Hopp til innhold

Livleg demonstrasjon for Bybanen: – Vi er fleirtalet. Bygg den banen!

Mange hundre bergensarar skapte rabalder til støtte for å bygge Bybanen langs Bryggen snarast råd. – Vi er fleirtalet som stemte mot omkamp.

Marianne Aanerud i "Bergens Mødre" under demonstrasjon for Bybanen langs Bryggen

BERGENS SVAR PÅ LUTHER: Inspirert av Martin Luthers protest i 1517 spikra Marianne Aaserud reguleringsplanen for Bybanen opp framfor døra til byens rådhus.

Foto: Tony Roald Ågotnes / NRK

Dei to vekene sidan lokalvalet 11. september har den ti år gamle bybanekrangelen i Bergen nok ein gong skapt politisk rabalder og sprengstoff.

Motstanden mot bybanetrasé framføre mellomalderbygningane på Bryggen kan avgjere om Høgre overtar byrådsmakta som Arbeidarpartiet har hatt i åtte år.

Sjølv om berre ein firedel av stemmene gjekk til parti som vil ha omkamp mot Bryggen-traséen.

Tysdag ettermiddag markerte vanlege bergensarar – viss slike finst? – kva tre firedelar av veljarane i Bergen ønsker.

Mot omkamp

Aksjonsgruppa «Bergens mødrer» arrangerte det dei kalla «Rabalder for Bybanen». Dei fekk med seg fleire hundre menneske på ei livleg og humørfylt markering i Bergen sentrum for å få bygd Bybanen til Åsane snarast råd.

– Vi er det store fleirtalet bergensarar som stemte for ei vidare utbygging av Bybanen, og mot omkamp!

Det seier Marianne Aanerud, som leia demonstrasjonen.

– Dette er fantastisk! Så mange og så god stemning. Vennleg og fredeleg. Men også høglydt og veldig tydeleg. Me vil ha Bybanen no, seier Aanerud.

Christine Meyer bybanen

Høgre sin byrådsleiarkandidat, Christine Meyer, garanterte i valkampen ja til Bybanen langs Bryggen, men har snudd etter valet.

Foto: NRK

Løftebrotet til Høgre

Både blant politikarar og innbyggarar har engasjementet for og mot vore svært sterkt.

Etter fleire omkampar og politiske kuvendingar, vedtok bystyret i mai omsider at bybanelinja til Åsane skal gå langs Bryggen. I partiprogrammet sitt ville Høgre eigentleg at Åsane-linja skulle gå i tunnel bak Bryggen, men partiet lova å belite seg.

I valkampen i haust garanterte Høgres toppkandidat Christine Meyer fleire gonger at det ikkje skulle bli fleire omkampar viss ho overtar byrådsmakta. Ho uttalte også at Bybanens framtid var viktigare enn byrådsmakt for Høgre.

Likevel forhandlar Meyer no nettopp med parti som krev omkamp mot Bryggen-alternativet. Høgre sitt løftebrot i bybane-saka var bakgrunnen for rabalder-demonstrasjonen.

– Belit dokker! Slutt med alle omkampane. Sett spaden i jorda og bygg banen. Så kan vi halde på med også annan god politikk i Bergen, oppmoda Aanerud.

Ifølge politiet deltok 300–400 menneske i demonstrasjonen.

.

Demonstrasjon for Bybanen langs Bryggen, initiativ frå "Bergens Mødre"

Ein blant mange humoristiske plakatar slo fast at også sure, gamle menn likar at ting går på skinner.

Foto: Tony Roald Ågotnes / NRK

Avlat og reguleringsplan

Aanerud hadde tatt med seg ei treramme der ho ville spikra opp reguleringsplanen for Bybanen til Åsane opp framfor Bergen rådhus.

Litt på same måte som då Martin Luther i år 1517 spikra opp sine teser på døra til slottskyrkja i Wittenberg. Utan samanlikning dessutan.

Dei bergenske mødrenes svar på Luther ville dessutan ikkje spikre i sjølve rådhusdøra.

– Det hadde tatt seg ut. Vi er jo ikkje vandalar heller, meiner Aanerud.

Gyda Oddekalv i Generasjonspartiet, demonstrasjon mot Bybanen langs Bryggen

Motdemonstrant Gyda Oddekalv i Generasjonspartiet krev folkerøysting om bybanetraséen langs Bryggen.

Foto: Sissel Rikheim / NRK

Motdemonstrantar

Då demonstrasjonstoget nærma seg rådhuset, møtte dei ei langt mindre gruppe motdemonstrantar.

– Det er bybanemotstandarane, eller dei tunnelfolka, då. Kommentarfelta! Dei er ikkje så mange, men dei seier dei er grasrota, seier Aanerud og ristar på hovudet.

På plassen framføre rådhuset møttest dei steile frontane.

I front for motdemonstrantane stor Gyda Oddekalv, partileiar for det nystifta Generasjonspartiet.

– Vi er her rett og slett fordi denne demonstrasjonen ikkje kan stå uimotsagt. Folket må faktisk få lov til å bestemme. Vi må ha folkeavstemming. Eg etterlyser objektive, dialogiske prosessar i politikken. Det er nok hestehandel no! meiner Oddekalv.

Ho vart likevel overdøyva av den andre fronten.

– Bygg den banen! ropte demonstrantane taktfast.

Like taktfast spikra Aanerud opp tesene... nei, reguleringsplanen... på treramma si utanfor hovudinngangen på rådhuset.

Til eit øyredøyvande rabalder frå jublande meddemonstrantar.

Om engasjementet påverkar dei politiske forhandlingane og kven som til slutt får byrådsmakta i Bergen, står att å sjå.

"Bergens Mødre" under demonstrasjon for Bybanen langs Bryggen

«Bergens mødrer» fekk fleire hundre bergensarar med seg på demonstrasjonen «rabalder for Bybanen».

Foto: Sissel Rikheim / NRK