa over at det ikkje er sett av pengar til bygging av Møreaksen.

Foto: Roar Jonny Strøm / NRK

Les også Usikkerheit kring store milliardprosjekt: – Trur det sit langt inne å skrinleggje heilt

Hordfast

– Oppstart i Molde

No vil regjeringa at det nordlege prosjektet skal delast opp ytterlegare, og at bygginga av denne delen skal ta til i Molde-området.

– Vi bed Statens vegvesen om å vurdere om dei kan starte frå Molde-sida, med tunnel frå Julbøen og eventuelt hengebru over til Otrøya, sa Sigbjørn Gjelsvik på eit møte med media, lokalpolitikarar og næringsliv på Gossen i Aukra i dag.

Gjeldsvik presiserte at ein oppstart i den nordlege enden også må setjast i samanheng med bru over Kjerringsundet mellom Otrøya og Gossen i Aukra.

– Vi er skuffa over at vi ikkje får pengar umiddelbart for å starte prosjektet over Kjerringsundet. Men vi har eit håp om at det kjem seinare. Men eg er skuffa over at Møre og Romsdal blir nedprioritert, seier styreleiar i bruprosjektet Kjerringsundet, Per Arne Rindarøy.

Per Rindarøy - styreleiar i bruprosjektet over Kjerringsundet

Per Arne Rindarøy er styreleiar i bruprosjektet over Kjerringsundet mellom Otrøya og Gossen i Aukra. Også dette sambandet blir knytt opp mot Møreaksen.

Foto: Ann Eli Nøsen / NRK

– Handlar om å kome i gang

Leiaren i transportkomiteen la vekt på at planlegginga av Møreaksen har kome langt. Men prosjektet er stort. Gjelsvik seier det vil vere lettare å kome i gang om prosjektet blir delt ytterlegare opp.

– Til sjuande og sist handlar det om å kome i gang. Det handlar ikkje om å vere i ein plan. Det handlar om realistisk å kome i gang.

– Det er lettare å kome i posisjon til oppstart på den biten enn å skulle kome til oppstart på heile prosjektet som kan kome opp i 25 milliardar kroner.

Planane for den nordlege delen av Møreaksen blei presentert på eit møte på Gossen i Aukra fredag.

Planane for den nordlege delen av Møreaksen blei presentert på eit møte på Gossen i Aukra fredag.

Foto: Roar Jonny Strøm / NRK

Les også NTP er ute: Sjå vegane regjeringa vil satse på

8kCnUSd9v7I

– Spikaren i kista

Men Miljøpartiet de Grønne jublar over at Møreaksen ikkje har fått pengar i regjeringa sitt forslag til Nasjonal Transportplan. Partiet meiner at prosjektet er dårleg for miljøet og naturen.

Og fylkespolitikar for MDG i Møre og Romsdal, Jonas Maas Nilsen, trur dette er nådestøyten for Møreaksen.

– For alle oss som synest at Møreaksen er eit dårleg prosjekt er dette ein gledas dag. Dette er spikaren i kista for Møreaksen.

Jonas Maas Nilsen, gruppeleder i fylkestinget for MDG.

Jonas Maas Nilsen (MDG) er glad for at Møreaksen ikkje har fått pengar i NTP.

Foto: MDG

– Trafikksystemet i Molde er ikkje bra

Arbeidet med Møreaksen blir også sett fram som ein måte å løyse trafikkproblema i Molde på. Det kan også opne for ein plan om førebels å flytte ferjeleiet i Molde til Julbøen, og dermed frigjere areal i Molde sentrum.

– Trafikksystemet gjennom Molde by er ikkje bra i det heile teke. Å få vegen forbi Molde sentrum vil vere eit stort løft.

På denne måten kan det bli opna for ferjestrekning over Romsdalsfjorden der ferjeleiet i nord ligg på Julbøen og ikkje i Molde sentrum som i dag. Dette er rekna som ei mellombels løysing medan tunnel mellom Vik og Otrøya blir bygt.

Molde

Om planen om tunnel i Molde blir realisert kan det bli slutt på at ferja går inn til Molde sentrum. Og det skal bli mindre biltrafikk gjennom Storgata i Rosenes by.

Foto: Øyvind Sandnes / NRK Luftfoto

Ålesund – Ørskogfjellet

I Ålesundsområdet er det planlagt nye vegstrekningar frå Breivika, forbi drikkevasskjelda Brusdalsvatnet, forbi Valle og Håhjem, Solnør, ulike alternativ forbi Sjøholt og Ørskog til Vik i Vestnes der den undersjøiske tunnelen til Otrøya byrjar.

