Marginane er ørsmå i Bergen. 232.000 personar har stemmerett, og valresultatet viser at 3–4 stemmer er avgjerande for
- om det blir fleirtal for eit blått eller raudt byråd
- byens store stridssak: om Bybanen skal byggast framfor Bryggen eller ikkje.
Torsdag gjekk Venstre ut av byrådet. Arbeidarpartiet (Ap) sit dermed åleine att, og det er uvisst om byrådsleiar Rune Bakervik vil gå av frivillig.
Høgre forhandlar om å danna mindretalsbyråd saman med Venstre og Kristeleg Folkeparti (KrF), etter at Framstegspartiet (Frp) og Senterpartiet (Sp) takka nei.
No har bergenspolitikarane tatt helg. Dei legg bak seg ei veke utan sidestykke i byens politiske historie.
Ap-tap
Klokka 07.18, tysdag 12. september.
Det var blåtysdag etter valkvelden for byrådsleiaren i Bergen, Rune Bakervik frå Arbeidarpartiet.
Etter ein lang valkamp i motvind sat han i NRKs radiosending og fekk spørsmål om han innsåg nederlaget:
– No er jo alle stemmene talde, og me ser at her er ikkje noko styringsgrunnlag for mitt byråd, så eg kjem til å informera ordføraren i dag om at byrådet mitt går av. Bergensarane har talt.
Byrådsleiar Rune Bakervik og Arbeidarpartiet sit no åleine att i byrådet i Bergen, etter at Venstre gjekk ut torsdag og no forhandlar med Høgre og KrF om makta i byen.
Foto: Linnea skare Oskarsen / NRKHøgre snur: «Eit ope sinn»
På valnatta fire-fem timar tidlegare viste stemmetala at Høgre fekk fem fleire plassar i bystyret enn dei har hatt dei siste fire åra. Framstegspartiet (Frp) fekk fire fleire, medan dagens byrådsparti Ap og Venstre stod på staden kvil.
Minst like viktig: To heilt ferske «protestparti» gjorde eit brakval. Industri- og næringspartiet (INP) fekk inn tre bystyrerepresentantar og Bergenslisten fekk inn fire.
Høgres toppkandidat Christine Meyer såg at ho var avhengig av begge partia for å få til eit fleirtalssamarbeid og å kasta byrådsleiar Bakervik.
På valkvelden ville ho «ha eit ope sinn og lytta til» desse to partia.
Men viss ho søker støtte der, må ho bryta sitt kanskje viktigaste løfte i valkampen: Ja til å bygga Bybanen over Bryggen.
Partiet har lova å ikkje ta omkamp i byens store stridssak dei siste tolv åra, men både Frp, INP og Bergenslisten krev omkamp og krev Bybanen i tunnel bak Bryggen.
– Dei etablerte partia sit no og lurer på kva det var som trefte dei, jubla «opprørsgeneralen» bak Bergenslisten, Trond Tystad på valkvelden. «Eg belitar meg ikkje», slagordet på t-skjorta til venstre, er bergensk for ikkje å vedgå nederlag.
Foto: Leif Rune Løland / NRKMønsteret raknar
Men i dagane etter valet skjedde det mange og uvanlege ting.
Tysdag kveld gav finteljinga av personstemmer og slengarar og dei siste 2000 førehandsrøystene ei omveltande overrasking:
Venstre kapra eitt mandat frå Bergenslisten, medan MDG kapra eitt frå Høgre.
Det endra balansen mellom høgre- og venstresida.
Då kunne Høgre håpa på eit fleirtalssamarbeid med sentrumspartia, utan dei to ferske protestpartia.
Samtidig fekk Ap no fått tilbake ein teoretisk sjanse til å få fleirtal saman med alt frå Raudt til KrF og Senterpartiet (Sp).
Kanskje Bakervik ikkje ville gå av som byrådsleiar, likevel?
Christine Meyer (H) smilte på valkvelden, men har no den vanskelege oppgåva å finna ein måte å overta byrådsmakta i Bergen.
Foto: Simon Skjelvik Brandseth / NRKEin opprørsk Høgremann
For Martin Smith-Sivertsen hadde kome inn frå sidelinja.
