Hopp til innhold

Rune Bakervik (Ap) startar eigne byrådssamtalar i Bergen

Arbeidarpartiet tar opp kampen om framleis byrådsmakt, sjølv om dei er åleine i byrådet og Høgre vann valet i Bergen.

Byrådsleder i Bergen, Rune Bakervik (Ap) i Storbystudio fra Bergen

SAMTALAR: Rune Bakervik (Ap) skal starta eigne byrådssamtalar i Bergen etter at partiet får fornya støtte.

Foto: Simon Skjelvik Brandseth / NRK

Fleire parti har måndag peika på Rune Bakervik (Ap) enn på Christine Meyer (H) som byrådsleiar i Bergen.

– Det eg no vil gjera, er å invitera til samtaler med dei partia som ønsker dette, for å finna ut om det er grunnlag for å starta forhandlingar om utviding av det sittande byrådet, skriv Bakervik i ei melding til NRK.

SV, Raudt, Sp og Bergenslisten meiner at Bakervik bør behalda byrådsmakta i Bergen. KrF, Venstre og Pensjonistpartiet meiner Meyer bør overta makta. Det har partia sagt i sine møte som fungerande ordførar Eira Garrido (SV) kalla inn til måndag.

Frp, MDG og INP har i sine møte ikkje vilja «peika på» verken Meyer eller Bakervik.

– Ingen av dei to er per dags dato etter vår meining styringsdyktige, skriv Ann Jorun Hillersøy i INP til NRK.

Ingen av sidene samde om eit fleirtal

Byrådsleiar Rune Bakervik har framleis makta i Bergen, men er ganske ribba for makt etter lokalvalet førre måndag.

På vel eitt år har byrådet i Bergen skrumpa inn frå fire til eitt parti. Arbeidarpartiet (Ap) sit no att åleine.

Først takka Kristeleg Folkeparti (KrF) for seg, så vart Miljøpartiet Dei Grøne (MDG) sparka ut. Og sist veke hoppa Venstre over til Høgre, som gjorde det godt i lokalvalet i byen.

Då vart også KrF med over til Høgre, og desse tre partia forhandlar no om å danna eit mindretalsbyråd i lag for å overta makta i Bergen.

Byrådsforhandlinger bergen

Frå venstre: Joel Ystebø i KrF, Per-Arne Hvidsten Larsen i Venstre og Christine Meyer i Høgre forhandlar no om å danna eit mindretalsbyråd i Bergen.

Foto: Silje Rognsvåg / NRK

Men sjølv om Ap står utan sine tre politiske vener, er Bakervik framleis byens øvste politiske leiar. Førebels har han ikkje gått av frivillig, og høgresida har ikkje samla seg om å kasta han.

For verken høgre- eller venstresida er samde om eit fleirtal i det nyvalde bystyret.

I Bergen bystyre må ein ha minst 34 stemmer for å ha fleirtal.

Dei som har peika på Meyer er Høgre, Pensjonistpartiet, Venstre og KrF, som til saman gir 24 plassar i det nye bystyret.

Ap får støtte frå Raudt, Sosialistisk Venstreparti (SV), Senterpartiet (Sp) og Bergenslisten, men dette gir berre 29 stemmer.

Verken MDG, med sine 4 stemmer, Frp, med 7 stemmer, eller INP med 3 stemmer har peika på nokon av kandidatane.

Difor er det framleis ikkje avklart kven som skal styre Bergen dei neste fire åra.

Høgre kallar inn til møte

Måndag kveld kalla Bergen Høgre inn til eit møte i hovudstyret.

Hovedstyret i Bergen Høyre i møte

Hovudstyret i Bergen Høgre er samla på Høgres Hus i Bergen måndag kveld.

Foto: John Inge Johansen / NRK

Det var BT som meldte dette først. Det var berre eitt tema på agendaen, nemleg orientering om den noverande politiske situasjonen.

I etterkant av møtet, ønsker Christine Meyer (H) ikkje å gå i detalj på kva dei har snakka om. Ho vil heller ikkje kommentere om bybanen vart eit tema på møtet.

– Vi jobbar vidare for å skape eit styringsdyktig byråd og held fram med dette arbeidet i morgon, seier ho.

NRK kjenner til kritikarar internt i Høgre som er misnøgde med at Meyer har stengt døra for partia som ønsker omkamp mot bybanen over Bryggen.

– Me kjenner jo Høgre godt, og eg har sjølvsagt forståing for at nokon ønsker at me gjekk ein annan veg. Men no har me gjort eit val, og valet kjennest riktig, svarar Meyer.

Høgres byrådsleiarkandidat meiner det er på tide at Ap gir frå seg makta i Bergen. Etter sitt møtet med fungerande ordførar Garrido seier ho at det var naturleg å peike på seg sjølv.

Christine Meyer etter hovedstyremøtet i Bergen Høyre.

Christine Meyer etter møtet i hovudstyret i Bergen Høgre.

Foto: John Inge Johansen / NRK

– Eg hadde håpa at Bakervik no kasta korta og overlèt makta til oss. Eg er sikker på at me skal komma til eit godt grunnlag for eit styringsdyktig byråd, men me kjem til å bruka tid, avsluttar ho.

Kritiserer ordførarens initiativ

Fungerande ordførar Eira Garrido (SV) kalla inn til samtalene måndag for å få ein oversikt over kven partia meiner bør vera byrådsleiar.

Fleire parti meiner det er uheldig og for tidleg av Garrido å be partia om avklaring om den parlamentariske situasjonen no medan det framleis går føre seg forhandlingar og samtalar, og Bakervik framleis er byrådsleiar.

Førstekandidat for Bergen Frp, Marte Monstad, avviste i føremiddag å ha ei formell samtale med Garrido om byrådsmakta. Partiet meiner det er for tidleg.

Marte Monstad i Bergen Frp

Marte Monstad og Frp er ikkje lenger i sonderingar med Høgre, etter at Christine Meyer (H) gjorde det tydeleg at det ikkje blir omkamp om bybane-saka.

Foto: Silje Rognsvåg / NRK

– Vi kan ikkje sjå at det er hennar oppgåve å peika på ein ny byrådsleiarkandidat all den tid Bakervik ikkje har meld sin avgang eller fått eit mistillitsforslag mot seg, skriv Monstad.

Både Høgre og Ap er ganske einige med Monstad i dette.

– Ingen har så langt eit parlamentarisk fleirtal. Då er det jo litt prematurt å ha ein diskusjonen der ein skal peika på kven ein vil ha som byrådsleiar, meiner Geir Steinar Dale (Ap).

– Me tykkjer dette kom litt brått på. I og med at Bakervik framleis sit som byrådsleiar, er det ikkje naudsynt å «rusha» det mykje, seier Meyer (H).

Slik svarer fungerande ordførar Garrido på kritikken:

– Dette kan jo opplevast litt «rusha» for nokon. For min del var ønsket å få mest mogleg oppklaring og klårleik i den parlamentariske situasjonen. Disse samtalene har gitt meg overblikk som ordførar, og det tenker eg har vore nyttig no når partia skal gå vidare inn i forhandlingar, seier ho.

Eira Garrido varaordfører

Fungerande ordførar Eira Garrido (SV) seier måndagens møter var viktige for å få oversikt.

Foto: Linnea Skare Oskarsen / NRK