E 39 Breivika-Ørskogfjellet og Ørskogfjellet-Vik ligg inne som prosjekt i det som blir kalla utviklingsporteføljen ligg også det nordlege prosjektet for Møreaksen, Vik - Molde.

Sjøholt i Ørskog

Det omfattande vegprosjektet kan gje ny veg utanom Sjøholt i Ørskog-delen av Ålesund.

Foto: Anne Gunn B. Myhren

Otta-Dombås-Vestnes

Strekninga Otta-Dombås-Vestnes ligg framleis inne blant prosjekta som selskapet Nye Veier skal utvikle. Investeringskostnaden er sett til 4,7 milliardar kroner i planperioden.

Godstransport i Romsdalen

Vegen gjennom Romsdalen blir kalla Eksportvegen. Denne ligg framleis inne blant strekningane som selskapet Nye Veier skal utvikle.

Foto: Øyvind Sandnes / NRK

Batnfjordsøra

Frå før veit vi at regjeringa ønskjer å byggje E39 vekk frå sentrum på Batnfjordsøra. Her har regjeringa lagt inn føringar om å ta ekstra omsyn til jordvernet. Det kan tyde på at det blir valt ei løysing med tunnel i dei mest sårbare jordbruksområda.

Ny vei Gjemnes Samferdselsminister Jon Ivar Nygård diskuterer med bonde Anders Harstad.

Jordvern blir eit viktig tema når ny E39 skal leggast utanfor Batnfjordsøra. Her diskuterer samferdselsminister Jon-Ivar Nygård med bonde Anders Harstad.

Foto: Marius André Jenssen Stenberg / NRK

Veibustkrysset

Ifølgje lekkasjane ligg også nytt kryss på E39 på Veibust i Sula. Veibustkrysset er eitt av seks mindre prosjekt som er omtalt i Nasjonal transportplan.

Veibust-krysset i Sula blir prioritert i Nasjonal transportplan 2024-2036.

Det var tommelen opp og stor entusiasme då det blei kjent at nytt Veibust-kryss ligg inne i Nasjonal Transportplan.

Foto: Trond Vestre / NRK

Volda-tunnelen

Ny tunnel på E39 mellom Volda og Furene ligg i andre periode i Nasjonal Transportplan. Stortingsrepresentant Helge Orten hevdar dette eigentleg er ei utsetjing av tunnelplanane.

Her kan den nye vein komme.

I dette området kan Volda-tunnelen bli bygd. Tunnelen ligg inne i andre periode av Nasjonal Transportplan.

Foto: Tore Aarflot / Møre

Strynefjellet

Den planlagde nye tunnelen på Rv. 15 gjennom Strynefjellet har også fått plass i regjeringa sitt forslag til Nasjonal transportplan. Det blei møt tmed jubel og feiring i Stryn då lekkasjen kom.

Men Strynefjellet er lagt inn i den andre seks års-perioden i Nasjonal transportplan. Dette er skuffande og farleg for prosjektet, seier regionleiar i Norges Lastebileierforbund, Jan Ove Halsøy.

– Det skal berre eit regjeringsskifte til så er Rv. 15 Strynefjellet ute. Det som ikkje ligg inne i den første seks års-perioden er ikkje så mykje verd.

Og den planlagde arma frå Strynefjellet til Geiranger ligg ikkje inne med pengar. Dette er ein fylkesveg som Møre og Romsdal fylkeskommune må skaffe pengar til.

Jan Ove Halsøy, Norges lastebileierforbund

Jan Ove Halsøy i Norges Lastebileierforbund meiner Rv. Strynefjellet burde ha kome inn med byggjestart i den første seks års-perioden.

Foto: Brynjar Mangor Myrtveit Osgjerd / NRK

Reagerer sterkt

E39 Bjerkeset-Astad gjennom Gjemnes er det einaste store vegprosjektet i Møre og Romsdal som har fått ein prioritert plass med planlagd byggjestart i den første perioden i regjeringa sitt forslag i Nasjonal transportplan

Dei andre vegprosjekta har anten hamna i den siste perioden eller dei har ikkje fått plass i planen som gjeld for 12 år.

Ordføraren i Ålesund, Håkon Lykkebø Strand (Frp) reagerer sterkt på at strekninga Solevågseidet-Breivika ikkje er nemnt med eit einaste ord.

– Det er ikkje til å tru. Dei ulukkene som har hendt på denne strekninga over fleire år gjer ho til ein av dei farlegaste strekningane i landet.

Håkon Lykkebø Strand (Frp) er ordfører i Ålesund kommune.

Ordførar Håkon Lykkebø Strand (Frp) i Ålesund meiner strekninga Solevågseidet-Breivika burde ha vore stasa på i NTP.

Foto: Mia Sofie Ytreberg / NRK

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL