Hopp til innhold

Kranglar om løftebrot: Høgre og Ap skuldar kvarandre for å ha lurt bergensarane

Høgre har brote sitt kanskje største valløfte for å overta makta i Bergen. No kritiserer dei at Arbeidarpartiet bryt sitt løfte frå valkampen.

Grafitti av Dr.AW, om politisk krangel om Bybanen i Bergen. Tittel: "Trassé"

Å BRYTE LØFTE ELLER LØFTE I LAG? Høgre braut valløftet sitt om bybanetraséen i Bergen, men meiner Ap no gjer det same om eigedomsskatten. (Illustrasjon: gatekunstverket «Trassé» av Dr. AW.)

Foto: Agnieszka Iwanska

Kampen for eller mot å bygga Bybanen framføre dei ikoniske mellomalderbygningane på Bryggen har heimsøkt Bergen i over ti år. Etter årets lokalval er spørsmålet nok ein gong politisk sprengstoff.

Men onsdag fekk lokalpolitikarane ein liten pause frå den striden. For då la byrådsleiar Rune Bakervik (Ap) fram sitt forslag til bybudsjett for 2024.

Den evige verkebyllen i bergenspolitikken ligg sjølvsagt framleis og væskar edder og galle mellom dei sju fjell.

Du kan lesa meir om det lenger nede.

Men denne dagen fekk både Arbeidarpartiet og dei andre høve til å snakka litt om noko anna enn bybanebyllen.

Auka eigedomsskatt

For Bakervik ønsker å auka kommunens inntekter frå eigedomsskatt med 79 millionar kroner. Det gjer han ved å oppdatera bustadverdiane og å redusera botnfrådraget frå 800.000 kroner til 750.000 kroner.

– Promillen på eigedomsskatten blir slik den har vore, men me vil senka botnfrådraget. Det betyr at i gjennomsnitt får kvar husstand 12 kroner meir i eigedomsskatt i månaden, seier han.

Endringa gjer han for å ha råd til byrådets satsingar.

– Me treng inntektene til gode tiltak som gratis SFO for 3. klasse, auka satsing på idretten, servicemedarbeidarar i sjukeheimar, og alt som gir ein betre by, ifølge byrådsleiaren.

I dag var første gong bystyret møttest etter sommaren og etter lokalvalet 11. september. Men budsjettforslaget blir truleg ikkje vedtatt av det nye bystyret som overtar i oktober.

Christine Meyer reax budsjett

Høgre og Christine Meyer braut sjølv valløftet sitt, men kritiserer no Arbeidarpartiet og Rune Bakervik for eit anna løftebrot.

Foto: Linnea Skare Oskarsen / NRK

Høgre: – Løftebrot frå Arbeidarpartiet

Bergen Høgre har lova halvering av eigedomsskatten innan fire år. Partiet reagerer no på Bakerviks forslag.

– I valkampen har han sagt på innpust og utpust at han ikkje skal auka eigedomsskatten, og så er det det første han føreslår. Han spring får alle slike løfte no, seier Eivind Nævdal-Bolstad (H) til BA.

Bakervik avviser skuldingane.

– Dette er ikkje eit løftebrot. Det me har sagt, i motsetnad til Høgre som vil kutta eigedomsskatten, er at me set tæring etter næring, slik me har gjort i åtte år.

Då me overtok byrådsmakta etter Høgre, var det ein vanstyrt kommune med kloremerke i kommunekassen.

Rune Bakervik, byrådsleiar i Bergen (Ap)

– Me har sakte, men sikkert bygt opp kommuneøkonomien igjen. Korleis Høgre skal klara det når dei vil kutta eigedomsskatten med 100 millionar kvart år i fire år, er for meg eit mysterium.

Høgres byrådsleiarkandidat Christine Meyer held fast ved at Bakervik bryt valløfta sine.

– Han sa gjennom valkampen at skatten ikkje skulle aukast, men det gjer han no. Han varsla ein meir sosial rettferdig eigedomsskatt, men dette er det motsette, seier ho til NRK.

Les også Ap-kandidaten kan spara 5000 kroner i skatt viss Høgre får makta

Sandrino Arenas Moya Birkeland (Ap) og Ingvild Knustad, med borna Andrea 5 mnd, Emilia 4 år og Aurora 6 år

Høgres løftebrot om Bybanen

Men i tida etter valet er det først og fremst Meyer og Høgre som har blitt skulda for løftebrot av politiske kommentatorar og politiske motstandarar.

