Hopp til innhold

Bybane-striden i Bergen: Byråds­leiaren (Ap) er villig til å gå av – men Høgre avviser samarbeid

Arbeidarpartiet opnar for å gi frå seg byrådsmakta i Bergen og drøfte ein avtale med Høgre for å redde vidare utbygging av Bybanen. Men Høgre seier Ap er for seint ute.

Grafitti av Dr.AW, om politisk krangel om Bybanen i Bergen. Tittel: "Trassé"

«KRANGLAR OM RANGLA»: Det ferske gatekunstverket «Trassé» av Dr. AW tolkar den politiske krangelen om bybanetraséen og byrådsmakta i Bergen.

Foto: Agnieszka Iwanska

Arbeidarpartiet sin byrådsleiar i Bergen, Rune Bakervik, opnar no opp for å trekke seg, og å innleie samtalar med Høgre og byrådsleiarkandidaten til partiet, Christine Meyer.

Ap grunngir dette med eit forsøk på å berge at Bybanen til Åsane blir bygt.

Det store politiske stridsspørsmålet i Bergen er om denne bybanetraséen skal byggast langs framsida av Bryggen, eller i tunnel under områda bak Bryggen.

– Dersom min eventuelle avgang kan redde Bybanen, er eg i dag – som eg var førre veke – villig til å diskutere det med Meyer.

Det skriv Bakervik på SMS.

Han hevdar han har formidla dette til henne fleire gonger, men at ho har ikkje vore interessert. Det var BT som først melde om saka.

Bakervik: – Meyer er uberekneleg

Måndag kveld er det representantskapsmøte i Bergen Arbeidarparti. I staden for den planlagde evalueringa av valet og valkampen, har mykje av møtet handla om den politiske situasjonen etter valet.

Bakervik kommenterte i talen sin at det kan vere han no trekker seg som byrådsleiar.

– Dersom det no er noko eg og Arbeidarpartiet kan gjere for Bybanen, så er vi klare til å snakke om det. Og endar dette med at vi går i opposisjon, skal vi sjølvsagt bruke tida til å bygge oss opp att som parti, og vi skal vere klare til å ta makta ved første høve igjen.

Sjølv om Bakervik inviterer Høgre til samtalar, går han hardt ut mot motkandidaten sin:

– Er det éin ting dagane sidan valet har lært meg, så er det at Meyer er uberekneleg og manglar kontroll.

Rune Bakervik på Bergen Ap sitt representantskapsmøte etter kommunevalet 2023

Byrådsleiar Rune Bakervik seier måndag kveld at det kan vere han trekker seg og Arbeidarpartiet går i opposisjon i Bergen, for å bidra til at Bybanen til Åsane blir bygd.

Foto: Tony Roald Ågotnes / NRK

Omkamp eller ikkje

Bakgrunnen er at Høgre aksepterte nederlaget då bystyret i mai vedtok å bygga Bybanen langs Bryggen. Meyer har i valkampen ei rekke gonger garanterte at det ikkje ville bli omkamp om bybanetraséen dersom Høgre får byrådsmakt. Ho uttalte også at det er viktigare å bygge Åsane-banen enn å overta byrådsmakta i Bergen.

Likevel gjekk Høgre etter valet i sonderingar med Framstegspartiet (Frp), Senterpartiet (Sp), Bergenslisten, og Industri- og næringspartiet (INP), som alle ønsker eller krev omkamp mot Bryggen-alternativet.

No forhandlar Høgre, Frp og Sp om å danna eit mindretalsbyråd i lag.

Meyer på si side rettar skyts tilbake mot Bakervik:

– Eg er litt overraska over karakteristikkane hans og lurer på om invitasjonen då faktisk er oppriktig meint.

– La meg fjerne all tvil: Det eg seier er alvorleg meint, seier Bakervik til NRK.

Meyer hevdar at ho fleire gonger har sagt til Bakervik at ho gjerne samarbeider på tvers av Høgre og Ap, og håpar dei kan få det til i neste bystyreperiode.

