Hopp til innhold

Vil kutte 295 brannvesen til 19

Ein ny brannstudie gjort for Justis- og beredskapsdepartementet anbefaler å gå frå 295 til 19 brannvesen i Norge. Målet er at brannvesenet skal bli meir effektivt og samarbeide betre ved å samle administrasjonen til ein plass i kvart fylke.

Brannstige

FRÅ 295 TIL 19: Brannstudien vil kutte i talet på brannvesen, frå dagens nær 300 til å ha eit felles brannvesen for kvart av dei 19 fylka.

Foto: Tone Merete Lillesvangstu / NRK

Brannfolk landet rundt bur seg no på endringar i organiseringa av brannvesen og Alarmsentralar. DSB har for lengst varsla at dei vil slå saman fleire av Alarmsentralane, og no blir det også anbefalt å kutte dramatisk i talet brannvesen.

Brannsjef Sigvald Kvinge i Gulen og Masfjorden er kritisk. Han fryktar kutta og trur dei vil kunne føre til eit dårlegare brannvesen.

– Ei organisering med store brannvesen slik som ligg føre i brannstudien, det har eg ingen trua på, seier Kvinge til NRK.no.

– Det er vår styrke

Brannsjef Sigvald Kvinge

SKEPTISK: Brannsjef Sigvald Kvinge har ikkje trua på kutta som brannstudien legg opp til.

Foto: Privat

Brannsjefen legg ikkje skjul på at han fryktar følgjene om den nye brannstudien blir følgd opp og anbefalingane sett ut i live. Der får Justis- og beredskapsdepartementet nemleg anbefaling om å kutte 295 brannvesen i Norge, slik at det blir 19 brannvesen – eitt i kvart fylke.

Det er berre leiinga og administrasjonen som vil bli samla, men Kvinge er likevel skeptisk.

– Brannstudien har fokus på å redusere talet brannvesenet, og meiner vi er for store. Eg meiner tvert om at det er det som er vår styrke, nemleg at vi er over alt, seier brannsjef Kvinge.

– Vi har kort responstid, vi er lokalkjende og har ofte eigarinteresser i situasjonane ved at brannane råkar kjentfolk og familie, noko som gjer at brannfolka yter sitt yttarste, seier han.

Fryktar distrikta blir gløymde

Ifølgje brannstudien vil samanslåing av brannvesenet gi betre samarbeid og beredskap mellom kommunane. Det vil også gje sterkare fagmiljø og ein får innsparingar som kan frigjere pengar til nytt utstyr og utdanning.

Men Kvinge er skeptisk og trur derimot avstanden mellom leiarane og «gutane på golvet» kan bli for stor, og at distrikta kan bli gløymde.

– Dess lenger vekk ein kjem frå leiinga, dess lettare er det å bli gløymt. Det vil krevje mykje om ein skal ha ei sentral leiing som skal styre ut i den yttarste ende. Eg er usikker på om det vil fungere betre enn dagens ordning, seier brannsjefen i Gulen og Masfjorden.

(Artikkelen held fram under)

Huset som i Lærdal er kjent som "Apotekhuset" stod i full fyr, biletet er frå klokka 03.22

BRANNVESEN: Tanken er at kvart fylke skal ha eit eige fylkesbrannvesen, og på at ein på den måten kan få fleire som kan jobbe med beredskap og brannførebygging på heiltid.

Foto: Jan Erikstad

– Skal ikkje leggje ned brannstasjonar

I dag er det kvar enkelt kommune som har ansvaret for sin eigen brannberedskap. Det vil dei også ha i framtida, bortsett frå at dei vil ha ei felles brannleiing i kvart fylke.

Avdelingsleiar Hans Kristian Madsen i Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap er leiar for brannstudien. Han understrekar at det aldri har vore snakk om å leggje ned brannstasjonar.

Hans Kristian Madsen

ROBUST: Hans Kristian Madsen i DSB understrekar at det ikkje er snakk om å kutte i talet brannstasjonar.

Foto: DSB

– Beredskapen må ligge der risikoen og innbyggjarane er. Det vil seie at den styrken vi har i dag med ca 620 brannstasjonar landet rundt, den vil bli halden oppe. Det handlar ikkje om å flytte brannstasjonar eller at brannfolka får lengre veg, seier Madsen til NRK.no.

Han viser til at målet med eit fylkesbrannvesen er at fleire skal ha ei fast stilling og berre jobbe med beredskap og førebygging av brann. I dag har mange små kommunar brannsjefar som berre jobbar deltid.

Skal betre samarbeidet på tvers av kommunane

Det skal også bli lettare å jobbe saman over kommunegrensene.

– Det handlar om å samle eit meir kunnskapsdrive brann- og redningsvesen i alle ledd, og sikre at kommunane får eit brannvesen som er i stand til å takle dei utfordringane som vil komme i framtida.

– Vi veit det vil kome komplekse hendingar, og det er ei rekkje område som vil krevje meir i åra som kjem enn det brannvesenet kan klare å handtere åleine i små einingar, seier Madsen.

– Startar i feil ende

Sp-leder Liv Signe Navarsete

FEIL ENDE: Brannstudien startar i feil ende, meiner Sp-leiar Liv Signe Navarsete.

Foto: Larsen, Håkon Mosvold / NTB scanpix

Liv Signe Navarsete, leiar for Senterpartiet, trur brannstudien startar i feil ende. I staden for å tenkje på sentralisering av leiinga, bør ein heller starte i kommunane og finne ut kva behov dei har, meiner ho.

– Ein skal ha betre utstyr enn i dag og ein skal ha betre opplæring av mannskap enn det er i dag. Det er der ein må starte.

– Ein må ikkje starte på toppen og sjå på dei administrative strukturane og korleis ein kan sentralisere dei, meiner Sp-leiaren.

Men Navarsete trur likevel det er eit poeng at kommunane må samarbeide meir ved store hendingar.

– Ein må sjå på korleis ein kan samordne seg betre, det er eg sjølvsagt positiv til. Det er ein del av endringane som bør skje, men vi må ikkje gjere endringar på ein måte som gjer at ein mister den krafta i å mobilisere lokalsamfunnet, seier Navarsete.

– Samarbeid mellom kommunar, ikkje heile fylke

Gulen og Masfjorden samarbeider allereie i dag, og har fått heiltidsstillingar og nytt utstyr. Brannsjef Sigvald Kvinge meiner det er kommunane som må jobbe saman, ikkje heile fylke.

– Vi må sjå på samarbeid, men ikkje nødvendigvis samanslåing. Eg er ikkje fjern frå tanken om å få heiltidsstillingar, men å gjere så mykje ut av det som det som ligg i brannstudien er eg skeptisk til. Det blir for stort, seier den erfarne brannsjefen.