Filtrer på parti
-
Arbeidarpartiet om Eldrebølga
Nei til kommersielle aktørar i eldreomsorga og auke minstepensjonen
Ap vil gjere det lettare for eldre å jobbe lenger. Partiet er mot at stadig fleire private aktørar skal tilby eldreomsorg. Ap vil sikre at par skal få bu i lag når den eine får sjukeheimsplass og den andre også er avhengig av hjelp. Partiet vil også lage møteplassar der eldre og unge kan møtast.
Ap vil vidareføre dagens pensjonssystem, men gi folk
frå første tente krone. Partiet vil aukePensjonspoeng
Utrekningsmåte for å rekne på storleiken til tilleggspensjonen, det ein har tent opp gjennom yrkeslivet.
og meiner at pensjonsoppgjeret skal opp i Stortinget.Minstepensjon
Den lågaste pensjonen ein kan få. Frå 2020 utgjer det 204.690 kroner for einslege og 367174 kroner for gifte eller sambuande.
Ap vil også gi nettkurs til eldre så dei heng med i den digitale utviklinga.
Les meir om AP -
Høgre om Eldrebølga
Gi eldre rett til å byte sjukehjem eller heimehjelp
Høgre vil få fleire over 62 år til å jobbe lenger, ved gi dei meir fleksible ordningar og sikre at eldre som jobbar ikkje mister rett til sosiale ytingar.
Partiet vil fjerne aldersgrensa på 72 år for arbeidstakarar.
Høgre vil gi eldre rett til å byte sjukeheim dersom dei ikkje er nøgde der dei er. Eldre par skal få bu i lag på sjukeheim.
Høgre vil få fleire til å spare til pensjon på eigen konto. Dei vil også gi folk rett til pensjon frå første opptente krone innan 2023. Næringslivet skal få mellombelse kompensasjonsordningar for dette.
Les meir om H -
Framstegspartiet om Eldrebølga
Staten skal betale for eldreomsorga
Frp vil at eldre sjølve skal få velje blant private og offentlege omsorgstenester. For å hindre kommunane i å kutte i eldreomsorga, skal staten overta rekninga.
Frp vil halde på høvet til å betale med kontantar. Partiet vil også avvikle spesielle krav og avgrensingar for at eldre kan ha førarkort.
Pensjonen ein har tent opp skal ikkje kunne kuttast i på grunn av inntekt, sivilstatus eller om ein bur i utlandet. Frp vil at folk framleis skal spare til ekstra pensjon privat.
Partiet vil gjere det meir lønsamt å jobbe lenger, og auke aldersgrensa i arbeidslivet frå 72 til 75 år.
Les meir om FRP -
Senterpartiet om Eldrebølga
Tilrettelegge for at eldre kan bu lenger heime
Sp vil at kommunen framleis skal ha ansvaret for eldreomsorga. Dei er mot fritt brukarval, men frivillige og ideelle aktørar skal få bidra.
Eldre skal få pengar til å tilrettelegge eigen bolig så dei kan bu heime lenger.
Pårørande med tunge omsorgsoppgåver skal få avlasting og hjelp av kommunen. Dei skal også kunne kombinere jobb og omsorg betre.
Sp støtter pensjonsreforma, men vil sikre pensjon frå første krone.
Sp meiner samarbeidet mellom sjukehus og kommunal helseteneste er for dårleg, og vil tilsette meir helsepersonell i heile stillingar.
Les meir om SP -
Sosialistisk Venstreparti om Eldrebølga
Forby profitt for private aktørar i eldreomsorga
SV vil utvikle pensjonssystemet slik at ein ikkje treng å spare på eigen pensjonskonto. Partiet vil auke
, spesielt for einslege. Du skal teneMinstepensjon
Den lågaste pensjonen ein kan få. Frå 2020 utgjer det 204.690 kroner for einslege og 367174 kroner for gifte eller sambuande.
frå første krone du tener.undefined
Trygd skal forhandles mellom staten og pensjonistorganisasjoner, og behandlast i Stortinget.
SV vil nekte private aktører å tene penger på å tilby eldreomsorg.
SV vil kartlegge voldsbruk mot eldre og gi gratis tannhelsesjekk til alle over 75 år.
Les meir om SV -
Venstre om Eldrebølga
Ja til private i eldreomsorga og meir til einslege minstepensjonistar
Venstre er positive til private aktørar i eldreomsorga, for å gi dei eldre større valgfridom.
Partiet vil halde på dagens pensjonssystem og sikre at folk kan stå lenger i jobb. Einslege
skal få meir.Minstepensjon
Den lågaste pensjonen ein kan få. Frå 2020 utgjer det 204.690 kroner for einslege og 367174 kroner for gifte eller sambuande.
Venstre ønsker at folk skal spare til pensjon privat, og vil gi rett til pensjon frå første krone. Partiet vil også ta bort særaldersgrenser for eldre i arbeidslivet.
Les meir om V -
Kristeleg Folkeparti om Eldrebølga
Innføre ei kontantstøtte til pårørande med omsorg for eldre
KrF vil løne eldre som tar seg av ein sjuk partnar, og vil innføre ti «pårørandedagar» i året for dei som jobbar.
Partiet vil kjempe mot einsemd blant eldre ved å gi dei fleire møteplassar, også på tvers av generasjonane. Partiet vil opprette ei tilskotsordning for tilbod som gir livsglede til eldre.
KrF vil i hovudsak halde på dagens pensjonssystem, men gi pensjon frå første tente krone. Partiet ønsker at 70-åringar skal få høve til å halde fram med å jobbe.
Eldre på sjukeheim bør få høve til å snakke med nokon om åndelege spørsmål, og KrF vil ha fleire ideelle aktørar i eldreomsorga.
Les meir om KRF -
Miljøpartiet Dei Grøne om Eldrebølga
Legge til rette for at generasjonane kan bu i lag
MDG ønsker ein meir fleksibel pensjonsalder slik at fleire kan jobbe lenger. Partiet vil legge til rette for buformer som kan skape auka trivsel, som barnefamiliar og eldre, eller studentar på sjukehjem.
Partiet vil tilpasse omsorgstilbodet meir til den enkelte, så dei kan bestemme over eigen kvardag. Dei som vil, skal få dø heime under god omsorg.
MDG vil gi fleire pårørande skattefri omsorgsstøtte og gi støtte til frivillige aktørar som bidreg med omsorg og aktivitetstilbod.
Les meir om MDG -
Raudt om Eldrebølga
Endre heile pensjonssystemet og sparke kommersielle aktørar ut av eldreomsorga
Raudt meiner at dagens pensjonssystem er ei fattigdomsfelle. Partiet vil sikre at alle får ein god pensjon, uavhengig av årskull.
Raudt vil auke
og gi alle nye pensjonistar uttelling for omsorgsarbeid tilbake til 1967. Alle skal ha høve til å gå av med tidleg pensjon når dei blir 62 år.Minstepensjon
Den lågaste pensjonen ein kan få. Frå 2020 utgjer det 204.690 kroner for einslege og 367174 kroner for gifte eller sambuande.
Raudt er mot kommersielle aktørar i eldreomsorga, og vil at det offentlege skal erstatte desse.
Les meir om R