Hopp til innhold

Trua BT-journalist: « ... eg kjem til å oppsøkje deg, din forbannade kødd»

Den tidlegare Ap-politikaren i 50-åra har igjen møtt i retten for å true ein journalist i Bergens Tidende. Kvar fjerde journalist opplever å få truslar for jobben dei gjer, syner tal frå Norsk Journalistlag.

Tiltale mot sunnfjording.

NEKTA: Sunnfjordingen fekk først ei bot som han nekta å betale.

«Eg reknar ikkje med at du svarer meg. Så eg kjem til å oppsøkje deg, din forbannade kødd»

Det var ordlyden i meldinga som blei sendt til den røynde journalisten i Bergens Tidende (BT) 14. mars i år.

Sunnfjordingen nekta straffskuld då rettssaka mot han starta denne veka, og meinte at e-postane han hadde sendt til BT-journalisten ikkje kunne tolkast som trugsmål.

Nekta å godta bot

Saka hamna i retten fordi mannen nekta å godta den opphavlege bota på 15.000 som Vest politidistrikt skreiv ut.

Han er tiltala etter paragraf 266 i Straffelova «for ved skremmande eller plagsam framferd eller annan omsynslaus åtferd å ha forfølgt ein person eller på annan måte krenkt ein annens fred.»

Mannen ville ikkje la seg intervjue av NRK i retten.

Melder alle trugsmål

– Vi skal tole høg temperatur, men trugsmål er å gå for langt, seier Øyulf Hjertnes, sjefredaktør i Bergens Tidens.

Han meiner e-posten frå sunnfjordmannen kan lesast som ein indirekte trussel.

Dette i lys av at mannen i 2015 er dømd for drapstrugsmål mot ein annan journalist i Bergens Tidende, og for at han har trua med å sprenge avishuset.

– Det høyrer ingen stad heime at journalistar skal verte trua for jobben dei gjer. Difor melder vi alle slike saker til politiet og er glade for at dei har følgt opp dette, seier Hjertenes.

Øyulf Hjertenes

NULLTOLERANSE: Øyulf Hjertenes er sjefredaktør i Bergens Tidende.

Foto: Vegar Valde / Bergens Tidende

På hemmeleg adresse

– Vi er kjende med at det er journalistar i Noreg som lever på hemmeleg adresse. Heldigvis er det ikkje mange, seier leiar i Norsk Journalistlag Hege Iren Frantzen.

Tal som Norsk Journalistlag har henta inn syner at kvar fjerde journalist har opplevd å få trugsmål på grunn av jobben dei gjer.

Journalistlaget tilrår sine medlemmer til å melde alle trugsmåla dei tek imot til politiet.

Meir aktiv linje

Fleire saker har dei siste åra utløyst debattar om ytringsfridom og kva folk må finne seg i. I september varsla Stormberg-eigar Steinar Olsen søksmål mot Tommy Sharif for ærekrenkingar.

1. november vart bloggaren Alf Kollsete (82) dømd til å betale 12.000 kroner i bot for å ha skrive hetsande innlegg mot politikar og tidlegare leiar i Sogn barnevern, Clara Øberg.

Politiadvokat Ingeborg Drægebø varsla i den samanheng ei ny linje der påtalemakta vil gå gjennom truslar og netthets meir aktivt.

Ingeborg Drægebø

TAR SAKA: Politifullmektig Ingeborg Drægebø er aktor i saka mot mannen frå Sunnfjord.

Foto: Per Kristian Grimeland / NRK

Smarttelefon gjer vegen kortare

– Det er noko som har auka i takt med at utviklinga av sosiale medium, seier rådgjevar i Norsk Journalistlag, Trond Idås.

– Mobilteknologien har gjort journalistane lettare tilgjengelege.

Idås seier trugsmåla mot journalistar i sin tur kan føre til at journalistar kvir seg for å gå inn konfliktfylte saker eller dekke spesielle stoffområde.

– Media si rolle i samfunnet er nettopp å setje søkelys på ting som kan vere ubehagelege. Når enkelte journalistar då vel å slutte å dekke desse stoffområda, så går det ut over samfunnet sin kunnskap om kva som skjer, seier han.

12. november fell dommen mot sunnfjordmannen.