Stikkorda som skildrar litt av verda i 2015

Ebola, flyktningar, atomavtale, Donald Trump, katastrofe i Mekka, Bataclan, Volkswagen. Dette er nokre av stikkorda som skildrar året me no legg bak oss.

Montasje - Utanriksåret 2016

Volkswagen-skandalen, terrorangrep mot Frankrike, ein milliardær som stiller til val i USA og ein million flyktningar på veg til Europa er berre nokre av sakene som har prega utanriksnyheitene i 2015.

Det er umogleg å summere opp eit heilt år ved hjelp av nokre få stikkord. NRK har likevel gjort eit forsøk på å samle nokre av dei viktigaste utanrikssakene i 2015.

Om du heller vil vere meir framsynt, kan du her lese om kva som er venta å skje i 2016.

Tre diplomatiske sigrar

Sundtoft

Tidlegare klimaminister Tine Sundtoft kunne juble saman med den norske delegasjonen då klimaavtalen i Paris var signert og vedteken.

Foto: Jo Randen / Klima- og miljødepartementet / NTB scanpix
  • KLIMAAVTALE I PARIS: Klimakrisa har fått vekse seg større dei siste tiåra, men likevel har verdssamfunnet ikkje klart å finne nokon løysning – før no. I desember klarte delegatar frå alle verdas land å bli einige om ein klimaavtale, og mange ekspertar vart overraska over kor ambisiøs avtalen var.

Tre flyktningkriser

Syria Libanon flyktninger

Over halvparten av folket i Syria er på flukt. Godt over ein million bur i flyktningleire i nabolandet Libanon, slik som denne guten.

Foto: HASSAN ABDALLAH / Reuters
  • MIDTAUSTEN: Området kor det finst desidert flest flyktningar er Midtausten. Fleire millionar menneske har flykta frå borgarkrigen i Syria, og i nabolandet Libanon er no kvar femte person ein flyktning. Mange flyktar også frå Afghanistan, og i Jemen er det ein pågåande krig som kan få fleire til å flykte i tida som kjem.
  • MIDDELHAVET: Alarmen gjekk før sommaren. Båtar med flyktningar kantra på veg over Middelhavet. Mange døde, og fleire var på veg. Gjennom eit lovlaust Libya kom mange flyktningar frå Afrika sør for Sahara, og frå eit borgarkrigsherja Syria kom endå fleire. Ved slutten av 2015 har over ein million flyktningar frå Midtausten og Afrika nådd Europa.
  • BENGALBUKTA: Også i Asia er båtflyktningar blitt eit omgrep i 2015, og over Bengalbukta har fleire tusen menneske forsøkt å flykte frå Myanmar og Bangladesh til Indonesia, Malaysia og Thailand. Mange av dei som flyktar tilhøyrar Rohingyafolket, ein minoritet som vert særskild diskriminert i Myanmar.

Tre val

  • HELLAS: I januar vann venstrepartiet Syriza valet i eit Hellas som var i store økonomiske problem. Syriza hadde på førehand lova å stille tydelege krav til landets kreditorar, og ikkje akseptere strenge reformkrav. Det skulle vise seg at Syriza ikkje klarte å få kreditorane særleg mykje på gli. Reformavtalen som partane til slutt vart einige om splitta Syriza og førte til nyval i Hellas. Der fekk Syriza støtte nok til å kunne takke ja til reformpakken frå EU, men på meiningsmålingane fell no støtta til Syriza.
Aung San Suu Kyi

Aung San Suu Kyi sitt parti vann ein stor siger i årets val i Myanmar.

Foto: SOE ZEYA TUN / Reuters
  • MYANMAR: Regjeringspartiet i Myanmar gjekk på eit stort nederlag då det var val i landet i november. Fredsprisvinnar og opposisjonspolitikar Aung San Suu Kyi sitt parti vann, og Suu Kyi vart sjølv velt inn i landets nasjonalforsamling. Ho kunne derimot ikkje stille til val som president, på grunn av ein særeigen lov som hindrar eit slikt utfall. Valet var eit stort skritt i retning av eit meir demokratisk Myanmar.
  • USA: Det har ikkje vore eit val i USA i 2015, men presidentvalkampen framfor valet i november 2016 har likevel vore det mest omtalte valet i 2015. Nominasjonsvalkampen er i full gang med Hillary Clinton og Donald Trump som dei fremste kandidatane for høvesvis demokratane og republikanarane.

