Hopp til innhold

Ho bytta parti og var med å redde Kinn

Omstridde Kinn kommune skal bestå. Dette vedtok kommunestyret med 21 mot 18 røyster.

Marie Øverås Jensen (Ap)

JA TIL KINN: Marie Jensen forlét SV, melde seg inn i Ap og røysta for å behalde Kinn kommune.

Foto: Bård Sierm / NRK

«Du er svikaren», «vi blir trakka på», «dette er umoralsk», «vi må skiljast før vi blir bitre fiendar». Dette er berre nokre av karakteristikkane som kom fram under kommunestyremøtet i Kinn i dag.

Det heile kulminerte med 21 røysta for å behalde kommunen. 18 røysta mot.

– Eg er veldig glad og letta over at det vart fleirtal for å vidareføre Kinn, seier Marie Jensen (Ap).

For vel ei veke sidan melde ho seg ut av SV og inn i Ap, og signaliserte at ho ville behalde Kinn. Dermed var ho med å sikre det knappe fleirtalet for vidare eksistens av den omstridde kystkommunen.

Også ordførar Ola Teigen (Ap) var glad.

– No er eg letta og håper vedtaket ikkje blir overprøvd av andre, seier han.

Gruppeleiar i Kinn SV, Ingunn Frøyen, presiserer at representantane i gruppa var fristilte under voteringa onsdag.

Berre 44 røyster skilde ja og nei

Politikarane håpte på eit klart svar i den rådgjevande folkerøystina for ei veke sidan, men det stikk motsette skjedde.

Medan 49,14 ville behalde kommunen, ville 48,52 løyse opp den. Berre 44 røyster skilde partane.

I Vågsøy-delen røysta 59,2 prosent for å splitte opp kommunen (blanke stemmer unnateke), og valdeltakinga var høgare enn i Flora-delen.

Dette var bakteppet for kommunestyremøtet i dag.

– Eg treff på folk overalt som mildt sagt er rasande på Kinn, sa Randi Aare (Sp).

– Ikkje klamre dykk til ein feil, sjølv om det tok lang tid å gjere denne feilen. Skal kjøttvekta sjå bort frå det klare standpunktet i Vågsøy. Det grensar til det umoralske, Geir Oldeide (Raudt).

Geir Oldeide (Raudt) i Kinn kommunestyre.

KRITISK: Geir Oldeide (Raudt) meiner det grensar til å umoralske å køyre over det klare fleirtalet mot Kinn i Vågsøy.

Foto: Bård Siem / NRK

– Ekstremt respektlaust

– Det er ekstremt respektlaust av Oldeide å hevde at vi som vil behalde kommunen er umoralske, sa Frank Willy Djuvik (Frp).

Samtidig tok han sjølvkritikk på vegner av politikarane.

– I staden for å fokusere på det positive i kommunen, har vi stort sett krangla og kritisert kvarandre. Det må vi slutte med, sa han.

Frank Willy Djuvik (Frp) røysta ja for å oppretthalde Kinn.

POSITIV: Frank Willy Djuvik etterlyste ein betre debattkultur i Kinn. Vi må snakke finare til kvarandre. sa han.

Foto: Bård Siem / NRK

Senterpartiet håper Stortinget overprøver avgjerda i kommunestyret.

– Vi blir overkøyrde for all framtid. Det er betre å skiljast no enn å vente til ein blir bitre fiendar, sa Fredrik Egeberg (Sp).

Sp, Raudt og SV ville dele kommunen.

Høgre kløyvde seg. To ville behalde kommunen, fire ville dele. Ein av dei var Bengt Solheim-Olsen.

– Geografisk er vi Norges raraste kommune. Vi ber om råd og får eit klart nei frå Vågsøy. Då er det ekstremt merkeleg å oversjå det. Det er ikkje rette vegen å gå for å få ro, sa han.

MDG var kløyvd på midten. Ap, V, Frp og KrF ville behalde kommunen.

Bent Solheim Olsen

OPPGITT: Bent Solheim-Olsen (H) meiner Kinn burde vore oppløyst.

Foto: Bård Siem / NRK

Gjelsvik: – Vil lytte til kommunen

Kommunestyremøtet skal no sende over si innstilling til nytilsett Statsforvaltar i Vestland, Liv Signe Navarsete.

Den tidlegare sentrale Sp-politikaren har fleire gonger uttrykt sterk skepsis til Kinn. Ho vil ikkje forskottere kva embetet vil kome fram til.

– Det viktigaste er at dei har gjort eit vedtak, så får vi i embetet diskutere og gjere vår tilråding til departementet, seier ho og legg til at saka er vanskeleg.

– Vi har ei folkerøysting som ikkje gav eit særskilt tydeleg svar og eit kommunestyre som er delt. Likevel er det eit fleirtal og mindretal i vedtaket.

Kommunalminister Sigbjørn Gjelsvik (Sp) skal også vurdere saka.

Onsdag ettermiddag gjekk han langt i å signalisere at han ikkje kjem til å gripe inn i saka.

– No har ein hatt ei folkerøysting, og kommunen har landa på at ein vil behalde Kinn kommune. Det er klart at det er eit viktig utgangspunkt no.

Før han legg til:

– Eg trur det er viktig at vi lyttar til det kommunen sjølv ønsker. Det er dei som tok opp prosessen og som har funne ut kva dei ønsker for framtida.

Kongen i Statsråd kan ikkje åleine rokke ved avgjerda til kommunestyret, men regjeringa kan sende saka vidare til Stortinget.