Fredag samla Framstegspartiet, Senterpartiet, Industri- og næringspartiet (INP), Bergenslisten og Pensjonistpartiet seg på SAS-hotellet på Bryggen i Bergen.
Dei går no under namnet Bryggenvennene, får NRK bekrefta. Temaet for møtet var korleis dei kan få hindra at Bybanen skal gå over Bryggen.
– Vi håpar Høgre kanskje vil snu seg mot fleire parti og utvide horisonten sin, seier Marte Monstad, Frp.
Til felles har partia at dei anten er heilt i mot Bybanen mot Åsane eller at dei er i mot den vedtatte traseen som går over Bryggen.
I mai i år fekk Arbeidarparti- og Venstrebyrådet fleirtal for å legge Bybanen over Bryggen.
Reidar Digranes i Senterpartiet meiner Høgre har ein openberr veg til eit styringsdyktig parlamentarisk grunnlag:
– Det er at dei legg bybanespørsmålet på forhandlingsbordet.
– Vi må vel kunne kalle oss Bryggenvennene, seier Trond Tystad frå Bergenslisten. Marte Monstad i Frp synest det er eit vittig namn.
Foto: Tony Roald Ågotnes / NRKHøgre ser til KrF og Venstre
I går inviterte Høgre Venstre, KrF, Sp og Frp inn til sonderingar om moglegheita for eit byrådssamarbeid.
Der blei det klart at Høgre startar forhandlingar med Kristeleg Folkeparti og Venstre for å prøve å danne byråd med mindretal.
Frp og Sp var med i samtalane på dagtid, men trakk seg då det blei klart at Høgre ikkje vil reforhandle om Bybanen.
Joes Ystebø (KrF), Per-Arne Larsen (V) og Christine Meyer (H) i forhandlingar fredag. No har dei tatt helg og held fram på måndag.
Foto: Silje Rognsvåg / NRKByrådsleiarkandidat Christine Meyer sa til pressa i går at Høgre er «heilt kompromisslause» på at det ikkje blir omkamp om Bybanen.
– Det er jo ein interessant uttalelse frå ein forhandlingskonstellasjon som ikkje har 34 stemmer bak seg i bystyret, så eg forstår ikkje korleis dei kan vere så bastante i det, seier Marte Monstad i Frp.
Venstres Per Arne Larsen sa til NRK tidlegare i dag at dei gjekk ut av noverande Ap-byråd og inn i forhandlingar med Høgre og KrF for å hindre at dei blei fleirtal mot bybane over Bryggen i bystyret.
– Vi frykta at det fleirtalet kunne oppstått med valresultatet som kom, dersom dei riktige partia var med på det. Derfor måtte vi agere og sørge for at det ikkje finst eit slikt fleirtal. No har vi sørga for at det finst eit breitt og godt fleirtal for bybanen til Åsane i bystyret, seier Larsen.
Sjølv om Høgre gjennom valkampen hadde garantert at det ikkje skulle bli omkamp om Bybanen, opna Christine Meyer opp om at det likevel kunne bli det - på sjølve valnatta. No har ho lukka den døra heilt.
I over ti år har Bybanen til Åsane vore kime til kaos i bergenspolitikken.
Foto: Simon Skjelvik Brandseth / NRKMå få mistillit mot seg eller tre av
For at dagens Arbeiderparti-byråd skal gå av, må byrådsleiar Rune Bakervik anten tre til side sjølv, eller få mistillit mot seg.
Neste bystyremøte er 27. september. Då møtast det gamle bystyret, og det er mogleg å fremje mistillitsforslag. Det blir i så fall vedtatt i neste møte som er 18. oktober.