Tre namn

  • ANGELA MERKEL: Tyskarane sin leiar har vist seg fram på mange arenaer i 2015. Ho tok først til orde for å ta mot langt fleire syriske flyktningar enn dei fleste andre europeiske land, men stramma seinare inn på velvilja. Ho har også hatt ei sentral rolle i EUs forhandlingar med Hellas, der Merkel har stilt strenge krav til grekarane. Den tyske forbundskanslaren har også vore sentral i arbeidet med å finne ei diplomatisk løysing på krisa i Ukraina.
Donald Trump med det amerikanske flagget

Donald Trump har leia på meiningsmålingane i USA lenge i kampen om å bli det republikanske partiets presidentkandidat.

Foto: BRIAN SNYDER / Reuters
  • DONALD TRUMP: Han var lenge mest kjent som milliardær, eigedomsmogul og programleiar for «Kandidaten», men no er det politikk som får Trump til å kapre overskrift etter overskrift. Det har etter kvart blitt ein god del kontroversielle utsegn frå den republikanske presidentkandidaten, men han ligg likevel øvst på dei fleste meiningsmålingar berre få veker før dei første delstatane skal gjennomføre sin nominasjonsval.
  • TUNISIA: Det var eit overraskande val då nobelpriskomiteen annonserte at den tunisiske kvartetten for dialog skulle få årets fredspris. Samstundes går landet gjennom ei trøblete tid, der framtida for demokratiet framleis er usikker, og kor det har vore fleire terroraksjonar det siste året. Både det anerkjente Bardou-museet og feriebyen Sousse har blitt angripe av islamistiske terroristar.

Tre terroraksjonar

  • BOKO HARAM: Den nigerianske terrorgruppa er den som tek flest liv, hevdar Global Terrorism Index. I januar vart rundt 2000 menneske drepne i byen Baga i Nord-Nigeria, men hendinga kom i bakgrunnen av terrorhendingar i Paris. Utover året har Boko Harams herjingar halde fram, og mange tusen menneske er drepne, valdtekne og skadde. Nigeria fekk i år ny president, som hadde som mål å nedkjempe terrorgruppa, og på julaftan hevda han at Boko Haram snart var nedkjempa.
Student og soldater

148 personar vart drepne i terrorangrepet mot ein høgskule i den kenyanske byen Garissa.

Foto: CARL DE SOUZA / AFP
  • GARISSA: 148 personar vart drepne då den somaliske terrorgruppa Al-Shabaab gjekk til angrep på ein høgskule i byen Garissa i Kenya. Kenya er eit mål for terrorgruppa fordi landet deltek i Den afrikanske union sin operasjon i Somalia, der målet er å stanse Al-Shabaab. Terrorgruppa står også bak fleire mindre angrep i Kenya i 2015, og dei gjennomførte også eit terrorangrep mot eit kjøpesenter i hovudstaden Nairobi i 2014.
  • PARIS: Det er angrepa i Paris som har fått mest merksemd i norsk media. I januar var det to franskmenn med band til terrorgruppa Al Qaida i Jemen som gjekk til angrep på redaksjonslokala til satiremagasinet Charlie Hebdo. Dagen etter angreip ein annan person ein jødisk supermarknad. Til saman mista 17 menneske liva. I november var det åtte terroristar med band til IS som angreip fleire stader i Paris, deriblant konsertlokalet Bataclan. I desse angrepa vart 130 personar drepne.

Tre katastrofar:

NEPAL-QUAKE

Mange bygningar vart øydelagde då Nepal vart råka av eit jordskjelv i april.

