31. mai i år vedtok Bergen bystyre at bybanetraséen nordover til Åsane bydel skulle gå langs framsida av den ikoniske Bryggen.
Bergen Høgre godtok nederlaget. Ei minst ti år lang politisk strid var dermed avgjort.
Men nei. Under fire månadar seinare har Høgre vunne lokalvalet i Bergen saman med protestparti som krev omkamp mot Bybanen langs Bryggen.
Torsdag snudde Bergen Høgre nok ein gong.
Høgres byrådsleiarkandidat Christine Meyer (H) garanterte 5. september at det ikkje skulle bli omkamp om Bybanen. 21. september snudde ho.
Foto: NRK– Fagfolk blir dratt i tvil
Høgres byrådsleiarkandidat Christine Meyer opnar no for å bryta sitt grunnleggande valløfte om at bybanetraséen er avgjort.
– Det er klart at det er krevjande å vera byutviklingar i plan- og bygningsetaten på ein dag der me nok ein gong ser ut til å kanskje få omkamp på ei av våre aller, aller viktigaste saker dei siste ti åra.
Det seier plan- og bygningsdirektør Tarje Wanvik i Bergen kommune.
– Mange tykkjer det er tøft å stå i at det faglege grunnlaget som me har brukt så mykje tid og krefter på, i lag med så mange menneske og så flinke ressursar, blir dratt i tvil og vridd på.
– Opplever folk at «livsverket deira» blir sett til side?
– Veldig mange hos meg er veldig stolte over det me har fått til. Det er jo fantastisk å sjå korleis byen både har blitt meir effektiv, vakrare og blir tatt meir i bruk av innbyggjarane. Det er tungt å få ein ny omkamp og at det blir reist tvil ved det faglege arbeidet, seier han.
Striden om kor Bybanen til Åsane skal gå – framføre Bryggen eller i tunnel bak Bryggen – har dominert bergenspolitikken i eit tiår.
Illustrasjon: Bergen kommune/Miljøløftet– Bergen på sitt beste og verste
For å ta makta frå noverande byrådsleiar Rune Bakervik (Ap), prøver Høgre no å danna fleirtal i lag med partia som krev omkamp om Bryggen: Framstegspartiet, Senterpartiet, Pensjonistpartiet og ikkje minst dei to ferske protestpartia Bergenslisten og Industri- og næringspartiet.
Desse partia seier anten nei til Bybane til Åsane bydel, eller krev at banen heller blir bygd i tunnel bak Bryggen.
«Opprørsgeneralen» Trond Tystad i Bergenslisten lanserte seg fredag som mogleg byutviklingsbyråd.
Tidlegare har han argumentert for å legga ned heile plan- og bygningsetaten i Bergen.
Trond Tystad etablerte i fjor Bergenslisten for å hindra bygging av bybane langs Bryggen. Protestpartiet fekk 11. september fire plassar i bystyret.
Foto: Leif Rune Løland / NRK– Ja, eg har høyrt rykte om dette. Bergenspolitikken er Bergen på sitt beste og sitt verste. Så eg håpar og trur at han ikkje meiner dette, seier Wanvik.
Han viser til at rundt 80 prosent av alle saker byrådet behandlar, kjem frå plan- og bygningsetaten.
– Byutviklingsbyråden er ein svært viktig politikar for byen. Eg er veldig spent på kven som blir ny byutviklingsbyråd, seier han.
Til Wanviks glede, blei det fredag ettermiddag kjent at Høgre vil danna byråd med Frp og Sp, og ikkje med Bergenslisten. Dermed vil heller ikkje Tystad bli byutviklingsbyråd.
Høgre-topp åtvarar Høgre
Tidlegare byrådsleiar Monica Mæland frå Høgre var sentral då striden om Bybanen langs Bryggen starta for over ti år sidan. Seinare har ho vore både nærings-, kommunal- og justisminister.
No er Mæland leiar i Bergen Næringsråd, og ho åtvarar Bergen Høgre mot å danna eit byråd som tar omkamp om bybanetraséen.
– Eg er einig med Mæland. Omkamp vil vera uheldig, både for innbyggjarane og næringslivet.
– Kva kan nye utgreiingar av tunnelalternativ visa?
– Eg slit litt med å sjå kva me då skal greia ut, seier Wanvik.
– Meiner du de har gjort alt som kan gjerast?
– Me har greidd ut ein optimal bybane- og sykkeltrasé og løysing for gåande. Bryggen-alternativet, som me har laga reguleringsplan for og som bystyret har vedtatt, er det mest optimale både for trafikkavvikling, byutvikling og Bergens framtid.
Bybanen har i dag linjer sør- og vestover frå sentrum. På rådhuset (bak) og blant innbyggarane har linja nordover til Åsane vore stridstema i ti år.
Foto: Simon Skjelvik Brandseth / NRKSurt, men politikarane avgjer
Sjølv om byplanleggarane tykkjer det blir surt med ny omkamp, seier Wanvik fagfolka uansett skal gjera den jobben politikarane til ei kvar tid pålegg dei.
– Det er og må vera så enkelt.
Han viser til at deira viktigaste oppgåve er å levera eit fagleg grunnlag for avgjerdene politikarane tar.
– Det har me også gjort i bybanesaka i mange år, heilt tilbake til 2011. Det har vore ei oppvising i skikkeleg planarbeid. Men viss politikarane meiner noko anna, kan dei bestilla og få eit anna grunnlag som veg omsyna annleis.
– Så fagfolka krummar ryggen og går på med nye utgreiingar?
– Alltid. Det er vår jobb.
– Etter tolv års arbeid med bybanetrasé kunne ein kanskje sett føre seg at fagfolka seier «Det held no. No har me gjort nok»?
– Vel, planprosessar kjem og går..., seier Wanvik.
17.000 på Brann Stadion har meiningar om lagets prestasjonar. Men alle 280.000 bergensarar har meiningar om byplanlegginga, ifølge plan- og bygningsdirektøren.
Foto: Brann Bataljonen BergenByen med 280.000 «byplanleggarar»
I Bergen blir det ofte sagt at byens verste jobb er å vera Brann-trenar, med 17.000 misnøgde supportarar på Stadion etter kvart tap.
Kanskje er byplanlegging ein verre jobb?
Men Wanvik trur både han og trenar Eirik Horneland er einige om at dei har dei beste jobbane i byen.
– Det er kjempekrevjande og til tider ganske så tungt, men hjelpe meg, så spennande. Eg pleier å seia at Bergen har 280.000 byplanleggarar (det vil seia alle innbyggjarane) og at alle har rett!
– Men plan- og bygningsetaten har eigentleg rett?
– Det er riktig, seier direktøren, men han legg til:
– Slik det ser ut i dag, kan me enda opp med å måtta gjera ei ny vurdering av bybanetraséen til Åsane.