NRK Meny
Normal

Ebola mister grepet i Vest-Afrika

I dag opnar skulane att i Guinea, etter å ha vore stengde i fem månader. Og Mali har no blitt erklært ebola-fritt. Epidemien er i ferd med å miste grepet i Vest-Afrika.

Guinea West Africa Ebola

Desse jentene fekk målt feberen sin før dei starta skuledagen sin i dag. Biletet er frå Guineas hovudstad, Conakry.

Foto: Youssouf Bah / Ap

GUINEA-EBOLA-WAFRICA-SCHOOL

Denne guten måtte vaske hendlane sine før han fekk starte skuledagen.

Foto: CELLOU BINANI / Afp

Meir enn 8.400 menneske er døde etter å ha blitt smitta av ebolaviruset i Vest-Afrika. Sierra Leone, Liberia og Guinea har vore hardast råka. Og det er framleis mykje arbeid som står att før epidemien er utrydda.

Likevel byrjar det å kome fleire positive teikn frå dei råka landa.

I Mali var det sju personar som døde av viruset før jul, men sidan 6. desember har det ikkje vore nye teikn på smitte. No er landet erklært ebola-fritt av FN sitt responssenter for ebola.

– Eg erklærer at i dag, så er det slutt på Ebola-epidemien i Mali, sa helseminister Ousmane Kone på den statlege TV-kanalen ORTM søndag kveld.

Skuleklare barn i Guinea

Nabolanda kan ikkje feire ein slik siger, men mykje går den rette vegen.

I Guinea er elevane tilbake på skulen. Dei siste fem månadene har ingen barn i landet fått følge opp sitt utdanningsløp, på grunn av behovet for å avgrense smittefaren i landet.

Då borna kom til skulen i dag vart dei møtte med kanner med desinfiseringsmiddel, som skulle brukast til handvask.

(Saka held fram under biletet)

Guinea West Africa Ebola

Desse borna er tilbake på skulen. Men hjelpearbeidarar fryktar at andre blir verande heime eller i arbeid.

Foto: Youssouf Bah / Ap

– Barna kan bli haldne borte frå skulen

– Fattigdom har fått fotfeste på grunn av tiltaka som er gjennomført for å utrydde ebola. Karantenen har tatt strupetak på den økonomiske aktiviteten, seier Tom Dannatt, som er grunnleggjar av ein organisasjon som jobbar med gatebarn.

Han trur barna kan bli haldne borte frå skulen, på grunn av smittefare, og for at ikkje familiens økonomi skal gå til grunne.

– Familiar er nøydde til å ha dei i jobb, seier Dannatt til The Independent.

FBL-AFR-2015-CMR-EBOLA

Også under det pågåande Afrikameisterskapet er ebola eit tema, sjølv om viruset ikkje har vore i verken vertslandet Ekvatorial Guinea, eller Clinton Njie (som her får feberen sjekka) sitt heimland, Kamerun.

Foto: ISSOUF SANOGO / Afp

Nedgang i alle land

Guinea og Sierra Leone kunne førre veke feire at det ikkje har vore færre nye ebola-tilfelle i løpet av ei veke, sidan august i fjor.

Og i Liberia har ikkje talet vore lågare sidan juni i fjor. To dagar i førre veke kom det heller ingen nye tilfelle i landet.

Likevel held kampen mot viruset fram, og vegen fram mot den økonomien som landa hadde før ebolaepidemien slo til er uansett veldig lang.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt