Hopp til innhold

Monica Mæland: – Svært skuffande at Hordfast blir droppa

– Me er svært skuffa over at regjeringa droppar Hordfast, seier Monica Mæland, administrerande direktør i Bergen Næringsråd. I NTP 2022–2033 var Hordfast høgt prioritert, men i NTP som blei lagt fram i dag er Hordfast med i «utviklingsportefølgjen».

Også Olaug Bollestad, partileiar i KrF, reagerer.

– Mykje av verdiskapinga i Noreg skjer på Vestlandet, og då bør dette speglast i prioriteringane til regjeringa. Hordfast er noko så sjeldan som eit samfunnsøkonomisk samferdselsprosjekt som burde vore prioritert i NTP.

Regjeringa skriv: «Reguleringsplan for Hordfast er nær ferdig ved inngangen av planperioden, og regjeringen legger opp til at denne fullføres. Dette vil gi det beste grunnlaget for å vurdere prosjektet ved en senere rullering av portefølgjen når handlingsrommet tillater det».

– Det me ser no er verre enn me trudde. Hordfast blir ikkje utsett. Regjeringa føreslår å droppa det heilt. Det er veldig alvorleg, seier Mæland.

Saman med Møreaksen blir Hordfast omtalt i NTP som eit av to store prosjekt som åleine ville lagt beslag på hovuddelen av midlane som er prioriterte til store investeringar i planperioden.

Samtidig meiner SV at utsetjinga er ein siger for naturen.

Monica Mæland på besøk i daværende Tysfjord kommune
Foto: Simon Piera Paulsen