Dermed er me tilbake til «verkebyllen»: skal bybanelinja til Åsane byggast framføre Bryggen eller i tunnel bak Bryggen?

Ei rekke omkampar, opprør, kuvendingar og byrådskriser om denne bybanetraséen har dominert bergenspolitikken i over ti år.

Spørsmålet har også dei to vekene etter valdagen i år lagt premissane for kven som skal få politisk makt i Bergen dei neste fire åra.

Christine Meyer braut førre veke sitt grunnleggande valløfte. I valkampen hadde ho garantert at Høgre ikkje ville ta omkamp mot å bygga Bybanen langs Bryggen, og at framtida til Bybanen var viktigare enn byrådsmakt for Høgre.

Men no ligg det an til at Meyer dannar byråd med støtte frå fem «tunnelparti». Desse fem kallar seg «Bryggenvennene» og krev ein slik omkamp som Meyer avviste før valet (sjå faktaboks nedst).

Les også Livleg demonstrasjon for Bybanen: – Vi er fleirtalet. Bygg den banen!

Marianne Aanerud i "Bergens Mødre" under demonstrasjon for Bybanen langs Bryggen

Byråd i tynn tråd

Bakervik kalla i dag byrådet sitt forslag til 2024-budsjett «fullstappa med god Ap-politikk, god sosialdemokratisk politikk for byen vår».

Men både byrådsmakta og budsjettforslaget hans heng i ein tynn – om enn raud – tråd.

– Slik situasjonen er no, er det ikkje noko grunnlag for eit fleirtal på venstresida. Me tar til etterretning at Høgre er i samtalar med parti som kan utgjera eit fleirtal, seier han til NRK.

Både han og Meyer seier dei har prøvd å strekka hendene ut til kvarandre for å redda Bybanen og vedtaket om å bygga banen framføre Bryggen. Begge skuldar kvarandre for å avvisa invitasjonen.

– Det er klart at me sit på kvar vår tue. Det har kanskje ikkje vore like konstruktivt. Det må me begge ta ansvar for, seier Bakevik.

Byrådsleder i Bergen, Rune Bakervik (Ap) i Storbystudio fra Bergen

Rune Bakervik vedgår at verken han eller Christine Meyer har vore så konstruktive etter lokalvalet i Bergen.

Foto: Simon Skjelvik Brandseth / NRK

– Men mi utstrekte hand for å få til eit samarbeid for å redda Bybanen, er ærleg og oppriktig og står ved lag, seier han.

– Spring frå valløfta for å få makt

Viss Bakervik hadde gått av som byrådsleiar rett etter valdagen, kunne kanskje Meyer ha klart å danna eit byråd med Venstre og KrF som sikra at Bybanen til Åsane blir bygd.

Då Meyer heller gjekk til «tunnelpartia», prøvde ho å legga ansvaret på Bakervik.

Det kalla han ansvarsfråskriving. Bakervik angrar ikkje på at han ikkje trekte seg før Meyer valde omkamp med «tunnelpartia».

– Nei, me tar til ei kvar tid utgangspunkt i den politiske situasjonen. Det kunne vore eit fleirtal for vår side og vår måte å driva Bergen på. Det er sjølvsagt ein veg me er nøydde til å få sjekka ut.

Då han vart byrådsleiar, sa Bakervik at hans største sak var å sikra Bybanen til Åsane.

– Kva tenker du om situasjonen no?

– Eg er veldig glad for at me har levert, og bidratt til å sikra Bybanen. At nokon spring frå valløfta sine for å få makt, og dermed set Bybanen i spel, syns eg ingenting om. Dei må tenke seg veldig godt om.

– Det er katastrofe for Bergen om me ikkje får bygd denne banen, meiner byrådsleiaren.

Les også Bybane-striden i Bergen: Byråds­leiaren (Ap) er villig til å gå av – men Høgre avviser samarbeid

Grafitti av Dr.AW, om politisk krangel om Bybanen i Bergen. Tittel: "Trassé"

Les også Reagerer på u-sving i bergenspolitikken: – Tøft å bli dratt i tvil og vridd på

Tarje Wanvik