Hopp til innhold

Det store sentraliseringsåret 2015

2015 blir året der det mykje i fylket skal sentraliserast. Regjeringa ivrar for å samle det meste av offentlege institusjonar i større einingar.

Regjeringen Solberg

IVRIGE: Høgre og Framstegspartiet inntok regjeringskontora i 2013. 2015 blir året då fleire av sentraliseringsplanane deira skal settast ut i livet.

Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB scanpix

Den blå regjeringa har sett seg som mål å slå saman fleire av dei store institusjonane i landet. Nokre av sentraliseringansplanane er allereie parkert, men fleire av dei kjem til å bli sett ut i livet i år. Fylkesmann Anne Karin Hamre har skulda politikarane i fylket for å vere tafatte i kampen mot sentralisering.

Høgskulen

Høgskulen i Sogn og Fjordane
Foto: Steinar Lote/NRK

Kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen (H) vil at høgskulane og universiteta skal bli meir effektive og betre på forsking. For å nå dette målet meiner han dei må slå seg saman. Høgskulen i Sogn og Fjordane har så langt sett seg på bakbeina, og jobbar for framleis sjølvstende. Rett før jul vart dei kalla inn på møte i departementet. Der var konklusjonen at kunnskapsministeren skulle ta seg ei tenkjepause til over nyttår, før han går vidare med planane.

Politidistriktet

Politiskilt
Foto: Grøtt, Vegard / NTB scanpix

Den store politireforma har latt vente på seg. Forslaget om å kutte tal politidistrikt frå dagens 26, ned til kanskje berre 6 vart fremma i 2013. Arbeidet starta under den raudgrøne regjeringa. Sogn og Fjordane politidistrikt kan bli slått saman med Hordaland, og/eller Møre og Romsdal. Heile 2014 gjekk med på å vente på konklusjonen frå regjeringa og justisminister Anders Anundsen (Frp). Statssekretær Hans J. Røsjorde (Frp) lovde at det skulle kome før jul. Lovnaden er broten, men det tyder på at avgjerda er rett rundt hjørnet.

Alarmsentralen

Alarmsentralen i Sogn og Fjordane
Foto: Vidar Gudvangen (MMS-foto) / NRK

Kampen for å halde Alarmsentralen i Florø engasjerte eit samla fylke. Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap har leia prosessen som har blitt kraftig kritisert. Det endte med at det heile vart utsett. No skal ein sjå den i samanheng med politireforma. Så snart den er klar, kan det fort kome endringar også for Alarmsentralen. Den kan ende opp med å bli flytta til Bergen, eller Ålesund.

Brannvesenet

Brannvesenet i Førde
Foto: Silje Guddal / NRK

Det er også planar om å samle brannvesenet i større einingar. Ein studie føreslår å kutte 295 einingar til 18 eller 19. Det har også møtt motstand. Foreløpig er også denne sentraliseringa lagt på is, fram til både politireforma og organiseringa av Alarmsentralen er avklart.

Skatteinnkrevjaren

Skattekontor
Foto: Espen Sandmo, NRK

I juni 2014 føreslo finansminister Siv Jensen (Frp) å flytte oppgåve med skatteinnkrevjing frå kommunane til staten. Dette meiner ho vil spare samfunnet for fleire hundre millionar kroner. I fylket er det sju kontor som står i fare: Flora, Solund, Høyanger, Lærdal/Årdal, Vågsøy, Eid/Gloppen og Stryn. Krf og Venstre har gått saman om å stemme ned forslaget. Viss dei held ord, vil dette bli stoppa til våren.

Domstolane

Fjordane tingrett 11
Foto: Arne Stubhaug / NRK

Domstolsadministrasjonen har sendt ut bod om at alle tingrettane skal vurdere samanslåing. Det fekk sorenskrivar Terje Mowatt i Fjordane tingrett til å lufte tanken om å innlemme Sogn tingrett. No er det mykje som tyder på at ei slik samanslåing blir lagt på is.

Kommunane

«Nye» Sogn og Fjordane
Foto: Grafikk

Kommunalminister Jan Tore Sanner (H) sitt største prosjekt for tida er den store kommunereforma. Han ønskjer at flest mogleg av landets over 400 kommunar skal slå seg saman. Så langt ser det ikkje ut til at nokon av fylkets 26 kommunar er klare til å fatte vedtak om dette i inneverande år. Men det vil kome for fullt i åra som kjem.