Foto: ROBERTO SCHMIDT / Afp
  • EBOLA: Ebolaviruset skapte frykt langt utanfor dei tre landa som vart hardast råka. Om du får viruset er det stor risiko for at du døyr, og 11.300 menneske mista livet av viruset i år. Men etter kvart klarte Sierra Leone, Liberia og Guinea å få kontroll over viruset som no snart er utrydda. Epidemien var det mest alvorlege utbrotet av ebolaviruset i verdshistoria, men fekk også fortgang i arbeidet med å lage ein vaksine mot viruset. No er verda betre førebudd om det skjer eit nytt utbrot seinare.
  • PILEGRIMSKATASTROFEN I MEKKA: Under muslimane si hajj-feiring i Mekka braut det ut panikk i dei enorme massane av pilegrimar. Så mange som 2400 menneske vart trampa i hel. Det viser ei oversikt frå nyheitsbyrået AP som baserer seg på innrapporterte tal frå offera sine heimland. Saudi-Arabia har derimot hevda at dødstalet var på 769 menneske.

Tre økonomiske kriser:

  • OLJEPRIS: Låge oljeprisar har ikkje berre skapt arbeidsløyse i Noreg, men trugar også økonomien i verda elles. Låge oljeprisar skaper låg økonomisk vekst, noko som igjen kan føre til mindre produksjon og færre arbeidsplassar. I usikre tider kan private hushaldningar knipe igjen lommeboka, noko som igjen påverkar resten av samfunnet. Men lågare oljepris vil også kunne stanse inflasjon.
  • PETROBRAS: Korrupsjonsskandalen i den brasilianske oljegiganten ruller og går. Skandalen har røter tilbake til 2004, men det er først dei siste åra at korrupsjonen har kome til overflata. Skandalen har ført til økonomisk krise i Brasil, og fleire hundre tusen demonstrantar har gitt president Dilma Rouseff deler av skulda for skandalen. Presidenten er ikkje direkte involvert, men det er mistanke om at pengar frå skandalen har finansiert hennar valkamp. Rousseff var også styreleiar i oljeselskapet frå 2003 til 2010.
Bilfabrikk som lager Volkswagen-biler i Wolfsburg, Tyskland

Volkswagen har, mildt sagt, hatt eit turbulent år der 11 millionar bilar er råka av ein utsleppsskandale. Det økonomiske tapet er enormt.

Foto: FABIAN BIMMER / Reuters
  • VOLKSWAGEN: Det tyske bilselskapet har stupt på børsane etter at det var kjent at selskapet hadde juksa med utsleppsdata på sine dieselbilar. Utsleppsdataen var mykje mindre enn det verkelege utsleppet. Rundt 11 millionar bilar er omfatta av skandalen, som vaks seg stor utover hausten. Det er uklart kor mykje Volkswagen har tapt på skandalen, men det kan fort bli snakk om eit titals milliardar euro.

Presidentvalget kort forklart

3. november 2020 velger USA sin neste president. President Donald Trump stiller til gjenvalg for Republikanerne. Joe Biden stiller som presidentkandidat for Demokratene. Rekordmange amerikanere stemmer via post i år, og vi vet ikke når resultatet blir klart. Trump sier han ikke stoler på poststemmene. Samtidig mener Demokratene at man skal bruke lenger tid enn vanlig på å telle opp nettopp disse. Mange frykter kaos i ukene etter valget. Hva skjer om Trump ikke aksepterer et nederlag?
Grupper som Proud boys og Antifa har fått mye oppmerksomhet den siste tiden. Den ekstremistiske hatgruppen Proud boys jublet da president Donald Trump sa «stand back and stand by» i den første presidentdebatten. Samtidig forbereder Boogaloo bois seg på borgerkrig, mens medlemmer av Antifa på venstresiden er villige til å bruke vold i kampen mot rasister og fascister. Kan valget utløse en krig mellom disse gruppene? Og er de farlige?
3. november 2020 velger amerikanerne sin neste president. Donald Trump stiller til gjenvalg for Republikanerne. Joe Biden stiller som presidentkandidat for Demokratene. Ved forrige presidentvalg vant Trump til tross for at Hillary Clinton fikk flest stemmer. Hvordan kan det skje? Her er to ting du må vite for å forstå USA-valget.

SISTE NYTT

Siste nytt