Hopp til innhold

Sorenskrivar: – Det bør vere berre ein tingrett i Sogn og Fjordane

– Sogn tingrett bør leggast ned, meiner leiar Terje Mowatt for Fjordane tingrett.

Sogn tingrett

ØNSKJER Å LEGGJE NED: Leiar Terje Mowatt for Fjordane tingrett seier at Sogn tingett bør leggjast ned.

Foto: Arve Uglum / NRK

Terje Mowatt, sorenskrivar i Fjordane tingrett.

VIL SLÅ SAMAN: Leiar Terje Mowatt for Fjordane tingrett trur det er på tide med berre ein tingrett for Sogn og Fjordane.

Foto: NRK

Domstoladministrasjonen har bede rettsleiarane kring om i landet om synspunkt på struktur i framtida. Mowatt seier han går for éin tingrett i fylket.

– Etter mi meining ligg det til rette for at det bør vere éin tingrett i Sogn og Fjordane, seier Terje Mowatt.

Meiner storleiken blir ideell

Ein tingrett med ansvar for heile fylket med unnatak av Gulen og delar av Solund, vil ha eit nedslagsfelt på om lag 105 000 innbyggarar.

Mowatt meiner det er ein ideell storleik og meiner det er på tide å ta debatten om framtida til tingretten i Sogn.

– Det er i dag ein tingrett med sorenskrivar, dommarfullmektig og tre sakshandsamarar. Det er nettopp dei domstolane ein tok sikte på å slå saman med andre allereie i 2001. Det var også bakgrunnen for at vi fekk dei samanslåingane i 2005 i Nordfjord og ytre Sogn.

Han meiner det ikkje er mykje logikk i å halde oppe Sogn tingrett, når dei andre blei slått saman,

– Det spørsmålet er overmodent og ut frå faglege krav, er eg ikkje i tvil om at det er rett å ha ein domstol i fylket.

Mange saker blir førte på Nordfjordeid

Mowatt meiner erfaringa med ein felles tingrett for Sunnfjord og Nordfjord har vore positive, og seier Fjordane tingrett har klart å halde oppe publikumstenester på Nordfjordeid.

– Vi gjennomfører eit stort tal saker på Nordfjordeid. Gjennom strukturendringar har vi klart å samle kompetansen samstundes som vi tilbyr tenestene lokalt og desentralisert.

Meiner det må takast omsyn til publikum

Harald Hjermann

VIL KJEMPE FOR TINGRETTEN: Harald Hjermann som er leiar for Sogn tingrett, ønskjer å bevare domstolen i Sogn.

Foto: Arve Uglum / NRK

Men Harald Hjermann som er leiar for Sogn tingrett, er usamd med Terje Mowatt. Han ønskjer å bevare domstolen i Sogn.

– Det vesentlege må vere omsynet til publikum, dei som har eit ærend i domstolen. For desse gruppene blir det vanskelegare å få kontakt med domstolen. Vi har ingen problem med å rekruttere dyktige medarbeidarar til dei funksjonane vi har her.

Heller ikkje ordførar i Sogndal Jarle Aarvoll frå Arbeidarpartiet støttar tanken om å legge ned.

– Det har gått ein enorm inflasjon i sentralisering. Vi kan ta alarmsentral, politidistrikt, jordskifterett og no tingrettane som døme. Løpa blir køyrde kvar for seg. Ein må i mykje større utstrekning prøve å samordne litt, for det desse einingane skal gjere, er å tene publikum mest mogleg.

Samarbeider med jordskifteretten

Domstoladministrasjonen har bede om ei vurdering av strukturen frå alle rettsleiarar i Norge. Dermed kan også jordskifterettane i fylket vere truga. Terje Mowatt seier det er tingrettane som er han sitt hovudanliggande, og at det må bli opp til jordskifterettane å spele inn framtidig struktur.

Tingrettane vil tilpasse seg det som kjem, men meiner samstundes at Fjordane tingrett har vore tent med jordskifterettar som i dag.

– Ut frå tingretten sine behov er det gunstig den ordninga som er på Eid, med å samlokalisere med jordskifteretten. Vi har ein rettssal vi kan drive aktivitet i.

Trur stor tingrett sikrar kvaliteten

Mowatt seier han skjønar at utspel om sentralisering vekkjer reaksjonar, likevel meiner han at ein samla stor tingrett vil vere det som sikrar kvaliteten ved domstolane i framtida.

– Folk i fylket har krav på å bli dømt av dei beste som er. Vi er nøydde til å rekruttere gode dommarar og vi må ha ei fagmiljø som gjer at dei ønskjer å søkje seg til oss, seier han.