– Den invitasjonen står framleis ved lag, men no er vi altså i sonderingar med andre parti enn Ap, seier ho.

Høgre gjekk til omkamp-partia

Fram til torsdag forhandla Høgre med Venstre og Kristeleg Folkeparti om å danne byråd i lag. Desse tre partia ønsker ikkje omkamp om bybanetraséen, men har ikkje fleirtal i det nye bystyret etter lokalvalet.

Torsdag ettermiddag prøvde ho å få Bakervik til å gå av før klokka 16 same dag, for å bidra til «å redde Bybanen til Åsane». Det avviste Bakervik, fordi han var midt i sonderingar med andre parti om eit mogeleg byrådssamarbeid.

Dermed braut Meyer med Venstre og KrF og vende seg heller til parti som er mot Bybanen langs Bryggen, eller mot Bybanen i det heile tatt.

Meyer har lagt ansvaret på Bakervik for at ho no har vend seg til omkamp-partia for å få fleirtal for å overta byrådsmakta.

Christine Meyer, H, bybane PK

Høgre sin byrådsleiarkandidat Christine Meyer har vend seg til «omkamp-partia» for å sikre fleirtal for å overta byrådsmakta, og seier invitasjonen frå Ap kjem for seint.

Foto: Linnea Skare Oskarsen / NRK

Høgre avviser Bakerviks respons

Måndag har Bakervik svart med å ta i mot invitasjonen som Meyer gav før helga.

Men no tar ho ikkje akkurat i mot han med opne armar.

– Eg er veldig glad for at Arbeidarpartiet no har snudd og innser at det er behov for breie forlik og ein konstruktiv samtale på tvers av blokkene i neste bystyreperiode. Men no sit vi i sonderingar med andre parti, som ein direkte konsekvens av at Bakervik sa nei til Høgres handutrekning førre veke, skriv ho i ein SMS.

Meyer skriv vidare at Høgres mål er å sørge for eit skifte og eit borgarleg byråd.

– Høgre er for å bygge bybane til Åsane. Dersom Ap-regjeringa faktisk meiner at Bybanen skal realiserast, så er det ingenting i vegen for at dei kan løyve pengar – også dersom tunnelalternativet blir greidd ut.

Meyer: – For seint no

Måndag ettermiddag seier Meyer til NRK at Bakervik er for seint ute med å svara på invitasjonen får Høgre.

– Han hadde to veker på seg å gjere noko med dette, medan vi sat etter valet og jobba med å få ei løysing der traséen over Bryggen kunne vore trygga. Vi sat og venta, og vi rekte ut ei hand, som han valde å avslå. Då hadde Høgre til slutt ikkje noko anna val enn å søke å få til eit styringsdyktig fleirtal på andre sida.

Bakervik er uforståande til at Høgre hadde dårleg tid.

– Eg veit ikkje kva tidspress ho opererer under. Meyer har ikkje anna tidspress enn det ho har lagt på seg sjølv, seier han til NRK.

– Avviser du Bakervik og Ap når det gjeld bybanetraséen, Meyer?

– Eg håpar jo at vi i den kommande bystyreperioden kan få eit samarbeid på tvers om mange store, viktige saker: eldreomsorg, skule, å få fart på bustadutbygging. Men akkurat når det gjeld den konkrete saka om bybanen, sonderer vi med andre.

– Er det berre aktuelt for Høgre å gå til Ap viss desse sonderingane ikkje fører fram?

– Eg har tru på at dette skal kunne føre fram. Samtalane lovar veldig godt, seier Meyer.

Bakervik gir ikkje opp forsøket på å få samtalar med Høgre om ein bybane-avtale.

– Ein omkamp om Bybanen er det siste Bergen treng no. Derfor vil Ap sjå om det er noko vi saman kan gjere, alle vi partia som eigentleg har gått til val på å bygge Bybanen i den traséen som no er vedtatt.