Filtrer på parti
-
Arbeidarpartiet om Kultur
Meir pengar til kultur i heile landet og betre levekår for kunstnarar
Ap vil ha eit nytt kulturløft der staten skal gi meir pengar til kultur i heile landet. Kulturdelen av statsbudsjettet skal gradvis opp til 1 prosent.
Partiet vil gi full
til kultur og frivillig arbeid. Samtidig vil dei avvikle gåveforsterkingsordninga, fordi dei ikkje vil at offentleg støtte skal avhenge av private pengegåver.Momskompensasjon
Frivillige organisasjonar får tilbake pengar av staten når dei har betalt meirverdiavgift/moms ved kjøp av varer og tenester. Slik får frivilligheita meir pengar å rutte med.
Ap vil betre vilkåra for kunstnarar og gi meir pengar til norske filmar. Partiet vil sikre kinoar i distrikta, og sikre at fleire barn kan gå på kulturskole til ein rimeleg pris.
Les meir om AP -
Høgre om Kultur
Gi skattefrådrag til private som sponsar kultur
Høgre vil at store kulturinstitusjonar skal få støtte, men også sikre breidde i kulturlivet utanfor sentrale strøk.
Høgre vil at både det offentlege og private gjevarar skal betale for kunst og kultur. Dei vil vidareføre gåveforsterkingsordninga, som oppmuntrar private til å gi pengegåver til kunst og kultur. Partiet vil også gi skattefrådrag til dei som sponsar kultur.
Høgre vil styrke kulturskulane og at kulturaktørar skal tene meir pengar enn dei gjer i dag.
Les meir om H -
Framstegspartiet om Kultur
Legge ned Kulturrådet og tillate speleautomatar for vaksne
Frp vil gi mindre statsstøtte til kultur for vaksne, og heller la publikum betale. Barn og unge bør få mest av dei offentlege kulturmidla så flest mogleg kan delta. Viktige kulturinstitusjonar nasjonalt og regionalt skal framleis få støtte. Partiet vil gi støtte til å utbetre private kulturminne.
Frp vil tillate speleautomatar att for idrettslag og humanitære organisasjonar.
Partiet vil legge ned Kulturrådet og Norsk Filminstitutt.
Frp vil gi
for frivillige organisasjonar og for innkjøp av instrument til musikkorps.Momskompensasjon
Frivillige organisasjonar får tilbake pengar av staten når dei har betalt meirverdiavgift/moms ved kjøp av varer og tenester. Slik får frivilligheita meir pengar å rutte med.
Partiet vil også fjerne skattar og reguleringar for dei som har bil som hobby.
Les meir om FRP -
Senterpartiet om Kultur
Styrke bygdekinoar og regionale teater
Sp vil styrke kulturlivet ute i distrikta, som bygdekino og regionalt teater. Frivillige lag og organisasjonar skal få sleppe å betale
.Momskompensasjon
Frivillige organisasjonar får tilbake pengar av staten når dei har betalt meirverdiavgift/moms ved kjøp av varer og tenester. Slik får frivilligheita meir pengar å rutte med.
Partiet vil styrke og utvide kulturskolene, og gjere det billegare å gå der. Det skal bli enklare å få øvingslokale.
Sp vil styrke arbeidet med kulturminnevernet.
Les meir om SP -
Sosialistisk Venstreparti om Kultur
Gratis fritidstilbod til barn og unge i heile landet og tippemiddel til kunst og kultur
SV vil bruke minst 1 prosent av statsbudsjettet på kultur. Staten må gi meir pengar til lokalt kulturliv og til kunstnarar, utan å stille krav til at dei skal vere lønsame.
SV vil styrke kulturskulen og tilby gratis plassar på sikt. Barn og unge skal få rett til gratis fritidstilbod i alle kommunar. Partiet vil vidareutvikle fritidskortet.
SV vil at pengar frå
Les meir om SV skal gå til kunst og kultur i lokalsamfunnet.Norsk Tipping
Norsk Tipping har monopol på pengespel i Noreg. Heile overskotet går til samfunnsnyttige formål, og er den viktigaste kjelda til pengar for norsk idrett, særleg til bygging av idrettsanlegg.
-
Venstre om Kultur
NRK og TV 2 må bruke meir norsk musikk
Venstre vil gjere det tryggare å vere kunstnar og artist, og påskjøne private som gir pengar til kulturlivet. Partiet vil fortsette å støtte regionale kulturbygg, og la kulturskulane få større fridom.
Venstre vil dekke
til alle frivillige lag, og dei vil styrke gåveforsterkingsordninga.Momskompensasjon
Frivillige organisasjonar får tilbake pengar av staten når dei har betalt meirverdiavgift/moms ved kjøp av varer og tenester. Slik får frivilligheita meir pengar å rutte med.
Partiet krev at NRK og TV 2 brukar meir norsk musikk.
Les meir om V -
Kristeleg Folkeparti om Kultur
Innføre fritidskort på minst 2500 kroner til alle barn og unge
KrF vil gi statsstøtte og momskutt til frivillig arbeid, og innan 2025 skal organisasjonar få full kompensasjon når dei betalar moms for varer og tenester.
Kommunale bygg skal stå til disposisjon for barne- og ungdomsaktivitetar.
For å sikre at alle barn og unge får gå på minst éin fritidsaktivitet med andre, vil KrF innføre fritidskortet for dei mellom 6 og 18 år. Staten skal bidra med 2500 kroner per barn, og kommunar og private kan bidra på toppen.
Les meir om KRF -
Miljøpartiet Dei Grøne om Kultur
Meir kultur til bygda, men omreisande kunstnarar bør ta tog
MDG meiner at staten må støtte meir opp om kunst og kultur, utan å blande seg inn i det som blir laga.
Partiet vil styrke kulturskolen og stille offentlege lokale til disposisjon for øving og utstillingar for ulike aktørar.
MDG vil fjerne skatt på kulturopplevingar og sikre meir av det i lokalsamfunna. I tillegg vil dei løne kulturelle aktører som tar kollektivtransport på turné.
Statsstøtta skal bli jamnare fordelt utover i landet, og gå til alt frå kulturminnevern til gatekunst og kulturlokale.
Statsstøtta skal bli jamnare fordelt utover i landet, og gå til alt frå kulturminnevern til gatekunst og kulturlokale.
Les meir om MDG -
Raudt om Kultur
Unge skal få graffitiveggar og øvingslokale av staten
Raudt er mot kommersialisering av kunst og kultur og vil fjerne krav om at kulturinstitusjonar skal vere lønsame. Samtidig skal kultur bli meir tilgjengeleg for folk, og minst 1 prosent av statsbudsjettet skal brukast på kultur.
Kulturskolen skal byggast ut og bli gratis. Barn og unge skal få fri tilgang til kunst og kultur. Raudt vil innføre ein makspris på aktivitetstilbod.
Partiet vil lovfeste retten til fritidsklubbar. Det offentlege skal bidra med graffitivegger, øvingslokale og studio for ungdommar.
Les meir om R