Dette er mannen som vart byrådsleiar for Høgre i 2014, etter eit internt kupp i Høgre som handla om nettopp Bybanen langs Bryggen. Året etter gjekk han av, også det på grunn av nettopp Bybanen langs Bryggen.
Og i årets valkamp skapte han høgrebølger på mange vis:
Sjølv om han gjekk til val for partiet, vart han i sommar ein slags femtekolonnist som åtvara veljarane mot å stemma Høgre i Bergen.
For Smith-Sivertsen er svært opprørt over at Høgre «belitet seg» og droppet tunnelalternativet.
Paradoksalt nok auka han likevel sjansane til venstresida og bybanetilhengarane.
For han fekk 629 slengarar – inkludert 377 frå Bergensliste-veljarar – og han rykkja opp til sikker plass i bystyret.
Men dette førte til at Bergenslisten mista éin av sine fire nyerverva plassar i bystyret.
Veljarane deira hadde samla sett «slengt vekk» for mykje av stemmene sine, og éin bystyreplass gjekk derfor over til tunnelmotstandaren Venstre.
Det er ganske unikt at slengarar har endra mandatfordelinga mellom parti. Og til og med balansen mellom høgre- og venstresida.
– Dette er ein sensasjon og eit nytt kapittel i utrulege val i Bergen. Det vil inngå i lærebøker om val, sa Johan Giertsen hjå meiningsmålingsnettstaden Poll of polls til BT.
Politisk redaktør i avisa kalla det «historisk».
Men noko liknande har skjedd i Noreg før.
Ved lokalvalet i Ski i 2011 mangla Frp berre to ordinære stemmer på å ta eit mandat frå Ap. Men Frp fekk flest slengarar og dermed ein ekstra kommunestyrerepresentant. Dermed vippa heile valet i favør av høgresida, med 21 mot 20 representantar.
Flytte-tabben
Onsdag klokka 10 godkjente valstyret i Bergen valresultatet. Då var det «berre» for dei politiske partia å finna ut kven dei vil samarbeida med, og kven som får byrådsmakt dei neste fire åra.
Men nei.
Klokka 12.45 same dag publiserte Bergens Tidende ei «bombe» som nok ein gong snudde om på fleirtalsmoglegheitene:
Martin Smith-Sivertsen fekk ikkje plass i bystyret likevel.
Han er diskvalifisert. Årsaka er at han melde midlertidig flytting til Bærum i juli, før han og kona skal flytta til London.
Planen hans var å vera bergenspolitikar og kjempa mot Bybanen langs Bryggen frå sin nye heim i England.
Men lova er klinkande klar: Lokalpolitikarar må på valdagen vera folkeregistrerte i kommunen der dei stiller til val.
– Ein tabbe, vedgår Smith-Sivertsen.
Han hadde verken informert Høgre eller valstyret om flyttinga.
– Eg vart klar over dette lovkravet i går, seier han slukøyra til NRK torsdag.
Ifølge valansvarleg Ida Rambech er politikarar og kommunetilsette i Bergen vane med mykje og tar det meste på strak arm.
Foto: Øyvor BakkeNytt trøbbel for Høgre
Tabben hans velta om på det politiske biletet i byen på nytt. Nokre valekspertar tok til orde for omteljing.
Men etter 24 timar vedtok valstyret i Bergen valet for andre gang.
Bergenslisten fekk tilbake dei 377 ekstra personstemmene dei gav han. Slik fekk Bergenslisten sitt fjerde mandat i retur frå Venstre.
Ting vart igjen vanskelegare for Høgre.
No klarer Høgre ikkje lenger å samla eit fleirtal mot Ap-byrådet utan minst eitt protestparti. Medan Ap framleis har eit teoretisk håp om eit breitt fleirtalssamarbeid.
Resten er ei uavslutta historie. Men no har bergenspolitikarane tatt helg. Seier dei.
NRK rettar: I ein tidlegare versjon av denne saka stod det at det er første gong i Noreg at slengarar har endra mandatfordelinga mellom partia og mellom høgre- og venstresida. Dette vart korrigert 17. september klokka 12.30.