Hopp til innhold

Kalla barnevernsleiar for terrorist og overgripar – no er han dømd

Bloggaren Alf Kollsete (82) må betale 12.000 kroner i bot for å ha skrive hetsande innlegg mot politikar og tidlegare leiar i Sogn barnevern, Clara Øberg.

Forsvarar Ivar Eivind Hauge (t.v.) og klient hans Alf Kollsete.

FÅR BOT: Alf Kollsete saman med forsvarar Ivar Eivind Hauge i tingretten.

Foto: Ragnhild Myklemyr / NRK

I ei årrekke har 82-åringen frå Sogn kome med ei rekke negative omtalar av personar på bloggen sin.

Ei av dei som har fått gjennomgå er altså Clara Øberg, som har blitt kalla både terrorist, overgripar og eit menneske utan skruplar.

– Det har vore ti spesielle år, for han har drive svært intensivt. Eg er glad for at eg får medhald i retten på at verken eg eller andre skal verte utsett for slikt, seier Øberg.

Clara Øberg

VANN FRAM: Clara Øberg vart utsett for netthets.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

Meld to gonger

Øberg politimelde Kollsete for hets første gong i 2014, men kapasitetsproblem gjorde då at påtalemakta la vekk saka.

– I 2014 var nok ikkje tida inne for ei slik politimelding. No har ein fått meir erfaring og slår ned på dette, seier Øberg.

Fleire saker har dei siste åra utløyst debattar om ytringsfridom og kva folk må finne seg i. I september varsla Stormberg-eigar Steinar Olsen søksmål mot Tommy Sharif for ærekrenkingar.

– Eg håpar at denne dommen kan vere med på sette litt grenser for korleis ein kan opptre på nettet, seier Øberg.

Nekta straffskulda.

Då saka var oppe for retten, nekta Kollsete straffskuld for det han var tiltalt for. Han varsla og at han kom til å anke ein eventuell fellande dom.

NRK har prøvd å få kontakt med han for kommentar til dommen utan å lukkast. Forsvararen hans Ivar Eivind Hauge har dette å seie til dommen:

– Vi må no gå gjennom dommen før vi bestemmer oss for kva vi skal gjere.

Nøgd med dommen

– Eg er nøgd med at retten har sagt at alle blogginnlegga i tiltalen er straffbar, seier aktor Ingeborg Drægebø.

– Kva trur du denne dommen kan få å seie for tilsette i barnevernet som kanskje vert hetsa på nettet?

– Det bidreg kanskje til at folk kanskje tør å melde saker til politiet og at fleire ser kor tolegrensa går, seier Drægebø.

Lågare tolegrense

– Ingen skal tole det eg har vore utsett for, seier Øberg.

Ho er i dag klar på at ho kjem til å ha lågare terskel for det ho kjem til å melde til politiet i framtida.

– For meg viser bota som Kollsete har fått at samfunnet no seier at dette ikkje er greitt.