Det betyr likevel ikkje at det er kroken på døra for omorganiseringa som Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB) gjerne vil få gjennomført.
LEIAR: Magne Igland er fylkesleiar for Norsk Brannbefalsforbund i Sogn og Fjordane.
Foto: Flora brannvernJustisdepartementet ynskjer å sjå omorganiseringa i samanheng med endringar som kan skje på politifronten.
- LES OGSÅ: – Legg omorganiseringa på is
– Eg tykkjer det er veldig positivt at dei ser på alt som går på beredskap. At dei ser samla på både brannkorps og politi, seier Magne Igland, leiar for Norsk Brannbefalsforbund i Sogn og Fjordane.
Har lukkast i Florø
DSB tilrår langt færre brannkorps enn i dag og vil slå saman fleire av alarmsentralane i landet.
Igland, som sjølv risikerer å sjå eigen alarmsentral i Florø bli slått saman og flytta til Bergen, tykkjer det er merkeleg at ein ikkje tidlegare har ville sett sentralane i samanheng.
- LES OGSÅ: Meiner omorganisering er fornuftig
LEIAR: Kjetil Drange er leiar for Politiets Fellesforbund i Sogn og Fjordane.
Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK– Spesielt når ein ser på 110- og 112-sentralane, så er det klart at dette er ting som høyrer veldig nøye saman. Samlokalisering av sentralane er noko vi har fått til her i Sogn og Fjordane, seier han og meiner det er gjort for dårlege undersøkingar i saka.
– God idé, men ...
I dag er det berre gjort separate studiar av kvar naudetat. Målet til departementet er at politidistrikt og brannkorps skal dekkje dei same områda og ha ein felles alarmsentral.
HASTAR: Anne Rygh Pedersen meiner det hastar med å få gjennomført omleggingane i brannberedskapen.
Foto: DSB / PresseDette tykkjer Kjetil Drange, leiar for Politiets Fellesforbund i Sogn og Fjordane, er ein god idé om ikkje begge sentralane blir sentraliserte.
– No ser dei beredskapen i eit større perspektiv, men å flytte alt ut av politidistriktet har eg vanskar med å sjå vil bli så revolusjonerande mykje betre, seier Drange.
– Det hastar
Anne Rygh Pedersen, avdelingsingeniør i DSB, held fast på at det hastar med å få organisere brannvesenet og alarmsentralane i større einingar.'
– Vi håper det ikkje blir ei lang utsetjing. Det er ein grunn til at vi har hatt det travelt med å få det gjennomført, seier ho og likevel støttar justisdepartementet i at omorganiseringane bør sjåast i samanheng.
– Det er ei avgjerd vi både støttar og forstår.