Hopp til innhold

Ein sorenskrivar vil ha samanslåing - den andre ikkje

Det blir neppe noko samanslåing av tingrettane i fylket med det fyrste, trass i at Fjordane tingrett ivrar for å slå seg saman med Sogn.

Sorenskrivar Terje Mowatt

– RETT MED STØRRE EINING: Sorenskrivar Terje Mowatt vil ha samanslåing av Sogn tingrett og Fjordane tingrett.

Foto: NRK

Årsaka er at sogningane strittar imot. Men sorenskrivar Terje Mowatt i Fjordane tingrett meiner samanslåing må til.

– Krava til kompetanse, kvalitet, mange ting tilseier at vi bør vere større einingar. Vi meiner i domstolen at det er rett å få ei større eining.

Men motstanden i Sogn gjer at det heile truleg blir lagt på is. Både Justisdepartementet og Domstoladministrasjonen vil ha færre tingrettar, men førebels berre hjå dei som er viljuge til det.

– Med dei øvrige domstolane trur eg det vil ligge litt på is, for Justisdepartementet seier dei ikkje har ressursar til å gjennomføre den store strukturendringa i første instans.

– Kan forme omlegginga sjølv

Mowatt hadde håpa på meir velvilje frå Sogn. Ved ei friviljug samanslåing meiner han dei kan forme omlegginga sjølve, slik dei gjorde med Nordfjord i si tid. Der er det framleis ein rettssal som blir styrt frå Førde.

– Akkurat den same argumentasjonen kan vi bruke i Sogn, så eg håpar og trur at vi skal få det til . Men då må vi ha ein positiv medverknad, elles har vi ikkje kontroll på det.

– Nei, av omsyn til publikum

Harald Hjermann

USAMD MED KOLLEGAEN: Sorenskrivar Harald Hjermann i Sogn ivrar ikkje for samanslåing.

Foto: Arve Uglum / NRK

Sorenskrivar Harald Hjermann i Sogn er langt frå så entusiastisk som kollega Mowatt i Førde.

– Det skal mykje til at det skjer ei endring i denne perioden. Det er først og fremst av omsyn til publikum, for vi er eit fylke med lange reiseavstandar.

– Men din kollega Terje Mowatt tek til orde for å slå saman med argumentasjon om å få til ei desentralisert løysing slik ein til dels har på Nordfjordeid?

– Det er klart at det reduserer problema. Men vi opplever at mange oppsøker domstolen personleg for å få råd og hjelp i til dømes arvesaker. Det er ei form for service som er viktig og som blir mykje vanskelegare med ei samanslåing, seier Hjermann.